Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Bastard – ei ikkje-kvinneleg vinkling

Her er du no :: www » nn » blogg » 2007 » Lars Ove Seljestad

... eg fann at dette var noe eg kunne bruka om meg sjølv, i mi eiga sjølvforståing.
Eg er ein bastard, ikkje i betydninga lausunge, uekte(født) eller halvblods, men i betydninga hybrid, blanding, mellomting. I løpet av den reisa eg så langt har gjort gjennom livet, har eg ofte kjent meg urein, splitta, ikkje heil ved. Reisa frå industrihallane i Odda til akademiske lesesalar og ærverdige bibliotek i inn- og utland, har gitt meg motstridande erfaringar, verdiar og språk. Ofte kjenner eg det akademiske språket som eg har brukt årevis på av livet mitt på å læra meg som utvendig tom klingklang, som unødvendige forvanskingar, som opphøgd svada som tener meir til å skilla mellom dei innanfor og dei utanfor enn det tener tenkinga og formidlinga. Samstundes vil ei anna side av meg insistera på at dei akademiske formene og begrepa er nødvendige for å forstå og gripa om visse sidar av verda og tilveret.

Sånn skreiv Lars Ove Seljestad i opninga av boka Bastard.

Eg trudde, som barn, fullt og fast på det synet som vi heime i Odda hadde på liv, samfunn og arbeid. Mine verdiar og holdningar var reine, sjølvsagte, openberre, innlysande, men blei etter kvart, gjennom skule og lesing, utvatna og utvikla i andre retningar. Det store brotet kom med Nansen-skolen på Lillehammer. Då eg kom dit, kom eg som flyktning. Livet hadde for første gong alvorleg sparka beina under meg, og Nansenskolen var ein flukt frå nederlaget. Eg søkte asyl under oslofjordhumanismens kvite vinger, og blei i noen år dens trufaste tjenar.

Tvangssosialistane

Seljestad ser ut til å ha slutta seg til rekka av demokratar og sosialistar, menneske som kanskje trur at materiell logikk rår over røynda – litt som realistane i programposten Verdt å vite, når dei gjer greie for korleis dyr (eller annan natur) ter seg ut frå menneskeleg tankegang, som drivne av ein uavvendeleg samanheng.* Anvendt på eit menneskeliv, blir det heile ei rigid øving for middelaldrande mannebein. Men tilbake til bastarden Seljestad:

Denne boka er ein bastard. Og eit forsøk på å skriva saman dei refleksjonane eg har gjort på bakgrunn av den brotne og motsetningsfulle biografien min. Opprinneleg hadde eg tenkt at denne boka, til tross for tittel og tematikk, skulle framstå som ein smidig og slutta heilskap, slik eg ville at min bastardiske identitet gjennom denne boka skulle skrivast saman i ei heilskapeleg fortelling. Bakgrunnen for denne ambisjonen har særleg vore å finna i mitt ønske om igjen å bli heil ved, eit ønske om å kunne skriva saman arbeidargutten Lars Ove og akademikaren Lars Ove i ei slutta fortelling. Denne ambisjonen har nok også vakse fram på bakgrunn av dei faglege arbeida eg har gjort på området biografi, arbeid og identitet. Ikkje minst med utgangspunkt i det arbeidet den franske filosofen Paul Ricoeur har gjort for å visa korleis ein gjennom (livs)fortellinga kan etablera ei form for narrativ identitet der det ulike, motsetningsfulle og usamanhengande finn sin heilskap innanfor fortellinga. Og blir identitet.

Eit konstrukt

Eg let meg forvirre av Odda-språket. Dei har, i grove trekk, intern strid mellom bokmål ute i fjorden (Tyssedal) og nynorsk oppe i Røldal. Sjølve Odda er delt opp i ulike leirar, sikker med ein form for systematikk. Men nynorsken inst i Sørfjorden er besonders. Der normal-nynorsken ville ha forteljing, kan ein hjå ein Odda-forfattar lese fortelling, og noen i staden for nokon eller nokre. Og sjefen min i Odda kom ein dag inn på kontoret mitt og ytra – i beherska harnisk – at "nynorsken min var berre sjølkonstruert tull!" Klart misbruk av definisjonsmakt! Men slik er kanskje Odda? Uansett, norsk er vel meir eller mindre fire millionar ulike dialektar, eller personlege målføre, ideolektar ...

