Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Onkel Kardunkel

Her er du no :: www » nn » blogg » 2008 » Odd W. Surén, igjen

Det er ingen løyndom at eg er fan av forfattaren Odd W. Surén. Eg er mest lukkeleg kvar gong han skriv ein snutt i vekesavisa Dag og Tid. For utgåva for 20-26. juni 2008 kunne me på baksida mellom anna lese:

Dessutan har eg så mykje å ta meg av her heime. Mellom anna er eg observatør for Norsk Ornitologisk Forening og har som min mest lysande prestasjon den tidlegaste observasjonen av gauk i Hordaland. Derimot er det slik at ornitologane ikkje godtek alle observasjonane mine, og det er ei sorg for meg, som ser slikt andre overser.
Dette lærde eg av ein onkel av meg, ein kar jamvel dei fleste i slekta aldri har høyrt om. Onkel Kardunkel, som var så lik meg at me ofte tok feil av kvarandre. Han var i løynd ein framifrå portrettmålar som henta inspirasjon i eit whiskymerke han påsto var «for automobilistar» (korkje han eller eg har bil, forresten), og på absolutt alle portrett han måla, var det med ein liten rosa elefant, anten nede i eit hjørne, på nasen til den portretterte, på skallen hans eller hennar, eller bak eit øyra. På spørsmål om kvifor han gjorde dette, sa han alltid: «Eg lyt måla det eg ser.» «Ja, men det er jo berre noko du trur du ser», sa eg. «Der tek du feil», sa han.

Å sjå verda på nytt

Etter å ha konstatert at «ingen av dei portretterte ville ha målarstykka,» skreiv Surén:

... Det var då eg forstod, fullt ut, at verda vert til i auga. Eller, eventuelt, i mørkerommet, når ein har litt whisky «for automobilistar» i framkallingsløysinga. Korleis det no enn var eller ikkje var: Onkel Kardunkel lærde meg å sjå verda på nytt, og det var slik eg oppdaga alle dei spennande og nye fugleartane som hekkar her hjå oss.
Tidleg om våren kjem voldtitten, ein brutal fugl som gjer livet utrygt i skogen. Året rundt syng kaloribrien, ein smellfeit, liten fugl som ikkje kan fly, men som ikkje er klar over dette og som kastar seg optimistisk ut frå tretopp og fjellhylle. Sidan han er så rund, hender det at han sprett som ein gummiball bortover bøen. «Når kaloribrien sprett, vert det snø klokka eitt», sa ofte Onkel Kardunkel. Det slo aldri til.
Mellom andre fuglar eg har lært meg å sjå, er den usynlege ugla som heiter smugla, den dauve hæbroen, den fjørlause bartrosten, og svartosten, som ved nærare ettersyn ikkje er ein fugl, men ein ost, dunpipen, som aldri vert vaksen, den sjeldsynte eggstorken og den sotsvarte flambertoen, den håsmælte sigarettsnipa, puppegøyen, som verp i utringingar hjå barmfagre kvinner (minst D-cup), og stundom ser eg voggemeisen og vrangstrupen, og eg høyrer sjauken, ein høgrøysta slektning av gauken, som i staden for Ko-Ko seier: blææævrææælblæææ! så det ljomar i liene. Nakkespetten har eg fotografert med kameraet til Onkel Kardunkel, og eg har også fått til gode bilete av niuren, stangsvana, sausenebben, ausenebben, naglespetten, køsmiten, gaytrosten, deilloen, limerla, myrskvipa, utlanda og bøtteskrika, men ornitologane nektar å godkjenne desse oppdagingane.
Det tek eg med ro. Verre er det at eg brått gjekk lens for whisky «for automobilistar», at fuglane tagna og forsvann, saman med elefantane, straks dette skjedde, og at Onkel Kardunkel drog for å finna dei att, han som var så god å ha når det var tørke, han gjekk over plenen og ropa ut om Rrrrussiske rrrripsbærrrrbuskerrrr, på sprakande bergensk så slevene dreiv, og det vart slik ein råme i graset at det surkla i torvene. Men no står graset versalt, stutt og gult ...

Dette var eit utdrag som vel blei nok ei hylling til forfattaren Surén!

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no