Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Eit hol i verda « Baksiderapporten

Her er du no :: www » nn » blogg » 2008 » Odd W. Surén

Menn blir ikkje vaksne!

Eit hol i verda var overskrifta på baksiderapporten i Dag og Tid for 8-14. februar 2008. Det var Odd W. Surén som kom ut or skapet og ville skrifte.

Eg og grannen min, som òg er fetteren min, har opp gjennom åra eksperimentert med mangt og mykje, og resultata har sjeldan vorte slik me hadde tenkt oss. Når sant skal seiast, er det ikkje ofte me eigentleg har sett for oss noko resultat, anna enn at eitkvart sikkert vil skje. Og ser ein slik på det, kan det forsvarast om eg seier at me har opplevd mang ein suksess.
Til dømes fann me ein gong ut at me skulle støypa eit tannhjul av aluminium. Kva me skulle med dette tannhjulet, er eg ikkje kar om å minnast, men det er godt mogeleg at me slett ikkje skulle noko med det i det heile. ...
Det mest spektakulære resultatet av den vitskaplege innsatsen vår (når ein ikkje reknar med bølgjepumpa me monterte så originalt på gavelbåten «Til Sals» at eg dagen etter laut enda diktet eg hadde skrive om dette fartyet slik: «Min skute er god, når sjøen er grunn, den tar det med ro, for den står på bunn!») var utan tvil det som hende då me prøvde oss på den greina av sprengjekunsten som vert kalla bjønning.
Metoden, som vert nytta til fjerning av kampesteinar, går ut på å leggja salven oppå steinen, dekkja dynamitten med jord og sand og fyra av. Eg hadde funne fram til nokre passande, enorme steinar i utmarka, dei låg ikkje i vegen for noko eller nokon, men sidan fetteren min hadde eit sprengingssertifikat, hadde eg fått det for meg at her kunne bjønninga prøvast ut i praksis. Fetteren min var ikkje tung å be.
Me plasserte ein drabeleg salve oppå den første steinen, dekte til med jord og sand, heiv oss ned i ei grøft og fyrde av.
Smellet var kolossalt, og av steinen såg me berre att litt grus og sand, nede i ei grop. Oppmuntra av resultatet prøvde me ein stein til, med større salve, og av denne steinen vart det endå mindre att. Det var då eg diverre gjekk for langt. Rusa av suksessen tvinga eg fetteren min til å vera med på å leggja alt me hadde att av dynamitt, oppå den siste steinen, berre for å sjå om det var mogeleg å sprengja slik at det ikkje var råd å finna noko som helst att av steinen etterpå.
Me plasserte salven, gøymde oss, ropa «Varsku her!» og «Fyr her!» og lét skotet gå.
Braket var slik at ein ikkje trudde det var sant. Og det gav meg ein så sterk permanent summetone i øyro at eg, når eg gruvlande sit og trommar meg på panna med fingrane, stundom kjem fram til feilmeldinga hjå Telenor.
Øren reiste eg meg frå grøfta og såg mot staden der kampesteinen til no hadde vore. Det var ikkje spor att etter han. Men like over marka var det eitkvart merkverdig. Eit lyst område, nett der steinen hadde vore. Fetteren min såg på det og sa at det såg ut som eit hol i lufta. Me gjekk fram til det, og eg retta varsamt fram handa for å røra ved det underlege lyset, om eg då kan kalla det eit lys.
Handa mi vart borte. Brennsnart trekte eg armen til meg att, og då var handa der, som før.
Me stakk pinnar inn i dette «lyset» og såg dei forsvann, men drog me dei ut att, var dei like heile. Derimot var det slik at om me heiv dei inn i det lyse området, kom dei ikkje til syne att, ikkje ein gong om me prøvde å kasta dei tvers igjennom. Jamvel store steinar og stokkar berre kvarv. Då forstod eg at dette kunne vera farleg. Om ein unge gjekk seg inn, vart han vel aldri meir spurd.
Me prøvde oss fram med ein katt, som me lokka til å springa igjennom, og han vart borte.
Då først innsåg me, i alle høve eg, at me hadde sprengt steinen så til dei grader vekk at me hadde produsert eit absolutt inkje. Og kanskje skulle eg ha vorte kry av ein slik prestasjon, men det einaste eg kjende, var skam. Me hadde laga eit hol i verda, ei sprekke i røynda. Me skulle ikkje ha gjort det. Me hadde ingen rett til det.
Eg såg på fetteren min, han såg på meg, og utan eit ord henta me spade og trillebåre og byrja byggja opp ein voll ikring dette tomrommet, me bygde han høg og romsleg, av jord og stein, og gjorde eit tak av gjerdestaur. Sidan dekte me alt saman med meir jord, og etterpå har me forsterka konstruksjonen med armert betong, bolta til grunnfjell. Betongen har me sidan kledd med torver, og no er det ein liten haug der kampesteinen ein gong låg.
Me har aldri snakka om dette. Eg har sjølvsagt gruvla mykje over hendinga, og det har nok fetteren min også, men det er som om me har gjort noko aldeles unemneleg, og om eg enn berre kan tala for meg sjølv, trur eg me båe har innsett at me dreiv det vitskaplege arbeidet vårt for langt, me tukla med naturen, og han hemnde seg med dette holet i verda og denne brennande skamkjensla. I von om lindring vil eg difor med dette be naturen og samfunnet om orsaking. Eg legg meg kort sagt flat og tek sjølvkritikk.

Den brinnande busken og Moses, hybris, ei rad med skrekkfilmar der daude (eller ein av sveinane til Styggen sjøl) kjem opp ur jorda og sarkofagen i Tsjernobyl pluss umodne kvalpar – eg veit mest ikkje kva eg ikkje assosierte inn i den velskrevne teksten til Surén.

Dag og Tid ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no