Det blir ofte sagt at essayet er eit forsøk. Denne boka er heilt klart eit forsøk. Men ikkje er denne boka eintydig eit slentrande fransk essay, der forfattaren overraskar både seg sjølv og lesaren i den tilsynelatande formålslause, men kunnskapsrike, subjektive vandringa i emnet. Heller ikkje er denne boka eintydig eit objektiverande, stringent, opplysande engelsk essay der vi skuar ideane og tankane i stramme logiske former. Sanninga er vel at det er litt av begge delar. Og noen andre ting i tillegg. Boka er med andre ord ein bastard, ein crossover i grenselandet mellom faglitteratur og skjønnlitteratur, mellom biografi, dokumentar og essayistikk. Og til tross for sine sår, sprikker og brot, er boka likevel blitt ei fortelling med ein ikkje-samanhengande samanheng eller ein samanhengande ikkje-samanheng, som Ricoeur ville ha kalla det.

Kanskje det likevel er von om noko meir, noko ikkje-rasjonelt? Vel, nyhende frå fortida, eit tidsbilete:

Inviklativt

Eg veit at vi var fattige i barndommen min på 1960-talet. Vi budde i ei toroms leilegheit som tilhøyrde bedriften. Det var ikkje bad i leilegheita. Vi hadde ikkje bil. Vi hadde ikkje fjernsyn, fryseboks, kjøleskap, stereoanlegg. Ferie hadde vi om sommaren i eit gammalt hus som vi lånte av noen venner av mor tre mil frå Odda. Men slik var det jo òg for dei andre arbeidsfolka som vi budde ilag med på 60-talet. Dei fleste var utan bil og fjernsyn, noen hadde kjøleskap og fryseboks. Og alle hadde komfyr. Ungane bada i stampen på kjøkkengolvet, medan fedrene bada på jobben og mødrene vaska seg med stamp eller over vasken.
På 1970-talet begynte mødrene å arbeida. Lønningane til fedrane steig i raske sprang. Far min arva pengar. Vi fekk ny treroms leilegheit. Og alt det mediale og komfortable som høyrde det moderne heimelivet til. Bilen var det mor mi som brakte inn i familien. Telefonen tok søstra mi med seg heim.
At mor begynte å arbeida var mot far sin vilje. Men han tapte. Mor hadde tidsånda på si side. Ho ville ut og realisera seg sjølv. Ho ville tena eigne pengar. Men aller mest ville ho ut og treffa andre folk og få anerkjennelse for det arbeidet ho gjorde. På 1960-talet var ho heimeverande husmor. Etter kvart fekk ho deltidsarbeid som vaskehjelp på brakkene til Smelteverket. Det var ein dritjobb. Noen av dei gamle ungkarane var temmeleg alkoholiserte og tok verken vare på seg sjølve eller det som vel må karakteriserast som heimen deira. Og mange av dei unge, som berre var på gjennomreise, nytta den nyvunne fridomen til festing og herjing. Å tilbringa arbeidstida si blant støv, skit, rot og tomflaskar var ikkje det mor mi hadde tenkt seg for sitt liv. Vaska hadde ho aldri likt, sjølv om ho sette si ære i å ha ein gullande rein heim for seg og familien sin.
Derimot lika ho å laga mat og baka kaker. Og ho var flink til det. Så då ho midt på 1970-talet fekk tilbod om å koka for det nye brakkelaget som Smelteverket sette opp på Hjøllo** i samband med bygginga av Ovn III, slo ho til på det. Ei tid ho arbeidde som anleggskokke for Furuholmen AS kom ho òg til å tena meir enn far min. Det lika han lite. Ei kone som knapt var heime. Og som tente meir enn han sjølv. Det passa dårleg for ein ufaglært rundskiftarbeidar som helst ville komma heim til ferdig mat og reint hus til ei kvar tid. Og som hadde trudd at hans bidrag til familien var å bringa heim lønningsposen kvar torsdag og at det automatisk gjorde han til familiens overhovud. 1970-talet slo den trua i stykker for far min, og for mange andre norske menn. Både i arbeidarklassa og andre samfunnsklassar.

