Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Frå amt til fylke

Her er du no :: www » nn » blogg » 2008 » Botolv Helleland i 'Språknytt'

Ei ven gjente, ved elva mellom Bø og Sauherad, spurde ein gong om kva som orsaka grensur milla gardar, herad, fylke og land. Eg vart i stuss og har i nokre år kikka litt ikring meg etter kjelder. Ikkje noko aktivt arbeid frå mi side, men eg les når eg kjem over noko.

Botolv Helleland sin artikkel 'Frå amt til fylke' blei publisert i Språknytt i 2005. Her er eit utdrag:

Den 6. januar 1902 sette Kyrkjedepartementet ned ein kommisjon til å greia ut om den historiske utviklinga av namn på inndelingar og om dei mest rasjonelle prinsippa for namngjeving av sivile, rettslege og kyrkjelege område. Komiteen, der fyrst Gustav Storm, så Ebbe Hertzberg, var formann, gav innstillinga si i 1905. Dei rådde til at nemningane amt og stift skulle bytast ut med syssel og bispedøme, og at provsti og sorenskriveri skulle bytast ut med prostedøme og domssokn. I tillegg hadde nemnda framlegg til nye amtsnamn (fylkesnamn), heradsnamn og soknenamn. Amt hadde vorte innført 19. februar 1662 og kom då i staden for den eldre nemninga len, som hadde vore nytta som administrativ inndeling sidan 1300-talet.

Og:

Fyrst i 1914 vart saka fremja på nytt, og etter oppdrag frå departementet leverte dei to professorane Hjalmar Falk og Marius Hægstad to utgreiingar i 1915 og 1916 der dei presenterte grunngjevne framlegg til nye namn og nemningar på fylke og herad. Hægstad, som i utvalet frå 1902 noko motviljug hadde gått med på syssel (sysla) som avløysing for amt, gjekk no saman med Falk inn for fylke. I valet mellom fylke og sysle argumenterte dei for fylke ut frå den historiske bruken av nemninga (Falk og Hægstad 1915, s. 7, 1916, s. 3 ff). I mellomalderen hadde fylke vore nytta om større område med administrative og andre offentlege funksjonar, og sjølv om innhaldet kunne ymsa noko over tid, hadde det ein fastare karakter enn sysle. (Det siste var innført av kong Sverre, men vart avløyst av len i seinmellomalderen.) Dessutan meinte dei at fylke var eit velklingande ord og «bekvemt» i samansetningar, i motsetning til syssel. Dei støtta seg òg på glossariet til Norges gamle love, der fylke var definert som 'landskab, der udgjorde en militær og administrativ, judiciel og borgerlig underafdeling af riget'. Fylke er avleidd av folk og vart opphavleg nytta om 'flokk, hærfylking', seinare om 'område, landsdel'. Eit grundigare oversyn over bruken av fylke i eldre tid er gjeve av Gustav Indrebø (1931).

Språknytt ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no