Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Kråkesølv frå barnemunn

Her er du no :: www » nn » blogg » 2007 » Agnes Ravatn

Følgjande stod å lese i baksiderapport i Dag og Tid som kom ut 30. november (2007). Overskrifta var Kråkesølv frå barnemunn, der forfattar Agnes Ravatn var rett open om born og fly:

Denne gongen hamna eg på sete ved sida av eit lite helvete av ein unge. Eit jentebarn på ein stad mellom to og seks år (det er vanskeleg å seie noko nøyaktig når dei er så små, alle ser heilt like ut), som straks flyet letta, sette i gang å skråle følgjande remse om att og om att: Heia mamma! Heia pappa! Heia deg! Heia kattepus! Heia mamma! Heia pappa! Heia deg! Heia kattepus!
I starten gjekk det greitt, det var nesten så denne smittande entusiasmen gjorde meg litt oppstemt. Men etter ei kort stund begynte eg å gå kraftig lei av å ha dette meiningslause, overoptimistiske mantraet i øyret. Mora sat ved vindauget og kikka uinteressert ut i skyene, utan å vise vilje til å vilje gripe inn. Eg begynte å fantasere om å træ spyposen ned over hovudet til dette freidige barnet, men messinga hadde truleg ikkje minka i styrke av den grunn. Til slutt var det nesten så eg ville vende meg mot ungen og spørje om ho ikkje visste kven eg var.
Det får ein jo til å begynne å lure: Lar ein ikkje barn få sleppe litt for billeg? Kva for intellektuelt reservoar har dei til rådvelde? Og kva for pinleg lågt refleksjonsnivå er det eigentleg dei ligg på? Dersom det hadde vore ein vaksen som oppførte seg på denne måten, ville vedkomande etter kort tid bli så lei av seg sjølv at sjølvmord ville vere den einaste fornuftige konsekvensen.

Jau, eg har sjølv fått prakka på meg ein liten ein, med merkeleg motorikk og særs dårleg kjennskap til Newton sine kraftlovar. Dårleg diksjon har han òg, men det kan vere etter far hass ... No, vel, nok om det, attende til Ravatn:

Ungar er dumme, og dei kan ingenting. Eg likar ikkje å snakke med barn, fordi eg kjenner ein aversjon mot å måtte senka meg ned på deira nivå. Dei eig ikkje humor, og særleg meistrar dei ikkje heilt basale ting som ironi.* Likevel er det mykje som tyder på at andre ser heilt annleis på denne saka. For kva synest vel vaksne er meir sjarmerande og forfriskande enn eit herleg lite gullkorn frå barnemunn? Dette er nok Unni Lindell. sjølvsagt, det beste provet på ...

Dag og Tid

* Tron Jensen melde – i avisa Dagens Næringsliv for 8-9. desember (2007) – ei innspeling av Mahler sin 4. symfoni gjort av Royal Concertgebouw Orchestra. Mellom anna kunne vi (på bokmål lese:

Ironi kan også bety bevissthet om kunstens og språkets illusjonsmakeri.

Men, som Bjørn Nilsen skreiv da han sukka på baksida av Klassekampen for 24. september (2007):

– det er grenser for ka ein hemnskjelling på avstand får med seg av jåssprat på papir og i eter. Forbløffende er det allikevel å merke seg hva de ikke får pekt på av viktige poenger. Kan det komme av at de snakker alt for mye og for tidlig, og tenker tilsvarende lite og grundig?

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no