Jante og den vestlandske regnkysten

Om prestasjonane til den arbeidarklassa som Seljestad er så oppteken av:

Arbeidet bestod jo ikkje i å vera flink og arbeidsom og å få ros og gode karakterar for jobben. Uansett kor mye eller kor lite du gjorde, så fekk du samme lønna. Og respekten var det jo så som så med. Hemmelegheita med å jobba i prosessindustrien var å gjera så lite som mulig. For då gjekk anlegget best, sa dei gamle og erfarne prosessoperatørane. Å gjera for lite var ikkje bra, for då skubba du arbeidet over på arbeidskameratane. Å gjera for mye var heller ikkje bra, for då øydela du for dei som skulle jobba der heile livet. Nei, poenget var å jobba akkurat passe. Nok til at produksjonen gjekk sin gang, men ikkje så mye at arbeidet stilte kollegaene i eit uheldig lys, eller så mye at ein blei mistenkt for å «gå med ein formann i magen». Ein skulle med andre ord ikkje vera flink gutt og signalisera interesse og ambisjonar ut over det ein var tilsett for å utføra. Eit fullstendig brot med rolla som «flink skulegutt», der det jo nettopp handla om flid, nøyaktigheit, og læringsinteresser som gjekk ut over det aktuelle.

Odda sentrum 17. mai 2007 kl. 13:32

Ja, han er klasseorientert, men:

... var blitt ein sosialt og kulturelt framand ...

... som òg var heime ...

... i fortvilelsen og smerta. Heime i Odda. I skyggen av skorsteinsindustrien. Heime under dei høge fjella på den vestlandske regnkysten. Under den iskalde og veldige Folgefonna. I byen utan horisont.

Odda – bygda utan horisont

Vemodig proletær arbeidarromantisering:

Dette er draumen
Som sokk i hav.
Den tyske filosofen Wilhelm Schapp skriv i boka si In Geschichten verstrickt at vi lever våre liv innvikla i historier. Historiene følgjer oss i den vakne dagen vår, dei følgjer oss inn i svevnen, dei opptrer i draumane våre. Og når vi vaknar, står dei ved sida av senga vår og ventar på oss, klare for oss til å tre inn i. Livet, som menneske, er eit liv innvikla i historier. Slik eg tolkar Schapp, er det snakk om historier forstått som fortellingar han skriv om. Og når eg skriv dette skil eg ikkje mellom Historie og Fortelling. Det er ikkje Historia forstått som menneskhetens historie eller historie som fag Schapp siktar til når han hevdar at våre liv er vevd inn i historier, men heller dei mange små kvardagshistoriene som omgir oss og som utgjer den veven som vi tolkar våre liv mot og lever våre liv innanfor. Slik sett forstår eg Schapp i retning av Max Weber sitt berømte diktum om at mennesket er «eit dyr omgitt av nett av meining som det sjølv har spunne». I dette tilfeller meining i form av fortellingar.

Misantropi

Tja, kanskje var ikkje Seljestad likevel ein rein rasjonalist, men ein logikar som torer å opne for noko meir enn rein rigiditet? Nja, skeptisk! Men han kjenner akademia og definisjonen på kulturhistorie òg kan sjå den som ein del av sitt eige liv:

