Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

føreord « HRK og Uffa

Her er du no :: www » nn » rock » føreord

Hard Rock Kafé og Uffa, Trondheim

Frå midten av søttitalet til ut på åttitalet blomstra ulike subkulturar i Trondheim. Vinteren 1976-77 kom pønken til byen, og fleire fekk kanskje ei kjensle av å vere frigjorde frå alle trykkjande reglar og kjende konvensjonar.

Vevsidene her skal handle om Hard Rock Kafé og Uffa, som begge var laust organiserte fora for alternativ musikk og slekta uttrykk. Førebels har eg lagt ut nokre stamtre og ei liste over konsertar i pønkemiljøa i Trondheim. Spelelistene er ikkje endelege, og forslag til tillegg og rettingar er særs velkomne!

Stamtrea viser korleis grupper forandra seg over tid, og gjer eit slags oversyn over kven som var med i kva for band. Stamtreet "den elektriske åndsrevolusjonen i Trondheim 1977-80" er laga av André Lister. Treet "Trondheim sitt rockemiljø 1977-87" har eit litt lengre tidsperspektiv og er laga av Wix. Stamtrea "Dum Dum & Kineserne" og "Israelvis" er laga av Willy B. Takk til alle tre for velvillig bruk av trea. Trea er verna åndsverk og berre til privat bruk!

For deg som ikkje har vore innom på ei stund kom det ei side om The Major Chord i oktober 2003 og tri om Pains og Reidar Radar's Kano våren 2004.

Lenkje til ein blogg om gammal norsk pønk!

Førmål   VU-meter

Motivet for å lage desse vevsidene er todelt.

1. Det er viktig å dokumentere alle sider av kulturhistoria.

2. Dokumentasjon av eigen kompetanse :: Som bakmann i mange samanhengar manglar eg attestar på kva eg har lært og kan jobbe med. Tre *** i ei liste tyder til dømes at eg hadde eit teknisk ansvar ved tilskipinga, og listene viser at eg kjørte lyd på om lag 90 konsertar ...

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no