Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Kjelder « Hard Rock Kafé og Uffa

Her er du no :: www » nn » rock » noko som kan fungere som eit grunnlag for ein framtidig tekst

Noko som kan fungere som eit grunnlag for ein framtidig tekst

kulturfag i Bø hadde vi tekster om subkulturar og marginale grupper på pensum. I kultursosiologien fann eg to artiklar som kunne fungere som utgangspunkt for å beskrive tidleg pønk i Noreg. Erving Goffman skreiv om avvik frå normer, og Robert/Dick Hebdige trekte linjer frå surrealistiske strøymingar på starten av 1920-talet til pønk.

På seinsommaren 2002 fekk eg eit tips om at Per Solvang har beskrive fortida si som pønkar. I boka "Annerledes – utan variasjon, ingen sivilisasjon" tek han utgangspunkt i omgrepa bygdepønkar, klassereisande og hårlaus. Vidare set han omgrepa inn i diskusjonar om subkultur, sosial mobilitet og stigmatisering. Teksten er lettlesen og underhaldande. Fritt etter Aschehoug attergjer eg:

"Per Solvangs bok 'Annerledes' handlar om avvik og konformitet. Tils dels bruker forfattaren seg sjølv som døme, dels reflektere han over interessa si for ulike former for avvik [...] Det kan dreie seg om homofile, personar med dragning mot amputasjonar, arbeidarklasseungdom som har arbeidd seg opp på den sosiale rangstigen og som slit med identitetsproblem [...] Utan fnugg av formanande teoretisering stiller han grunnleggjande og tankevekkjande spørsmål om dysleksi og hyperaktivitet, mongoar på offensiven, kulturelle oppkomlingar, amputasjon som attrå og marginale menn."

I ettertid har eg òg oppdaga artiklane til Anne Lorentzen. Ho skriv om kjønn i pop og rock, og stikkord kan vere:

  • opprøret mot normalvarianten – arven frå pønken
  • singer-songwriteren
  • rock – ein maskulin praksis?
  • ekskluderingsmekanismar i rocken
  • pønkinspirert feminin forskjellsstrategi

Dette er lettleste vitskaplege tekstar om (tidlegare) marginale uttrykk i norsk rock. Både tekstane til Solvang og Lorentzen glør og vitnar om at dei har vore ute ein vinterdag før ...

Men eg har enno ikkje funne noko utfyllande om starten til pønken i Trondheim og Noreg; Rett nok har eg funne to korte nett-tekstar med ei nokolunde grei framstilling: Den eine nemner starten på pønken i Trondheim, mens den andre handlar om Uffa og Dum Dum Boys.

Lenkje tilbake til føreordet til denne sida.

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no