Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Logg over endringar

Her er du no :: www » nn » vevkart » logg

veke.år.kva

14.08 Testing av lenkjer og lettare omleggjing med tanke på xHTML 5-standard..

Mars 2008 :: Utbetring og skjerping av vevstaden aage.no etter den store omlegginga for meir enn eit år sidan.

2007 :: Trimming av rolle.no

Desember :: Omleggjing av vevstadane. Aktuelt blir flytta over frå aage.no til rolle.no og utgjer ein permanent blogg; Likeleis dei fleste av livetsidene og alt om rock og pønk.

42.06 Søkjefunksjon endra; Løysinga til Google fjerna.

21.06 Små justeringar i delte metataggar.

Våren 2006:

  • Gjennomgang av kode på vevstaden
    • Lenkjer har no:
      • hreflang for lenkjer til sider på andre språk (og målføre)
      • accesskey gjer det lettare å surfe for brukarar av assisterande teknologi
      • _blank- und _new-måltaggar for eksterne lenkjer er tatt vekk (med mindre det er ei pdf-fil)
      • title-taggar som seier noko om kor dette ender hen
    • alt-taggar på alle bilete lettar òg surfinga
    • Koding av skandinaviske bokstavar i title- og alt-taggar
    • Struktur på H1-H6 er no koda slik som W3C vil ha dei

43.05 Arbeidd med å få til såkalla brødsmular – som gjer det enkelt å manøvrere seg oppover i hierarkiet av filer på vevstaden – øvst på sidene. _new måltaggane, som blei innført i veke 31, blir tatt vekk. Relativ intern adressering i php-filene gjer vonaleg eit betre bilete av trafikken til vevstaden.

31.05 Server-problem. Alle PHP-filene readressert i helga.

31.05 _blank måltaggar er erstatt med _new, noko som gjer færre nye vindauger om du bruker dei eksterne lenkjene.

30.05 Nesten alle gif-ar og jpg-filer har fått nye adresser slik at strukturen i mappene blir betre.

17.05 Det er mogeleg å bruke php i head òg!

01.05 Ny struktur i bloggen, igjen. Frå no av blir ein ny blogg ikkje omsatt mellom ulike målformer. Konsekvensen er fire ulike bloggar. Bokmål er hovudspråket på nettstedet.

49.04 php arbeidd inn i body, slik at vedlikehaldet blir enklare.

48.04. htm-sidene skiftes ut med PHP-sider

46.04. RSS lasta opp.

33.04. StyleSwitcher.js endeleg på plass. Den lar deg velje storleik på skrifta (og attgjeving av utforminga av sida) på skjermen: Sjå øvst til høgre på sida!

32.04. CSS-veke. Testing i ulike nettlesarar på ulike plattformer, seriøse divisorfeil (<div>) retta. Ny søkjemotor.

30.04. ".htaccess"-fil for betre kontroll med feiladressering på vevstaden.

26-27.04. Ny utforming på dei nynorske sidene.

14.04. Arbeidet med vevstaden har vore fokusert på kode og struktur dei siste to månadene.

  • To JavaSkript for å løyse Netscape 4-problem (ja, over 12% av besøkjarane mine nytter Netscape 4.5 eller eldre versjon. Andelen er dobla sidan hausten 2002. Det kan jo vere at dei gamle Mac-venene i Trondheim mine har oppdaga sidene. Trur likevel ikkje eg vil bruke meire energi på å tilpasse nettsidene for utdatert programvare. Eg vurderer det som viktigare å gjere sidene tilgjengelege for folk med synshemminger og folk som bruker nyare teknologi)
  • Eigen CSS for Mac-brukarar (men eg får dessverre ikke sjekka ut resultatet på Mac)
  • EØS-normering av postadressa
  • 518 sider

12.04. Betring av CSS og slanking av kode.

11.04. Ny struktur på aktueltseksjonen.

09.04. Favicon-problemet løyst. Betre nynorsk. [ til toppen ]-taggar på dei fleste sidene.

08.04. Redusert bruken av garpe-s. Betra nynorsken. Luka lenkjer.

07.04. SPAN LANG-taggar på alle framandord (til dømes engelske, franske og tyske ord som er brukt i norskspråklege tekstar Ei tilpassing til behova til synshemma brukarar).

06.04. Index-filer i alle relevante mapper. Justering av CSS-fila.

03.04. Trur kanskje eg omsider har klart å løyse problema med å vise sidene i Netscape. Midt i januar består vevstaden av 366 synlege sider og i alt 810 filer.