Denne narrative forma for kunnskapsoverføring og kunnskapstradering står, slik eg ser det, sterkare i dei sosiale laga som ikkje er akademisk skulerte. Etter mitt syn finst det òg mange argument for å hevda at fortellinga er ein meir opprinneleg og «naturleg» kunnskapsbærar og kunnskapsformidlar enn argumentasjonen og beretninga, slik vi finn i dei fleste akademiske tekstar. Fortellinga er den opprinnelege genren for kunnskapsformidling, kunnskapstradering og sosialisering i munnlege og erfaringsbaserte kunnskapskulturar og livsformer. Den er med andre ord meir folkeleg og praktisk og mindre elitistisk og skolastisk. Og dermed også meir kommuniserande og mindre ekskluderande og distingverande. Ein av dei som har understreka betydninga av fortellinga som kunnskapbærar og erkjennelsesform, er den før omtala Husserl-eleven Wilhelm Schapp, som i fleire bøker har arbeidd med å undersøka historiens betydning for mennesket. Eit hovudpoeng for Schapp er at vi ikkje kan forstå mennesket utan historier. Menneskets væren er Innvikla-i-historier-væren. Schapp hevdar vidare at: Det vesentlege som vi veit om menneska viser seg å vera historiene deira og historiene om dei. Gjennom eit menneskes historie kjem vi i berøring med eit sjølv. Mennesket er ikkje mennesket av kjøtt og blod. I staden trenger dette mennesket si historie seg på oss. Det som har hendt meg i livet, dei erfaringane eg har gjort som handlande og lidande menneske, kan eg formidla til andre i form av fortellingar. For Schapp oppstår både identitet og menneskeleg sosialt fellesskap i og gjennom historier. For han er historiene dei siste, ikkje overskridbare, fundamentale omstende, som gir grunnlaget for all kvardagsleg meiningsproduksjon. Eller som han også seier: For oss er historier urfenomen, urkonstruksjonar, opprinnelegare enn vitskapens konstruksjonar.
Den franske filosofen Paul Ricoeur hevdar at fortellingar i form av narrativ er den språklege genren som står nærmast handlinga og dens temporale strukturar, og difor er den forma som er best egna til å gjengi sosial handling.

Deretter batt han seg opp mot arbeidsromantikaren Kjartan Fløgstad og undertittelen til Fyr og flamme (1980) som igjen hadde undertittelen Av handling, ordspel på avhandling/av handling. Og der melde han seg atter inn i arbeidarromantikken samstundes som han bygde bru over til nyare og mjukare, meir folkeleg akademia. Godt skrive! Men legg merke til at han er redd for distinksjonen og det å tre ut or klassa si.

Odda sentrum 17. mai 2007 kl. 13:34

Augustins forventning, minne og oppmerksomheit

Relevans for eigen situasjon, på grensa mellom fiksjon og reell røynd, fann eg i følgjande utgreiing (trekk pusten no!):

