Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Eigil Steinsfjord :: Han ser eg er naken

Her er du no :: www » nn » blogg » 2006 » november

Frå boka Han ser eg er naken

Eg røykjer. Medan eg gjer det, legg eg merke til sumaren. Eg legg merke til fuglesongen. Eg ser at raudkløveren er komen, og eg tenkjer at sanneleg – no manglar berre prestekragen. Eg legg meg attende i stolen og let rusen stige. Det er sigaretten om morgonen som gjev rus. Sigarettane utover dagen er berre tull, som eit slags tidsfordriv utan vidare verknad. Medan eg sit og ser på raudkløveren, dett eit tema ned i hovudet på meg. Ergerleg, no som eg hadde det så fint ...

Stundom er det nok og ein kan verkeleg trivast med ein sigarett ...

Eg vert alltid litt svimen i hovudet når eg har røykt. Kroppen ligg tungt på hofta. Eg vassar i sumargras og tenkjer at dagen i dag får eg aldri att. Eg vil skrive ...

Litt etter:

Tobacco seriously damages your health. Eg vender sigarettpakka. Tobakk gir alvorlig helseskade, står det der. Dei er etter deg kor du enn vender og snur deg. Men eg veit råd, eg legg pakka med stuttsida opp. og der står det berre fakta om innhald og slikt noko. Der lurte eg dei, helsefanatikarane!

Lurte kven? Svevnen stanar opp:

Rusen vil ikkje ta tak. Eg skjønar ikkje kvifor. Det er å kaste bort pengar, dette. Her drikk eg fyrst eitt glas, dinest eitt til, som å helle alkohol over hardtæla is. Eitt eller anna må eg ha høyrt. Eg hadde ikkje vakna elles. Eg knyter snora på slåbroken og tek ein sving rundt huset. Eg veit om folk som har vakna til utende bål når dei opnar utgangsdøra om morgonen, folk som har terga på seg ungdommeleg overmakt. Ein skal ta seg i akt for slikt. Oppe i gata skrålar mannsrøyster, folk frå fest. Eg skundar meg inn.

Han trakk seg stille tilbake – så vel innomhus og utomhus ...

Gin og tonic står i graset. Eg fyrer opp ein Marlboro Tung. Eg veit med meg sjølv at den dagen sjukesyster kjem bort til senga mi og lyser lei melding lang lei, vil eg svara: – Greitt det, oversyster! Sigarettane har gjeve meg så mykje glede at hadde eg fått livet på ny, ville eg ha valt nett det same. De vil ikkje vera så gild og gå bort i garderobeskåpet mitt og hente dei to som ligg i jakkelomma mi? Eg merkar dei ropar på meg!
Så når alt kjem til alt, hevar eg glaset og er nøgd med situasjonen trass alt. Med gin og tonic og ei tjuepakning og lauvet og fuglen i tre, kvifor skulle eg ikkje det? Ein får leva når ein lever.

Kanskje ikkje dumt – men likevel må det vere den mest slitsame boka eg har lese i år. Hovudpersonen irriterte seg så mykje over ein gjeng med ungdomar at han ved eit uhell kom til å låse ein av dei inn i kjellaren, og fekk eit problem:

Eg sig ned i fluktstolen. Kan hende like godt å la han døy? To-tre veker må da halde, så ligg han lik. Rik plass å grava på i hagen vår. Mang ei busk til å løyne. Foreldra vil sørgje eitt år eller to, så vil livet gå sin vante gang. Verre er det ikkje.

Guten var epileptikar og sat bunden fast i ein stol i kjellaren utan medisin. Med islett av pedofili blei ikkje teksten nett grei og lettlest. Hovudpersonen søkte å kome ut or knipa og gjekk for å ta ein prat med far til guten. Vitet hass var i oppløysing:

Ti minutt seinare finne eg ei grasmark eg set meg på. Eg får ikkje hunden ut or hovudet. Kven eig han? Guten har aldri tala om nokon hund. Hadde han hatt ein hund, hadde han vel nemnt det? Eg kan ikkje skjøna anna. Dyr er det gjævaste ein unge kan ha. Han bur med andre ord ikkje her. Han bur i Storgata. Dermed stiller saka seg heilt annleis. Når eg tenkjer etter, er det mest naturleg at han bur i Storgata. Om ein tenkjer på det han driv med, køyre gate opp og gate ned, så er det mest nærliggjande å tru det er Storgata. Og dessutan – det er eit godt stykke frå Linneavegen og dit eg bur. Ingen køyrer den lange strekninga for å herje gate opp og gate ned dag etter dag. Turen hit har med andre ord langt frå vore bortkasta, eg har funne ut kor bur, eller iallfall kor han det er mest naturleg at han bur. I Storgata.

God dag, mann, økseskaft! – Eg tillet meg å tvile på at det var så sunn logikk. Hovudpersonen er lettare drikkfeldig komponist, organist og rivest i tu mellom tru og kvardagsliv:

– Du! No syng me! Ikkje sant? Eg er Ylvette og du Balder. Eg sit med partituret – veit du kva eit partitur er?
Han svarar ikkje, og eg ser det på han – han er ikkje interessert i å få veta det heller. Då går det over styr for meg, denne totale avvisinga gjer at eg misser fatninga fullstendig, og før eg veit ordet av det står eg over han og frøser: – No er du så god at du syng Mahler! Syng for svarte svingande!! Eg pressar han opp og ned opp og ned og opp og ned og tyner trassen og livskiten og fanden og hans oldemor ut av han så det knirkar og knakar og gyngar og læt. – Syng! Syng! – Hjelp! skrik han, og eg ansar meg og held inne, men det gjer langt frå han, han rullar fram med ulinga så heilt ut av kontroll, skrik ut i gråe halvmørkret, og i rein desperasjon grip eg noko som ligg på golvet, ei underbukse eller noko og stappar og stappar til dess vert stilt og han ligg der sprengd og bulande som nyss komen or havsens botn og stirer skremd med augo som går gjennom merg og bein. – Svein! bed eg, og atter som på impuls handlar eg – eg orkar ikkje meir, eg gjev rett og slett opp, og før eg veit ordet av det så ...

Forlaget ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no