Baksiderapporten
Eg måtte følgja opp dette som eg hadde starta på, ellers ville eg raskt falla tilbake til min gamle, anonyme plass i samfunnet. I ettertid ser eg at eg var i ferd med å utvikla meg til min eigen parodi. Heime, tuslande rundt i huset, greip eg meg sjølv i å mumla ting som «memento mori» ...
Dag og Tid, 30. mars (2007)
Blodskamma i Oslo-pressa
Medieklikken var overskrifta på forsida av Dag og Tid 16. mars (2007), da dei outa ymse personar i andedammen:
Etter at Valla gjekk, sit den norske journaliststanden skadd att. Men det er han for øydelagd til å sjå sjølv.
Det er slikt som Valla-saka som får ein journalist til å skjøna at alle yrke inneber eit visst element av prostitusjon, men ingen yrke så mykje som journalistikken. Og då har vi ikkje eingong byrja å tala om incesten.
Det vart den mest dekte saka i noregshistoria. Kvifor? Av di Gerd-Liv Valla var så småleg at ho ikkje var viljug til å løna Ingunn Yssen om Yssen tok plassen på Forsvarets høgskule. Det var alt eller ingenting, og det er knappast til å tru.
Kvifor ikkje? Vidare:
Kven var det så som sette det heile i gang? Jau, ein liten, incestuøs klikk av norske journalistar.
Åge på Svartlamon :: 17. juni 2007
Neste blogg :: oversyn :: førre blogg
aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508
Denne sida blei sist endra :: 26. November 2008 :: ©
www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no