Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Få meg på, for faen

Her er du no :: www » nn » blogg » 2008 » Olaug Nilssen (2005)

Vel, innimella må ein jo berre gjere eit forsøk på å finne ut kva desse bestseljarane i Noreg held på med. Anne B. Ragde ville jo vere å ta litt vel hardt i, men i jula tok eg ein sveip gjennom Få meg på, for faen av Olaug Nilssen (2005). Eit utdrag:

Forseintkommaren

Å orsake seg, betyr å gjere seg fri or saka:
– eg vil ut or denne saka! seier orsakaren, på same måte som den som unnskylder seg, ber om å få rømme unna skulda. Å beklage er betre, for då klagar ein på eiga åtferd og seier seg lei for henne. Så det er rett å seie at Maria beklaga dagens forseintkomming, trass i at ho skulda på klokka, for ho var så underdanig.

Ei kjensle av tap er ein naudsynt del av sannkjenning, der ein òg treng mjuke augneblink når ein skal melte innsikt:

Rosina gir henne nokre minutts trancetilstand. Og desse minutta er deilige, innrømmer ho:
– Eg har gløymt at eg sjølv finst, eg ser meg ikkje frå utsida. Eg er ikkje Maria lenger, eller, eg er jo det, men det er noko anna, eg veit ikkje. Eg har ikkje ord for å skildre kva som skjer med meg når eg forsvinn i rosinas mjukheit.

Eit vakkert og enkelt bilete, med bruk av bokmålsaktig genitiv; Som nemnd eit utall gonger tidlegare, kan eg ikkje fri meg frå kjensla av at nokre nynorske forfattarar skriv side opp og side ned med merkeleg nynorsk. (Og normering var sist haust igjen diskutert ut frå fastfrosne posisjonar mellom anna i Dag og Tid. Eg tenkjer at nynorsken vel kjem i ein million individuelle variantar og at dei best kjende ikkje følgjer anna enn si eiga, personlege norm, eller etnolektar. Nok om det!

Omsider fann eg noko hjå Nilssen som i det minste kunne vere ei morosam mikroforteljing (noko likt det slarvet ein ufriviljug kan få høyre på bar):

Opphausa teaterpikk

– Han var borti meg med pikken, insisterer Alma.
– Han var borti meg med pikken, gjentar ho, utan å heilt skjøne med det same, full som ho er, kor dumt det høyrest ut.
– Pikken var stiv, han var borti meg med den, gjentar ho, og det begynner å demre at ho snakkar som om ho var midt inne i ein merkeleg, feberheit draum. Men det er ho ikkje. Artur hadde opna buksesmekken for å vise Alma sin stive pikk. Det var utanfor ungdomshuset, det var fest, det var november. Alma hadde gått ut for å trekke frisk luft, og ho blei ståande ute ei stund, sjølv om det var kaldt. Dampen seiv ut frå vindauga så ein blei mint om kor fuktig og heitt det var der inne, og kor kaldt det var her ute, her hos stod. Det lukta vinter, det var svart ute og gult lys inne, og Alma stod inntil veggen under utelampa. Ho høyrte musikken godt. Ho hadde ei ølflaske i handa, det var den fjerde flaska, og ho hadde kjøpte den for femten kroner. Ho hadde på seg kjole og sminke. Ho var glad og brisen, men ho stod her ute og lente seg inntil veggen og pusta ut medan ho høyrte trekkspelmannen spele, ho høyrte dei eldste døtrene til Sebjørn le. Ho hadde ikkje tatt på seg jakke, så ho fraus, men ho måtte stå her litt og vere glad og brisen for seg sjølv. Kor glad er eg eigentleg? tenkte ho nasevist. Eg nektar å svare, tenkte ho innbite. For noko drit, heldt ho fram tankeverksemda med.
Då kom Artur ...

Oi, dét var pubertalt, men jaggu meg kan ein oppleve like kjeisame hendingar gjennom fjesboka, òg i langt høgare alder enn i Alma-universet hjå Nilssen. Sjølv fekk eg ei natt med ei mjuk ei, for ikkje lenge sida – noko som gjekk heilt åt skogen ved hjelp av tekstmeldingar ei veke seinare. Ein kan dumme seg ut, og ein kan i tillegg vere så opptatt av intensiteta at ein finn på å snakke om hendinga òg:

No er Alma sitt personlege helvete heilt laust.

Og Alma, stakkar, vart heitande «Pikk-Alma» etter denne hendinga ...

Les meir ...

Neste blogg :: oversyn = førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no