Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Fordommar og raser

Her er du no :: www » nn » blogg » 2008 » Hicks from the Sticks

Teksten '– Slutt å kalla fordomar for rasisme' var skriven av Svein Gjerdåker og publisert i Dag og Tid for 21. september 2007. Her er nokre utdrag:

– Rasisme er eit uklårt omgrep slik det vert brukt i norsk daglegtale, og det vert i nesten alle tilfelle nytta om tilhøve som på ingen måte kan kallast rasisme, seier Fredrik Barth, nestor i norsk og internasjonal sosialantropologi.
– Rasisme, slik eg skjønar det, er ein teori eller ei tru om at menneskeleg åtferd og menneskeleg verdi botnar i rase. Altså at måten mennesket ter seg på, er avgjort av biologisk avstamming. Det er ikkje det vi talar om i Noreg. Vi har vore gjennom ein hestekur dei seinaste femti åra, og slike oppfatningar finn ein knapt att. Når nordmenn talar om rasisme, er det fordomar og stereotypiar dei meiner.
– Kva skjer når vi kallar det for rasisme?
– Vi oppmuntrar folk til indirekte å bera på ein raseteori om ulike variantar av menneskeslekta – og at desse skilnadene er arvelege og i grunnen urikkelege. Det er farleg og difor mislikar eg sterkt denne overdrivne bruken av rasisme.
– Fordomar er eit svært vidt omgrep. Korleis definerer du då fordomsfullt?
– Så vidt at det gjeld for alle samfunn. Nordmenn er fordomsfulle. Å vera fordomsfull er kulturelt sett heilt naturleg. Men å vera overdriven fordomsfull har dårleg grunngjeving. Difor må vi motverka fordomar. ...

Fordommar, stereotypifisering eller rasisme. Ein skal altså søkje å sjå seg sjølv utanifrå?

– Kva kan minoritetsmiljøa sjølve gjera?
– Le av fordomane og ikkje heile tida gje uttrykk for at ein kjenner seg djupt krenkt. Låtteleggjer heller fordomane. Det er potensielt flautt for ein kvit nordmann at han er fordomsfull. ...

Ja, mange skyr temaet skilnad mellom folk frå ulike folkeslag, etnisitetar. Men kvifor? Er det ikkje ei varsemd som er nedfelt i einkvar av oss? Og skilnad er vel ikkje det same som motsetnad; det er jo to ord med ulik tyding.

Hicks from the Sticks

– Er innvandrarane for fint­følande?
– Eg veit ikkje kva eg med min skjerma identitet kan venta at andre skal tola. Det kom mange immigrantar til USA frå Etiopia i 1970-åra. Frå dei høyrde eg at dei svarte i USA var så fintfølande og at dei ikkje skjøna kor lite diskriminering dei vart utsette for. Det kan vera, men det kan òg vera at den kulturelle arven frå slavetida gjer deg hårsår – og korleis kan eg døma om dei er for hårsåre? Opplever ein negativ diskriminering i viktige situasjonar, som når ein søkjer arbeid, så vert ein var for det, og til slutt ser ein det alle stader fordi ein vert usikker på kor verdsett ein eigenleg er. Det er alvorleg.
– Har du opplevt rasisme nokon stad?
– I vide krinsar i USA er det framleis rasisme. Like mykje i Boston som i sørstatane.
– Du har vore mykje i Pakistan – er det eit rasistisk samfunn?
– Ja, men meir definert ut frå kaste enn rase. Dei trur, meiner og handlar som om sosial samhandlingsevne er knytt til kva for familie ein er oppvaksen i. Kastesystemet ser ein tydeleg markert ved klesdrakt og måten ein ter seg på i det offentlege rommet.
– Kva er det minst rasistiske samfunnet du har vore i?
– I Midtausten, hjå stammesamfunna på landsbygda som er prega av lite modernisering. Dei møter den framande med eit ope sinn og på eit individuelt grunnlag.

Les meir ...

Fordommer for dummies var overskrifta da Anders Gjesvik skreiv om fordommar i Dagens Næringsliv for 12-13. januar (2008). På bokmål kunne me lese at:

... fagfolk er enige om at vi trenger fordommer.
– Vi ser ikke alle enkelttrærne i skogen, vi snakker om en granskog. Vi kan ikke forholde oss til alle enkeltpersoner i Finland, vi snakker om finner. Det er en måte å effektivisere informasjonen ved å samle den i knipper ut ifra fellestrekk, sier Reidar Ommundsen, førsteamanuensis i psykologi ved Universitetet i Oslo (UiO).

Filosofen Lars Fr. H. Svendsen meinte noko seinare at «vaner ikke er et hinder, men en forutsetning for kreativitet». Tja, kva skal ein meine om slikt? Må man meine noko i det heile teke? Svendsen blei seinare sitert som følgjer:

– Nordmenn er verdensmestre i fred og godhet. Hvis vi bare sender nok nordmenn ut i verden, vil de bare i kraft av sin gode utstråling forbedre verden.

Til slutt kunne me lese:

Svendsen mener at mangelen på vilje til å undersøke en fordom ofte fører til kvelende toleranse.
– Toleranse bygger på at noe er galt, og at du dermed burde prøve å bekjempe det. men du bestemmer deg for å la være. Toleranse bygger ofte på uholdbare fordommer og noen ganske tvilsomme oppfatninger, sier Svendsen.

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no