Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Erklæring om datatryggleik

Her er du no :: www » nn » vevkart » datatryggleik

Denne erklæringa om datatryggleik gjeld berre for mine tenarar/servere. Vevstader og -tenarar til tredjepart kan ha ein annan praksis.

Nettsidene inneheld lenkjer til vevstader som blir åtte og drifta av tredjepart. Eg er ikkje ansvarleg for tryggleik eller praksis for innsamling av informasjon om brukarar på desse vevstadene, og vil oppmode deg til å sjekke kva for ein datatryggleik tredjepart tilbyr sine brukarar.

Automatisk innsamling av data gjennom "cookies"

Nettsider blir lasta opp frå tenarar, og cookies er små tekstfiler som tenarar automatisk overfører til besøkarane sine harddiskar eller nettlesarar.

Gjennom cookies samlar tenarar opplysingar om IP-adressa til datamaskina som lastar ned ei side; URL-en eller adressa til sida som blir lasta ned; tidspunktet for nedlasting; type nettlesar som hentar inn sida; og idnummeret til eventuelt tidlegare plasserte cookies.

Informasjonen blir samla på ein slik måte at identiteten til brukaren som oftast ikkje kan slåast fast. I dei fleste nettlesarar er det mogeleg å slette cookies frå harddisken, å blokkere for mottak av cookies, eller å få ei åtvaring før ei cookie blir lagra. Gjer deg kjent med nettlesaren din til dømes ved å bruke "Hjelp" i menyen!

Korleis eg bruker innsamla informasjon

Det er viktig for meg å tilby deg trygg bruk av vevstaden.

Cookies kan brukast for å skreddarsy informasjon til kvar einskild brukar. Midt i 2004 tok eg i bruk cookies for å gjere det mogeleg å velje storleik på skrift og layout. Tenaren min skriv ei kjeks til maskina di. Neste gong du vitjar nettsidene mine, kjenner serveren att "kjeksa" di og gjer deg same skrift og layout som du hadde førre gong. Kjeksa vert automatisk sletta etter eit år. Elles bruker eg opplysningar samla inn frå tenarane mest til å sjå kva sider som er av interesse for folk.

Dersom du gjer meg informasjon, har du – etter varsel med rimeleg tidsfrist – rett til å sjå, endre, setje grenser for bruk av eller få slette slik informasjon. Eg gjer ikkje informasjon om deg vidare til tredjepart utan ditt løyve eller etter rettskraftig dom. Men eg tek atterhald om retten til å bruke e-postadressa di til å informere deg om prosjekt eller tenester som kan vere av interesse for deg.

Oversyn

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no