Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

m·i·x :: Erfaring med tilskipingar, ei biografisk og kronologisk opplisting < liv [nn]

Her er du no :: www » nn » liv » m·i·x!

Det finst inkje samla oversyn over det eg har vore med på å skipa til. Men teksten på denne sida fungerer likevel som ein portal til andre nettsider, som til saman kan gje eit bilete av erfaringane mine.

Konsertar og annan smal scenekunst

Frå mars 1978 til 1981 heldt Hard Rock Kafé rundt 50 konsertar, der sju var større tilskipingar. Eg var musikar, tilskipar og ein synleg person i miljøet. Så snudde og byrja å jobbe i new age-miljøet rundt Manu-Mu. Her fekk eg for første gong erfaring med eit omfattande program over ei heil veke: Trondheimsfestivalen 1980.

Deretter blei eg engasjert i Uffa. I åra 1982 til 1989 skipa vi til noko over 100 konsertar, der 11 var større markeringar som varte heile kvelden.
Warning: include() [function.include]: http:// wrapper is disabled in the server configuration by allow_url_include=0 in /home/u/u8381945/www/rolle-www/imp/nn/exp/nnmixmain.php on line 5

Warning: include(http://www.rolle.no/imp/no/un/nofnote1.php) [function.include]: failed to open stream: no suitable wrapper could be found in /home/u/u8381945/www/rolle-www/imp/nn/exp/nnmixmain.php on line 5

Warning: include() [function.include]: Failed opening 'http://www.rolle.no/imp/no/un/nofnote1.php' for inclusion (include_path='./:/usr/local/lib/php') in /home/u/u8381945/www/rolle-www/imp/nn/exp/nnmixmain.php on line 5

Frå 1984 gjekk eg gradvis vekk frå å spele til berre å administrere, kjøre lyd og skipa til. I Trondheim var det fullt mogeleg å kombinere forskjellige sceniske uttrykk, og eg fekk høve til å jobbe med arkitektur­studentar, klesdesignarar og folk på den nye performance-scena som utvikla seg ved kunstakademiet – ei salig blanding med ein del multimedia, installasjonar og studioarbeid.

Nokon dekkjande attest frå desse åra har eg ikkje, men nokre papir fekk eg likevel med meg. Det var gått ti år sia eg noko for tidleg slutta på gymnaset ...

Layout og PR

Etter år med gratisjobbing, tok eg til å reparere karakterane på vaksengymnas. Nye impulsar gjorde at eg trekte meg ut or Uffa, utan heilt å sleppe forankringa i lag og organisasjonar. Sidan 1978 hadde eg jobba med tekst og formgjeving: redigering av tekst og produksjon av løpesetlar, plakatar og fanziner.

I 1987 blei eg fascinert av dei moglegheitene som datamaskinar gav for å behandle tekst og gjere layout; og gjennom eit engasjement for Trondheim Filmklubb fekk eg god PR-erfaring. Hovudoppgåva var å vidareutvikle den høge standarden på semesterheftet, og vi produserte plakatar som blei lokale samleobjekt. Utanom dagleg drift avvikla vi òg 30-årsjubileet til klubben og skipa til nokre filmfestivalar.

Åra med frivillig arbeid i Trondheim nærma seg slutten, eg leste nokre fag på universitetet, trøytna på dét òg, og det var på tide å prøve noko heilt anna (og under ein annan himmel) ...

Allmennkultur, nye beitemarker ...

Studia på Dragvoll var interessante, men eg var enno ikkje moden for rein og abstrakt teori. Etter eit par år med vasking og grøftegraving i Longyearbyen, innhenta fortida meg og eg blei materialforvaltar for Kulturstyret på Svalbard. Tidlegare hadde eg stort sett jobba med smale kulturuttrykk, men på Svalbard fekk eg jobbe med allmennkultur.

Eg fekk prøvd meg som lydmann på alt frå karokeliknande underhaldning og mini-gospel i kyrkja til lyd på ein handball-landskamp (den første mellom Noreg og det nye Russland) og på aust-europeisk lydutstyr (med kyrilliske bokstavar) i Barentsburg. Eg var òg teknisk sjef for Solfestuka 97 med ansvar for 20-30 tilskipingar over fem dagar. Våren 1998 drog eg til fastlandet for å skaffe meg kulturteoretisk ballast:

Nede igjen tok eg eit år på kulturstudiet i Bø i Telemark, og opplevde det som ein fordel å ha ei brei referanseramme for det boklege. Da pengane tok slutt, drog eg nordover for å jobbe med ungdom. Ungdomsteamet i Ytre Namdal hadde eit interessant prosjekt på gang. Arbeidsoppgåvene var å drive førebyggjande informasjonsarbeid og drifte ein ungdomsklubb. Heile 85% av målgruppa kom på ei av våre større tilskipingar, og vi traff budsjettmålet for 1999 med eit avvik på knappe 1,5 promille.

Prosjekt varer ikkje evig, så hausten 2000 jobba eg for Teater Osiris, som er eit lite, men særs populært einmannsteater.

Deretter gjekk ferda til Grimstad. Ved kulturhuset fekk eg ansvar for å koordinere vedlikehaldet av teknisk utstyr og å førebu hus og utstyr før leigetakarane kom inn. Det kunne vere alt frå Riksteatret, Bjørn Eidsvåg, Ibsen-satsingar til lokale revyar og Great Garlic Girls. 2.300 filmframvisingar i året kravde sitt av gammalt utstyr, og vi gjorde huset klart til tre kortfilmfestivalar. På fritida leika eg litt med miksing av lyd igjen, men mesteparten av energien gjekk med til å halde huset i stand.

Deretter kom eit par steg til sides, før eg fekk eit veldig hyggjeleg vikariat som kultur- og museumsleiar i Røyrvik kommune. Her fekk eg endelig fungere som rein administrator, ei rolle eg trivdes overordentleg godt med òg blomstra i. Etterpå prøvde eg meg som kreativ leiar i Odda kommune, eit engasjement som vi greit nok avslutta da prøvetida var over. For tida er eg på leit etter krevjande oppgåver med seriøse folk.

Oversyn

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no