Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Kunsten å verta gamal (som ein 'Kommode')

Her er du no :: www » nn » blogg » 2008 » Rune Belsvik

Romanen Kommoden (2007) til Rune Belsvik, utdrag:

... alt vatnet som renn forbi. Denne veldige og stillferdige hendinga i landskapet. Eit sug og eit drag og ei langsam rørsle. Det er berre vatnet som er vatn. Så naturlig og enkelt det berre kan gå an. Det renn mot det lågaste punktet det kan komma til. Det er alt vatnet gjer. Ned og ned og ned. Finn seg sprekker og opningar og vidar dei til. Ligg og rustar hol i bøtter og kar. Fell frå skyer. Dryp frå lauv. Ned og ned. Det er godt å tenkja på vatnet og elva. Elva er ein fin tanke. Stilt. Ja.
Stilt

Smålåtent ...

Så var han midt i familielivet og han følte at han fekk ikkje til det heller. Ikkje eingong det. Livet hans var jo greitt nok. Eigentleg var det greitt nok på jobben også. Men det var som om greitt nok ikkje var godt nok. Det kjentes som om han heile livet hadde prøvd å komma til toppen av noko. Og så hadde det gått opp for han at det var mislykka. han ville aldri nå heilt til toppen. Alt strevet hadde vore nyttelaust.

Ops, trist som f**n, men kanskje ei naudsynt sannkjenning og realitetsorientering. På søkjing etter ein ny ståstad:

Jolver trudde han alltid hadde sett på verden med eit kritisk og skeptisk blikk. Han trudde dette blikket var gått i stå i han. At han hadde brukt store krefter på å halda det fast. Teke seg saman i årevis for ikkje å bli ført bak lyset. Bli ein godtruande fjott. Det hadde vore eit slit å halda skepsisen klar og oppreist. Og etter kvart hadde kanskje denne skepsisen vakse seg til ein motvilje mot verden. Skepsisen hadde tatt form som ein vegg i hjernen hans. Sto som ei sperre mellom han og det han kunne ha opplevd. Og bak denne veggen trudde han det fanst ein blaut og motstandslaus lengt etter å gi seg over til noko. Som om det låg eit heilt og ubrukt liv der. Ja, tenkte Jolver. Eg lengtar etter det. Å venda heile meg, fullstendig ukritisk og avslappa mot noko som kanskje kunne gi meg ro og fred og ein følelse av å vera god nok.

Femtiårskrise, fanga i eit ekteskap:

Nokre gonger har Jolver tenkt at presten og patologen var to heldiggrisar. Dei kunne kaste seg ut i vill sorg over sine trulause koner. Sidan kunne dei leva som dei ville. Fri og aleine. Ha sausen så sterk som dei ville. Måla veggane kvite. Kasta ut annakvart møbel. Men Jolver har forstått at det ikkje er så mykje å misunna. Einsemda blir fort stor og vond. Ho reiser seg opp og stenger deg inne. Ho blir di nye kone. Streng, hard og utan si eiga lukt.

Borna deira, da dei var småe:

Små, hylande, språklause puddingar

Men eit langt forhold er ikkje berre som ei mjuk elv:

Slik går ein sommar, og ein haust begynner. Hausten kjem dag for dag, og likevel er det som om tida kjem og går i klumpar. Det er lette og gode klumpar med fine morgonar og fuglesong og okerfarga veggar. Brått fell nokre harde ord og det kjem ein lang seig klump med tause kveldar.

Tjue år etter:

Men også det yngste barnet står ein dag utanfor døra med fire pappesker og ein koffert og ein ryggsekk og ventar på at pappa skal kjøra henne til hennar nye adresse i hovudstaden. Då er det alt nye naboar i nabohuset, og veggane hos Jolver og Bitten er blitt lyseblå og luftige og kjølige og det oppstår ein fred og ei diger tomheit i huset og ein drikk sterk kaffi til frukost og diskuterer med ektefellen sin om ein skal kjøpa ein hund. Men er det lurt å skaffa seg hund no når ungane endelig er ute? No når ein er fri? Var det ikkje dette ein tidt og ofte gledde seg til? Kva i all verden var det ein gledde seg til? Å vera fri? Kva er det for noko? Ein sørgjer. Og alt mens ein sørgjer i sin nye fridom, så dør svigermor. Ein grip etter kona, stryk henne over kinnet, stikk fingrane inn i håret, let henne grina ut, let henne hulka, går til vindauga og prøver å nyta utsikten, drømmer om ein rolig tur til elva og legg nyvaska klede i fine stablar. Neven grip og grip inn i hjørneskapet. Seint på natta, når søvnen skulle komma, så vaknar det gamle beistet inne i skallen og begynner å mumla om noko dumt ...

Og sorgen tek ein som mann best i einsemd:

Det er han som ikkje vågar å vera så liten og dum for dei. Komma sutrande ut av skogen. Komma med sitt triste blikk og sitt skranglete humør. Nei, ikkje faen. Dei skal ikkje få sjå han slik. Han får sitta til det går over. Til smerta har smelta ned. ... Han kjenner saltsmaken av ein gråt som flør opp i han.

Etter 200 smertefulle sider vender dei att til ein slags normaltilstand, dei to:

Det er også ei fortviling i stemma hennar. Den gamle fortvilinga han så ofte har roa ned, nettopp ved å høra på henne. Og så venta med å nærma seg. Venta. Å, Jolver gler seg til alt dette hatet og denne gulpinga og spyttinga skal vera over. Til dei skal begynna å karra seg tilbake til dei gode ettermiddagane. Men plutselig kjenner han eit uventa angrep frå si eiga innside.

Ikkje heilt trygt, dette livet her ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no