Nokre bloggar på nynorsk i 2008:
- Onkel Kardunkel
- Søringkompleks & Stavanger 2008®!
- Frå amt til fylke
- Godspråk
- For nåke drit!
- Fordommar og raser
- Baksiderapporten » Eit hol i verda
- Gamal (som ein 'Kommode')
- Få meg på, for faen
Dei nynorske litteraturbloggane tener ulike føremål. 1) Ein av dei er å øve språkbruk. 2) Innimellom finn ein òg ikkje så reint lite treffande snuttar som kan passe til periodar eller einskilde situasjonar i livet. 3) Ein trie grunn er at ein some tider kjem over så vent eit språk at ein berre må ta vare på snutten.
Metaforhelvetet var overskrifta da Kjersti Rorgemoen leverte Baksiderapporten i Dag og Tid for 1. februar (2008). Eit stykke uti kunne me, apropos poesi, lese:
Ein annan avgrunn i metaforhelvetet er når diktarar finn ein uimotståeleg fryd i å snekre i hop alle moglege slags vaklevorne språklege stillas av metaforar. Stopp ein hal! utbryt du vel no, din skeptiske lesar. Er ikkje «å snekre i hop alle moglege slags vaklevorne språklege stillas» også ein (vaklevoren) metafor? held du truleg fram med å tenkje, stadig like skeptisk. Driv ho ikkje og skyt seg sjølv i foten, som ein annan Glahn? tenkjer du vidare. Jau, kanskje eg sit her no med ei kule i den venstre skinnleggen. La meg få halte vidare, din forbaska skeptikar!
Det e naudsynt å drite seg ut, og kvifor ikkje gjere det ofte – ein blir vel noko meir menneskeleg på dét viset.
Åge :: 19. november 2008
Neste blogg :: oversyn :: førre blogg
aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508
Denne sida blei sist endra :: 19. November 2008 :: ©
www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no
