Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Søringkompleks

Her er du no :: www » nn » blogg » 2008 » Når knekten ser seg sjølv slik herren vil, har herren vunne

I avisa Dagens Næringsliv for 9. mai (2008) fann me noko so sellsynt som ein nynorsk tekst. Det var direktøren ved Ivar Aasen-tunet, Ottar Grepstad, som hadde gjort seg nokre refleksjonar kring OL i Tromsø 2018, og korleis dei reagerte der oppe i nord, da diskusjonen gjekk. Litt uti kunne me lese:

I den nordnorske grunnforteljinga er søringen skurken. Noregshistoria har gitt flust med gode grunnar til at dei blei slik. I hundrevis av år var det kjøpmennene i Trondheim og Bergen som tente seg rikast på fiskehandelen i nord. Råvarene blei eksporterte sørover og kom dyre attende. Verdiane var nordnorske, men rikdomen blei verande sørpå. Reiseskildringane frå meir eller mindre ignorante embedsmenn på gjennomreise frå kongens by har gitt sterke sluttreplikkar til mangt eit innlegg om kor misforstått og oversett og utnytta nordlendingane har vore.
Den historiske substansen rår det såleis ingen tvil om. Det er når fortida blir brukt til å forklare dagens hendingar at det ber gale av stad.

Grepstad tok vidare til orde for at den gamle offerrolla – som det jo i Noreg er så lett å ty til – ikkje held vatn lenger, mellom anna slik:

I den nordnorske versjonen gir søringkomplekset nåring til ein særmerkt konspirasjonsteori: No har dei rotta seg saman mot oss igjen. Når knekten ser seg sjølv slik herren vil, har herren vunne.

Perfekt undertrykking! Og seinare:

Det dei har rett i, dei som no fyrer opp under søringkomplekset, er at mange søringar veit skrekkeleg lite om den nordnorske røynda. På den andre sida er det også mange nordlendingar som altfor ofte gjer det nordnorske meir spesielt enn det faktisk er.

Som eit mal apropos – til fiskehandelen – kan me her ta me nokre einingar for mål og ymse. Teksten er henta frå Velle Espeland sin artikkel 'Åtte potter rømme, fire merker smør' publisert av Språkrådet i 2006.

Åtte potter rømme

Inndelinga av pundet var eit forsøk på å koordinere ei rekkje gamle vekteiningar og verkar svært innvikla og upraktisk. Når ein dertil veit at mange vareslag hadde sine eigne vekteiningar, blir det ikkje lett å få oversikt. Men her er i alle fall inndelinga av det norske pundet slik det var ved overgangen til det metriske systemet i 1875: Pundet på 498 gram kunne delast i to merker. (Merker er fleirtal av mark.) Ei mark tilsvarte altså om lag ein kvart kilo. Ei mark kunne delast i 16 lodd, som dermed blir 16 gram, og kvart lodd kunne delast i 4 kvintin. Dermed er vi nede på om lag 4 gram. Mindre einingar enn det var det få som hadde bruk for, men likevel kunne ein kvintin delast i 4 ort, ei nemning frå pengevektsystemet, som på si side kunne delast i 16 æs, som vidare kunne delast i 16 gran. Eit gran er altså på 3,8 milligram, og det går 131 072 gran på eit pund. Ordet gran kjem sikkert av latinsk granum, som betyr «korn». Som eg nemnde, var pundloddet lettare i pengevekt, og eit gran på denne skalaen blir berre 3,6 milligram. Apotekarane, som brukte medisinalvekt, opererte med såkalla nürenberggran, som vog heile 62 milligram og var 1/20 av ein scrupel.

Et prosaisk sidespor ...

Eit spark til Stavanger

Stavanger 2008®! var tema for Nils Henrik Smith i Dag og Tid for 2-8. mai (2008). «Kulturell kapitalisme» var overskrifta.

Språket til masterstudent – og mottakar av Tarjei Vesaas' debutantpris for 2007 – Nils Henrik Smith såg ut til å vere ei krysning mellom kunstkritikar Tommy Olsson og Dr. art-historikar og provokatør Nils Rune Langeland, begge to i vinden no om dagen. Nok om dei; Smith avrunda slik:

Eg står på domkyrkjetrappa og stirer ut mot havet. Ein stad der ute finst kan hende løysinga på det tilsynelatande uløyselege problemet Stavanger 2008® har skapt for seg sjølv. Det er underleg å vere i ein by der modernisering og auka internasjonal interaksjon har medført stadig meir provensialisme, egosentrisk tenking og falskt medvit om at nettopp vi er overlegne alle andre. I ein pessimistisk og klårsynt augneblink slår det meg at Stavanger 2008® truleg alt er det resten av Noreg i framtida kjem til å vere. Eit grenselaust grådig monster som av prinsipp er så anti-empatisk at det har teke frå seg sjølv all evne til å kjenne smerte, på eigne og andres vegner, og som difor ikkje lèt seg merkje ved at det langsamt fortærer seg sjølv.
Eg går ut att på domkyrkjeplassen. Eit hundretals måker lettar for stega mine. Eg går like gjennom flokken. Dei skrik: Profitt! Profitt!! Profitt!!! Profitt!!!! profitt!!!!!

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no