Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Godspråk

Her er du no :: www » nn » blogg » 2008 » avisblogg

Til Dag og Tid for 7. mars (2008) leverte Asbjørn Aarnes petiten Med fransk i kroppen. Mellom anna kunne me lese:

Ein dag då ein kollega sat hjå han, kom ein franskmann framom – og brått var Høst ein annan, idiomatiske setningar på klingande fransk rann ut or han.
Han fortalde korleis han kom inn i den franske språkrytmen: Då han var i Paris, gjekk han kvar veke på veddelaupsbanen og sette nokre francs på ein hest.
– Eg gjorde det ikkje for vinsten, sa han, – men for å koma i «affekt» i lag med franske.
Og ein dag kom gjenombrotet: Han stod attom to franske som hadde sett inn inn store summar, og då hestane kom på opplaupssida, skreik dei i munnen på kvarandre – den eine: «Ça gagne, ça gagne» (han vinn, ...), den andre: «C'est pas dit, c'est pas dit» (det er ikkje sagt, ...).
– I denne spaninga sette fransken seg i kroppen min, sa han.

Ei nydeleg skildring av kor godt språk kan gjera! Men trua på eiga tyding kan òg bli vel stor:

Göticisme

I undervisninga på eit eller anna kulturfag for nokre år sidan, fortalde ein av lærarane om tidlegare tiders nasjonalisme. I ein artikkel i Dagens Næringsliv, for 5-6. januar (2008), blei Olof Rudbeck, professor i medisin i Uppsala, kreditert for toppen av göticisme, svensk sjølforståing, då han blei tillagt følgjande:

Han hevdet, uten blygsel, at det svenske språket var opphavet til både latin og gresk.

Den var dryg, men likevel kanskje ikkje så fjernt frå våre eige vilske med fantasiar om vår stolte (men akk så oppkonstruerte) vikingtid.

Les meir ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no