Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

For nåke drit! – Hoven arroganse

Her er du no :: www » nn » blogg » 2008 » Odd W. Surén/Dag og Tid

For din audmjuke bloggar er få forfattarar meir interessante enn Odd W. Surén. I seinare tid har han lagt seg til å skrive for Baksiderapporten i vekesmagasinet Dag og Tid. I utgåva for 7. mars 2008 skreiv han om auresesongen, som vel kjem i år som i fjor:

Det hender eg vert skulada for å hovera. At eg, når eg har vunne ein ærerik, endeleg og total siger, anten det no er i yatzy, fisking eller eitkvart anna det er råd å tevle i eller om, ikkje syner meg audmjuk eller storsinna nok. Dette er sjølvsagt feil, ei kolossal mistyding og til sjuande og sist småleg hemn frå ynkelege taprarar som ikkje hadde nokon sjanse då det kom til stykket, og eg verkeleg tok i, slik berre eg kan. Derimot skal eg vedgå at eg kan vera tøff i tonelaget når eg oppsummerer tevlinga, også det, i grunnen, slik berre eg kan. Denne heller tøffe tonen har genetiske og miljømessige årsaker. Biletet er noko samansett, men eg skal freista å gje ei forklaring.
Når det var vegarbeid å få her i distriktet i 1930-åra, fungerte den eine bestefar min – eg hadde to, det er nære på ein tradisjon i slekta mi – alltid som skytebas. Eg trur knapt det kom av at han hadde særlege kunnskapar om sprenging (ei kunnskapsløyse som har gått i arv, noko ihuga lesarar av Baksiderapporten nok veit om), men det var vel helst slik at han måtte ha eit arbeid der han kunne vera litt sjef. Han var òg tøff i tonen, og ikkje nokon typisk mjuk mann.

Etter eit mellomspel der besten mellom anna utbraut «For nåke drit!» då han fekk sjå ei teikning gjort av Surén som liten gut, kom ei nyleg hending for dagen:

Av ukjende årsaker har talet på fiskekamerater gått noko ned dei siste åra. I grunnen er det berre éin att, og han sit i tvangstrøye og reimar på eit sjukehus. I går vitja eg han, og eg såg at han var glad for å sjå meg, slik han heiv på seg i reimane. Diverre hadde han ei slags gummikile i munnen, for at han ikkje skulle bita seg sjølv til blods i tunga, så kommunikasjonen var ikkje heilt optimal. Men eg hadde eit maxiyatzyspel med meg, og ein premie, eit marsipanegg, som er det beste kameraten min veit. Eg laut trilla terningar for oss båe og freista å forstå kva han mumla attom knebelen. Ja, du fekk fem femmarar, men du vil ... enga-anne, enga-anne, mumla han, og eg sa: Jaså, du vil stryka seksarane, ja. Han gaula eitkvart ubegripeleg. Eg trilla ein atte-to gonger og fekk, ikkje overraskande, seks seksarar, tre av dei var på terningar som hamna på golvet, men eg synte han seksarane, så det ikkje skulle vera tvil. Så var det han igjen. Ja, det ser ut som full straight, sa eg, men du vil ... å ja, så du vil stryka sjanse, ja! ull æii! ull æii! kvein han attom knebelen. Og slik heldt det fram. Til slutt stod eg fram som sigerherre, sjølvsagt, noko som vart feira med springmarsj rundt i rommet, med armane i vêret: Yess, ropa eg. Ein taktisk triumf! Visdomen knuste griseflaksen, igjen! Eg er best! Eg er best! Og så åt eg marsipanegget, medan eg smatta og sleikte meg rundt munnen. Beste marsipanen eg har smaka, sa eg, nam nam! Søt som sigeren sjølv.
Seinare vart eg informert om at kameraten min nok ikkje slepp ut til auresesongen i år. Fifor nyttar eg høvet og spør om det er einkvan mellom lesarane som kan tenkja seg nokre gilde kveldsstunder i triveleg selskap ved eit fiskevatn på Vestlandet. Du treng ikkje ha peiling på aurefiske. I grunnen er det berre ein føremon om du er heilt grøn på området.

Les or førre rapport ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no