Eg vil her prøva å gi ei kort og noe ufullstendig framstilling av Ricoeur sine tankar om narrativ identitet slik eg blei kjent med dei gjennom avhandlingsarbeidet mitt om ungdom, arbeid og identitet.
I artikkelen Life in Quest of Narrative diskuterer Ricoeur grunnlaget for å forstå narrativ identitet som mediet mellom menneskeleg identitet som både noe fast og noe foranderleg. Han tar her utgangspunkt i diskusjonen om livet er levd eller fortald. Som grunnlag for denne diskusjonen hevdar Ricoeur at fortellingar er fortalde og liv er levde. Dette utgangspunktet tar han for å unngå den for enkle og direkte relasjonen mellom levd erfaring og livsfortelling. Grunnlaget for sin teori om narrativ identitet finn Ricoeur i Aristoteles' Poetikk og i russiske og tsjekkiske formalistars arbeid i 1920-30-åra, samt i nyare arbeid frå franske strukturalistar. Eit sentralt begrep for Aristoteles er muthos, dette betyr både fabel (oppdikta fortelling) og plot/intrige (forstått som ei velkonstruert fortelling). Det er muthos forstått som plot/intrige Ricoeur legg til grunn for sine forsøk på å formulera relasjonen mellom liv og fortelling.
Emplotment (å konstruera eit plot) er for Aristoteles ei syntese av heterogene element. Først og fremst ei syntese mellom dei mangfoldige hendingane og fortellinga som er einheitleg og fullstendig. Plotet bidreg altså til å laga ei fortelling ut av ei mengd ulike hendingar, som i utgangspunktet ikkje har noe med kvarandre å gjera, men som gjennom integreringa i plotet blir det som bidreg til å driva fortellinga framover, til å starta den og til å avslutta den. Ei fortelling med eit plot er ikkje ei suksessiv kronologisk fortelling slik vi kjenner det frå dei første stilane vi skreiv på barneskulen: «og så gjorde vi sånn, og så gjorde vi det, og etterpå så gjorde vi ...» Tvert om, ei fortelling karakterisert ved eit plot er ei fortelling som framstår som eit organisert og forståeleg heile. Eit anna kjenneteikn ved plotet er at det bind saman heterogene komponentar som uintenderte omstendigheiter, oppdagingar, dei som utfører handlingar og dei som lir under dei, sjansar og planlagte møter, interaksjon mellom aktørar, som spenner frå samarbeid til konflikt, middel som er dårlege og vel tilpassa til måla og uintenderte konsekvensar. Alt dette blir gjennom plotet samla i ei fortelling som både er samanhengande og ikkje-samanhengande på ein gong. Ricoeur skriv derfor om ein ikkje-samanhengande samanheng eller ein samanhengande ikkje-samanheng. Men emplotment skaper også ein syntese i ein tredje forstand, nemleg syntesen mellom to ulike tider i alle fortalde fortellingar. Dei ulike tidene er her å forstå på den eine sida som den tida som går, som flyt forbi og som framstår som ein open ubegrensa fortsettelse, og den tida som den fortalde historia dannar som er endeleg og som framstår som integrasjon, kulminasjon og slutt. Ei fortellings temporale identitet er såleis det som varer ut over det som flyt forbi.
Ricoeur konkluderar artikkelen sin med å prøva å foreina Aristoteles' teori om narrasjonen og plotet med Augustin sin teori om tid. Augustin ser tida utifrå notidas tre aspekt: forventning, som han kallar framtidas notid, minnet, som han kallar fortidas notid og oppmerksomheit, som han kallar notidas notid. For Aristoteles vinn samanheng over ikkje-samanheng gjennom plotet. For Augustin derimot er det ein ikkje-samanheng i forventning, minne og oppmerksomheit, men vi ynskjer å oppnå ein samanheng og strekker oss mot denne. Når vi då ser tilbake på livet vårt, framstår det som ein konstruerande aktivitet der vi prøver å oppdaga frå innsida den narrative identiteten som konstituerer oss. Narrativ identitet er eit dynamisk identitetsbegrep som både er bestandig i tid og foranderleg.
I boka Oneself as Another diskuterer Paul Ricoeur det han kallar for sjølvets hermeneutikk. For Ricoeur er det grunnleggande identitetsproblemet knytt til den temporale dimensjonen. Personar og aktørar har alltid ei historie, er i ein viss forstand si historie. Slik han ser det, har dei tidlegare studiane av handling og språk ikkje lykkast med å forstå/gripa eit subjekt som forandrar seg samstundes som det er og handlar i verda, og er ansvarleg for sine handlingar.*** For å forstå dette aspektet ved aktørar og handlingar, tek Ricoeur opp tematikken personleg identitet. Personleg identitet kan, i følgje Ricoeur, berre uttrykkast gjennom den menneskelege eksistensens temporale dimensjon. Med bakgrunn i den omfattande studien han har gjort i tilknytning til menneskeleg historie og historieskriving i Time and Narrative, overfører han denne kunnskapen til diskusjonen om personleg identitet. For Ricoeur er det narrasjonen som gjer tida menneskeleg, både på det samfunnsmessige planet og på individplanet. Ricoeur lanserer i tråd med dette begrepet narrativ identitet som eit middel til å forstå konstitueringa av sjølvet i tid. Han tek her opp debatten om sammeheit/identitet (idem) og sjølvheit (ipseite). Gjennom begrepet narrativ identitet vil han prøva å gripa dialektikken mellom sjølv(heit) og sammeheit. I boka forsøker Ricoeur å klarlegga forholdet mellom konstitueringa av handlinga og konstitueringa av sjølvet.
