Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Hjelp [Alt+6] brukarstøtte

Her er du no :: www » nn » vevkart » hjelp [Alt+6] brukarstøtte

Først litt om navigering og korleis du kjem deg rundt omkring på vevstaden:

Under overskrifta øvst til venstre på kvar side, finn du "nn". Klikkar du der, kjem du til hovudsida på vevstaden (startsida på toppen av hierarkiet). Vel du vevkart får du eit oversyn over tilgjengelege sider på nynorsk.

Til høgre, under Navigasjon, finn du hovudmenyen med peikarar til nye sider. Han fungerer mykje godt likt menyar på andre vevstader.

Fiksfakseri

Du kan veksle mellom ulike språk og målføre:* Gå til hovudsida for heile vevstaden www, og ta deg fram, eller sjå etter andre målføre over reklamen nedst i høgre marg/kolonne.

Øvst til høgre, over 'Navigasjon,' kan du òg endre storleik på skrifta på skjermen eller velje ei anna utforming på sida. Vel du «Overtydeleg» får du ein heilt annan layout kor 'venstre' og 'høgre' er stokka om. Alt til 'venstre' kjem då først og alt til 'høgre' kjem til slutt. Denne utforminga er meint som hjelp til lett svaksynte menneske.

Ut frå prinsipp om inkludering er sidene lagt til rette for brukarar av assisterande teknologi, som til dømes leselist eller utstyr for talesyntese. Eg freistar òg å ta høgde for folk med annan teknologi som vel å bruke vevstaden frå heilt andre plattformer som enno er under utvikling. Ein lyt vere førebudd på kva som helst av teknologi!

Tilgjenge

Du finne ò ei eiga side om kortkommandoar og korleis ein kan bruke tastaturkommandoar for kjapt å flytte seg rundt på vevstaden.

Meir om tilgjengelegheit og kortkommandoar ... [Alt+0]

Lenkjer

Meir vanleg gjer venteleg lenkjene god og utfyllande informasjon. Ord med anna farge lenkjer til sider på andre vevstader. Understreka tekst lenkjer internt til andre sider på denne vevstaden (eller eit av dei andre domena eg rår over). Lenkjene blir i regelen opna i same vindauge (med unnatak av pdf-filer).

Her og der er det lenkjer i grafikk, bilete og tekst. Bilete og gif-ar har òg "alt-tekstar" i seg, og dei skal bli leselege når du peikar på dei, såkalla mouse over. Dei alternative tekstane skal gjere det lettare å navigere på sidene.

Teknisk kvalitet på vevstaden

Sidene er laga med fleksibel breidd slik at dei skal vere enkle å skrive ut både ståande og liggjande.

Sidene er skrivne med gyldig kode etter dagens standard, validerte og skal vere kompatible med dei vanlegaste nettlesarane. Eldre nettlesarar kan ha problem med somme effektar på vevstaden (spesielt Netscape på NT- og Mac-plattform, og IE og Opera i 5-utgåver). Eg er særs interessert i å få tilbakemelding på korleis vevstaden fungerer i ymse konfigurasjonar.** Send gjerne ein e-post til "banspam@aage.no" om du finn inkvart som ikkje fungerer godt nok. Kritikk mogeleggjer forbetringar!

Last ned programvare!

Det blir lettare å surfe når du har oppdatert programvare, som til dømes ein god nettlesar, eit program som kan lese pdf-filer, og eit populært mediaprogram for lyd og bilete.

Om du i tillegg har Flash, får du med deg det meste av aktuell design for nettet.

Fotnoter

* Frå barnsbein av har eg skrivi bokmål. Ber du over med at mesteparten av informasjonen er på bokmål, vil du finne mykje rart på denne vevstaden. Er du i tillegg skikkeleg forviten, finn du eit og anna gjemt omkring på sider på andre språk òg.

** 2003 :: Den første versjonen av vevstaden blei testa med hell i Netscape 6.2 og Internett Explorer 5.50 på Windows NT-plattform, eit IE med Windows 2000 i botn, og i Opera 6.0 og IE 4.72 i ein Windows 98-konfigurasjon. På Mac har eg prøvt ut vevstaden i IE 5.0 på MacOS h2-8.5.1, og i IE 4.5 Mac Edition med OS 9.0.4 på ein såkalla Power PC. Takk til alle for lån av maskinar!

Oversyn

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no