Hausten 2003. Gradvis reinsking av kode og luking av feil i hyperlenkjer. Fleire nye aktueltsider. Oversetting av vevstaden til engelsk. I november aukar trafikken til vevstaden ganske så dramatisk.

31.03. Litt lausare CSS gir venteleg penare vising i Netscape. Prøver vevstaden i Mozilla på ei Linux-plattform. Fått på plass favicon.ico-ar på ein del nettsider. Omsider funne eit skript som gjer at sidene mine ikkje kan rammast inn (framast) på andre sine vevstader. Betra cv-sidene. Rydda opp i spelelistene og gjort mykje av forarbeidet til ein betre versjon av dei best besøkte sidene på vevstaden.

28.03. Omfattande testing av lenkjer og sakte omsetjing av engelskspråklege sider i sommarvarmen. 273 sider og om lag 500 filer.

20.03. Våren er gått med til å betre strukturen, rette opp feil og plusse på eit par nye aktueltsider for å halde vevstaden oppdatert. Statistikk for besøk til vevstaden og meldingar via e-post viser jamn auke i trafikk og popularitet.

11.03. Betra struktur på aktueltdelen. 206 html-sider pluss støttefunksjonar som banner, gif-ar, robotstyring, pdf-er, CSS og javaskript.

[ til toppen ]

08.03. Komplettering av nettsidene på nynorsk og tysk.

03.03 skifta ut alle <i> med <em> taggar.

02.03. Trafikken på vevstaden er no så stor at eg reduserer aktiviteten til nettrobotane. Kanskje vil det gje eit betre bilete av kor mange menneske, og ikkje maskiner, som vitjar vevstaden.

52.02. Ny aktueltside og strammare CSS. 144 sider.

49.02. Gjennomgang av meta-taggar og href-ar etter opplasting av nynorske og tyskspråklege nettsider.

* Berre ein fin illustrasjon

33.02. Nye og klarare banner med hjelp frå A. H., tettare CSS og betre mappestruktur.

31.02. Livetdelen opna. Ut med div-taggane, bilete som bakgrunn på meir personlege sider. Etter å ha studert søka på vevstaden bestemmer eg meg for å omsetje sidene til nynorsk, tysk og enegelsk.

29.02. Skjerping av meta-taggar for robotar og søkjemotorar. Utprøving av eit JavaSkript som har løyst eit snart to år gammalt kodeproblem. Ankre i teksten for betre kryssreferansar.

26.02. Ny aktueltside og mindre justeringar. 51 sider.

21.02. Betre meta-taggar, utprøving av ulike skript.

[ til toppen ]

14.02. Ny aktueltside, småplukk, lenkjetest.

11.02. Søkjefunksjon og hjelpeside lagt inn.

09.02. CSS og kvar side validert etter HTML 4.01-spesifikasjonar.

08.02. Ny mappestruktur (directory), img-, meta-, title- og alt-taggar rydda. Logg.

07.02. Testar i Opera 6.0 og Netscape 4.08 på ei Windows-plattform.

06.02. Alfaversjon av vevstaden lasta opp, og testar honom i ein IE 5.0 på MacOS.

05.02. Tabellar og kompatibilitet med Netscape 6.2.

04.02. Prøver ut gif-ar og finn ein balanse mellom leiken og sakleg layout.

03.02. Val av storleikar og breidder, nye problemstillingar.

02.02. Lærer grunnleggjande HTML gjennom å prøve og feile.

01.02. Reinsar teksten for gammal kode, begynner å lage vevstaden frå botn av.

51.01. Nye banner bestilte hos P.C. H.

50.01. Evaluering: Generelt gir FrontPage-versjonen eit amatørmessig inntrykk og er bygd med Frames, som eg ikkje kan få meg til å like. Eg skjønner at eg må lære meg HTML. For å få best mogeleg kontroll over utsjånaden på sidene, vel eg hardkoding i staden for å bruke programvare til å generere sidene.

49.01. Betaversjon av sidene, domenenamnet www.aage.no blir tatt i bruk.

46.01. Arbeider med vevstaden saman med J.A. S. på Microsoft FrontPage.

44.01. Innhentar løyve til å bruke stamtre og å lenkje til andre sine nettsider.

07.01. Første versjon av vevstaden blir lasta opp på mellombels vevstad.

36.00. Startar arbeidet med vevstaden saman med H. H.

30.00. Planlegging av vevstaden.

Oversyn

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no