Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

«Danse mi vise, Gråte min sang» :: Einar Skjæraasen

Her er du no :: www » nn » blogg » 2007 » 1958

Einar Skjæraasen kom med samlinga Danse mi vise, Gråte min sang i 1958. Her er nokre av dikta:

Hemover

Møte skogen
som svale duvinger
inn over
svidde lengsel-strender.
Følgje landsvegen fram
gjønnom hemleg lende
og kjenne att rytmen,
den første,
uutslettelege.
Stanse ved små posthus
og ta i sterke skyldfolk-nevar
og takke for sist.
Elske farten videre
innover
framover
tel je møter bekken
som bar min barndoms
Tryggvason-skip
på lystige stryk
ut, ut.
Og videre, videre
tel je når den siste
go'låta på tur'n:
Grindknirken heme!

Skumringstime

Dagen stuper mot vest med lydlause fall.
Lyset går som en sølvstim i steng – så sakte.
Tongt mot e stugu luter en gammal tall.
Klokka tikker. Elden knurper og tygg,
tyriljøsken fester mot skumrings-kroken
skuggen tå han som sit her med trøtt-rund rygg.
Vinden kryp åt en ås og roer seg der.
Rim-landskapet stivner – og står på ruta.
Dører glir sakte i – mellom var og er.
Ryggen retter se' opp att. Hjarte går fort.
Tanka vekkjes og vildrer som skremte fugler,
kretser i ring om så mye – ugjort og gjort.
Mannen stirrer: På glaset mot vinter og natt
veks det endelaust kvite og stille skoger.
Dit inn ska' alle. Derfrå kjem ingen att.

Armods veger

Trekors. Jønnkors.
Glømte graver.
Vær som sletter
årstall og bokstaver.
Menn frå skog
og skrinne grender.
Nybrotts-rygger.
Tømmerhoggar-hender.
Fedre, mødre
som laut strekke
lyset inn i natta
– sku' det rekke.
Unge, gamle.
Gamle, unge.
Viilgras-tuver,
løv'tann, tiriltunge.
Liv tel spille.
Konn for kråker.
halshogg-netter
i fristnem åker.

II

Sit en fugl
og kviler venga,
syng frå korset
over glømsel-senga.
Kvitrer ut om
berga båe:
Svarte berget
– og det ekko-blåe.
– Gangen mot det
lengsel-fødde:
Stier, inn i
grus og gråsten trødde.
Det vi fann
og det vi skimte:
Armods veger
under stjerne-glimtet.

Neste blogg(å) :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no