Narrativ identitet trer fram i dialektikken mellom sjølv(heit) (ipseite) og sammeheit (idem). Denne dialektikken oppstår gjennom og blir løyst gjennom narrativ identitet. For å illustrera dette poenget vil Ricoeur visa korleis samanbindinga av hendingar som oppstår gjennom emplotment gjer det mulig å integrera opposisjonar som forskjelligheit, ikkje-kontinuitet og ustabilitet innanfor sammeheit-identitet. Deretter ønsker han å framstilla korleis overføringa av emplotment frå handlinga til karakterane i narrativet produserer ein dialektikk i karakteren som er dialektikken mellom sammeheit og sjølv(heit). Når Dilthey formulerte begrepet om samanheng i livet (Zusammenhang des Lebens) rekna han det for å vera ekvivalent med ei livshistorie. Denne ideen om samanheng eller livssamanheng er det teorien om narrativ identitet forsøker å heva opp på eit høgare abstraksjonsnivå. Dette gjer Ricoeur gjennom å visa korleis karakterar (identitet) blir konstruert gjennom eit plot. Identitet på emplotmentnivå er ein kamp mellom samanheng og aksepten av ikkje-samanheng. Gjennom syntetiseringa av det heterogene komponerer narrasjonen ein ikkje-samanhengande samanheng.
Det spesielle med narrasjonen er at den innfører ein samanheng som bygger på hendingar. Den narrative hendinga blir definert gjennom forminga av plotet. Emplotment integrerer ting som kunne ha hendt annsleis, eller som ikkje hadde behov for å henda i det heile, i ei form for nødvendigheit eller sannsynlegheit. På hendingsnivået blir med andre ord det tilfeldige gjort til noe nødvendig gjennom narrasjonen. Denne nødvendigheita er ei narrativ nødvendigheit som oppstår gjennom sjølve den formande handlinga. Gjennom narrasjonen oppstår såleis eit dynamisk identitetsbegrep som foreinar opposisjonane identitet og forskjelligheit.
Ein karakter er den som utfører handlinga i eit narrativ, og er derfor sjølv ein narrativ kategori som forutset den same narrative forståelsen som plotet sjølv. Karakterar er slik sett i seg sjølv eit plot. Gjennom framdrifta av plotet får karakteren ein identitet som heng saman med plotet sjølv. Å utvikla ein karakter er å fortella meir. Den narrative strukturen bind saman dei to emplotmentprosessane, den som handlar om karakterens emplotment og den som handlar om historias emplotment. Svaret på spørsmåla kven, kva, kvifor er ei kjede av svar som er bundne saman i historia. Å fortella ei historie er å fortella kven som gjorde kva og korleis gjennom å formulera forbindelsen mellom desse ulike elementa i tid. Narrativet tillet karakterane å setta i gang ei handling og samstundes gjer narrativet det mulig å definera denne handlingas begynnelse, midtpunkt og slutt. På bakgrunn av korrelasjonen av handling og karakter oppstår det ein indre dialektikk i karakteren som er den same dialektikken mellom samanheng og ikkje-samanheng som handlingas dialektikk i plotet. På bakgrunn av plotet si evne til å framstilla ein ikkje-samanhengande samanheng, bidrar den tilfeldige hendinga til livshistorias nødvendigheit, som er lik ein karakters identitet. Sjanse blir omforma til skjebne, og karakterens identitet kan berre bli forstått innanfor dette plotet. Personen får, med andre ord, den same dynamiske identiteten som fortellinga. Narrativet konstruerer karakterens identitet gjennom å konstruera den fortalde historia.
Alasdair MacIntyre lanserer begrepet om «livet sin narrative enhet» som ei vidareføring av Dilthey sitt uttrykk om «livet sin samanheng». I sin diskusjon av dette vel Ricoeur å starta på eit plan mellom praksisar – yrker, spel, kunstar – og det totale eksistensprosjektet. Med livsplanar forstår han dei mange praktiske enhetene som utgjer yrkesliv, familieliv, fritid. Desse livsplanane har ei form som er mobil og foranderleg. Denne openheita er forankra i ein «back-and-forth movement between more or less distant ideals, which must now be specified, and the weighing of advantages and disadvantages of the choice of a particular life plan on the level of practices». Praksisfeltet er med andre ord konstituert som ein dobbeltbevegelse med aukande kompleksitet frå enkle basishandlingar og praksisar og ein forenklande bevegelse frå idealer og prosjekt som uttrykker livets enhet. Livets narrative enhet er slik sett ikkje ei oppsummering av praksisar, men er like mye forma av eit livsprosjekt som av fragmenterte praksisar.
Å samla saman livet sitt i form av eit narrativ tener for MacIntyre som grunnlaget for det gode liv. Livet må samlast for å framstå som eit ekte liv, som eit fullstendig liv. Men ulikt i litteraturen kjenner vi ikkje begynnelsen og slutten på våre eigne liv. I tillegg er våre eigne livshistorier bundne saman med andre sine livshistorier. Det er desse kjenneteikna som skiller våre eigne livshistorier frå fiktive livshistorier. Våre livshistorier er opne, uavslutta, vevd inn i andre sine livshistorier. Vi er ikkje vårt livs forfattar sjølv om vi er fortellar og karakter i våre eigne fortellingar. Sjølvforståelsen vår dekkar i tillegg berre fortida og må vidareførast med framtidige foregripingar og prosjekt der dialektikken mellom «rommet av erfaringar» og «forventninganes horisont» relaterer utvalet av dei fortalde hendingane til foregripelsar som høyrer til det Sartre kalla for vårt eksistensielle prosjekt.
Sjølv om vi ikkje er forfattar av vårt eige liv når det gjeld eksistensen, så er vi likevel gjennom livsfortellinga medforfattar til vårt eige livs meining. Den narrative enheten i livet er ei ustabil blanding av fabulering og faktisk erfaring. Og nettopp på grunn av den flyktige karakteren som det verkelege livet har, treng vi hjelp av fiksjonen for å organisera livet retrospektivt. For å gjennomføra denne reorganiseringa låner vi midlertidige plot frå litteratur og historie. Vi har begrep om å begynna og avslutta ei handling slik som vi har det om ei historie. I den fortalde fortida ligg òg prosjekt, forventningar og foregripingar. Ricoeur konkluderer på dette grunnlaget med at litterære narrativ og livshistorier difor ikkje er gjensidig utelukkande, men komplementære, og at det skrivne livet har vore del av eit levd liv før det blir skrift.****

Eg vil tru både logikarar og gamal-marxistar fekk ståpels av slik overdriven hegelianisering. Men nok sleivspark; Sjølv fann eg MacIntyre meir tilgjengeleg enn Ricoeur – og ser òg slik mine begrensninger. (Jag är inte lektuell!) Mine erfaringer frå Odda handla meir om dei proletariserte:

Familiar der foreldrene drakk og ungane gjekk på sjølvstyr. Rampungar, som vi kalla dei. Eg kjende meg noe framand i dette arbeidsmiljøet og hadde lite med dei å gjera.

Odda sentrum 17. mai 2007 kl. 13:48

Mot slutten av forteljinga greia Seljestad ut for kjeldene sine:

Begrepa om Bildungsaufsteiger og Integrierte Typen som eg nyttar som ein reiskap til å sjå forskjell på ulike klassereisande, kjem frå Peter Alheit sitt foredrag om Am Schnittpunkt zweier «Lebenswelten»: Biographische Strategien von «Non-traditional students» beim Übergang in die Universität. Framstillinga av forholdet mellom personleg identitet og narrativ identitet er henta frå Paul Ricoeur sin artikkel Life in quest of narrative og boka Oneself as another. Kunnskapen om Husserl-eleven Wilhelm Schapp og hans teoriar om livet som eit innvikla-i-historier-liv, har eg henta frå Gerd Vonderach sin artikkel Geschichtenhermeneutik. Alle val og eventuelle feil ved oversetting av sitata står eg sjølv ansvarleg for. Sjølvsagt har eg òg hatt stor nytte av arbeida til Ulrich Beck, i dette tilfellet i samarbeid med Elisabeth Beck-Gernsheim, der dei skriv innleiinga til boka Riskante Freiheiten som eg oversatt eit lite sitat frå. Det same gjeld også inspirasjon som eg har henta frå arbeida til Thomas Ziehe, både som medspelar og som motspelar. I dette tilfellet eit sitat henta frå boka Ambivalenser og Mangfoldighed. Tekstane som eg las for far min kom frå mitt eige essay Arbeidets fascinasjon. Arbeidets forbannelse som sto på trykk i boka Sosiologisk fantasi der Pål Veiden og Rune Åkvik Nilsen var redaktørar. Og som alltid har eg hatt nytte og glede av å lese dikta til Olav H. Hauge og romanane til Kjartan Fløgstad, i dette tilfellet Dalen Portland og Fyr og flamme, som eg her også har hatt gleda av å sitera litt frå. Når desse «gode hjelparane» er nemnt, og i tillegg noen som har gitt mindre bidrag er blitt ståande unemnt, er eg klar til å ta resten av det tekstlege arbeidet på mi eiga kappe.

Litt audmjuk avrunding, der, ja ...

Cappelen om boka ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no