Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Norske gleder (i førjulsstria)

Her er du no :: www » nn » blogg » 2006 » Ragnar Hovland

Ragnar Hovland er ein av desse lettare munter-svartsynte vestlendingane med tung bør. I novella Første sommarjobben, som du finn i boka Norske gleder frå 2002, skreiv han om ein unggut som møtte arbeidslivet for første gong. Da sommaren gjekk mot slutten, tenkte han:

... det er berre eitt liv, og det kjennest litt urettferdig.

Det unge livet – og synet på livet – kan ha vore forlenga hjå Hovland òg. Frå Fisketur:

Alle har noko å seie om fisketurar. Alle dei som i det heile har noka interesse for det. Sjølv er eg ikkje fanatisk opptatt av å fiske. Eg liker det, eg fiskar kvar sommar og ein og annan gong om hausten, for å få sommaren til å vare, men eg er ikkje avhengig. Eg har ikkje studert flugebinding, og det kunne ikkje falle meg inn å sitje i time- eller dagevis og studere fiskeutstyr eller teknikkar eller setje alle krefter inn på å spore opp dei beste fiskeplassane.
Men eg er heller ikkje den typen ikkje-fiskar som synest det er likegyldig om ein får fisk eller ikkje, men berre dyrkar det omliggjande, atmosfæren, roa, meditasjonen, som lagar seg zen-inspirerte filosofiar rundt fiskinga. Liksom det einaste viktige i fotball er å lage mål, er det einaste viktige ved fisking å få fisk. Det kan langt på veg kjennast meiningsfylt å stå og fiske ved eit stille vatn utan å få eit napp, men det er ikkje til å kome forbi: ein går skuffa heim. Ein skulle helst hatt noko å vise fram, med det karakteristiske smilet som seier at dette var no ikkje noko spesielt, slikt får eg jo heile tida. Og du skulle sett dei to som sleit seg.
No kan du berre fortelje om dei to som sleit seg, to skikkelege ruggar, men på vegen heim kjenner du at dei minkar for kvart steg du tar, og du kjem fram til at du visst får nøye deg med éin. Ein halvstor.
For å seie det enkelt: eg fiskar så godt som alltid med sluk, frå land eller frå båt, og eg kan gå så langt som til å forhøyre meg i butikken kva for sluk dei vil anbefale, utan at eg nødvendigvis trur at dei veit kva dei snakkar om. Oftast har eg med meg to slukar, ein lett og ein litt tyngre. Det einaste ein då treng i tillegg, er røyk og ein slant gammal dansk. Fit for fight. Det gjeld framfor alt å unngå å bli tatt for å vere profesjonell sportsfiskar og risikere å bli innblanda i kryptiske samtaler med andre sportsfiskarar.
All fisking skal begynne med bestefedrar, ellers blir det feil ...

Litt fundamental innstilling hjå han der Hovland, men som han skreiv: "eg er ikkje avhengig" – Nemnde eg kombinasjonen av tronge vestlandsfjordar og agurktid, tru?

Men avisar i juli, det er noko anna. For verda er ikkje den same i juli, og juli er nesten heller ikkje nokon månad, berre ein skugge av ein månad, noko som knapt er der. Og avisspaltene speglar dette på forbiletleg vis. I den store lokalavisa finn eg eit førstesideoppslag med stort fargebilde. Det dreier seg om ein familietragedie. Ein familie i Førde har opplevd det som berre ikkje skulle skje: Mens mora og begge ungane var heime, kom det ein usannsynleg frekk kjeltring inn og stal mobiltelefonen som låg på kjøkenbordet. Ein ser dei der på fargebildet. Ansiktsuttrykka seier at det har kosta ein del å stå fram med dette, og at dei veit så inderleg vel at det vil bli fint lite ringing no framover. Ja, det er nesten vanskeleg å fatte at folk kan vere så vonde.
Men det har skjedd verre ting enn som så. Ein kan lese at ein skotte, deltakar på folkemusikkfestivalen, tok seg inn på ein privat plen, saman med ei kvinne og ei sekkepipe, og der gav dei seg (med muleg unntak av sekkepipa) straks til med dei fælaste seksuelle utskeiingar, «hadde vill sex,» som det står, så mannen i huset enda på sjukehus med hjarteinfarkt.
No seier eg ikkje dette fordi det er noko spesielt med denne avisa, som er den avisa eg har lese desse sommarvekene, og stort sett med glede. Det er det same med alle avisene.

Frå novella Det regner:

Det er i slike stunder det er vanskeleg å avvise tankane på kva regnet betyr, og kva det har gjort med ein sidan ein første gong skjønte at det fanst. Og det er sjølvsagt ikkje tanken på styrtregn eller på endelause månader med vestlandsregn, stundom heile haustar og vintrar då det ikkje finst noko håp utanom det som finst i bøker og musikk.

OK, litt venstreradikal sjølvkritikk får avslutte denne bloggen:

Her er ei heilt stille juleforteljing: Det er julaftans ettermiddag og heile familien er på veg ut i skogen for å hogge juletre. Det snøar stilt og er begynt å mørkne. Men vi er ikkje redde.
Det er heile historia, og det er nok.
Jul kan vere vanskeleg. På eit eller anna tidspunkt begynner det å bli vanskeleg, ein skal frå no av forhalde seg til jula på ein reflektert og kritisk måte, dei barnslege gleders tid er forbi.
Derfor finst det fleire år då vår familie hadde bestemt seg for at vi ikkje skulle gi kvarandre julepresangar. Det måtte i så fall vere stygge og billige – men til ei viss grad nyttige ting, slik som kleshengarar av stål. Og i staden skulle vi truleg tenkje litt ekstra på våre medmenneske som ikkje var så priviligerte som oss sjølve, og ha passeleg dårleg julesamvit ...
...
Og korleis var julene elles? Jo, ganske riktig, dei var aldeles frykteleg keisame. Omtrent som ein vanleg søndag med regn og kaffibesøk. Så det er vel unødvendig å nemne at presangane blei reintrodusert for snart ein mannsalder sidan. Ein må berre konkludere med at det er naturleg for mennesket både å gi og å få julegåver, og at det nærmast er helsefarleg med for mykje idealisme.
Så om du tenkjer deg godt om, er det kanskje likevel ikkje alternativ julefeiring du vil ha? Skal du verkeleg ikkje sjå Et førjulsmareritt og It's a Wonderful Life på video på vesle julaftan eller dagen før? Ingen julekaffi på senga? Inga stille stund farmfor tv-skjermen med Donald og vennene hans i godt, gammaldags julehumør? Ikkje noka roleg og makeleg gjennomlesing av kva Knoll og Tott, Fiinbeck og Fia, Blondie, Vangsgutane og Smørbukk finn på denne jula? Ikkje jule-cd-ane til Sondre Bratland, The Chieftains og Beach Boys på anlegget? Ikkje ein gong Bing Crosby? Ikkje juletre? Ingen gåver?
Dette vil ikkje berre bli Blue Christmas, det vil bli ei jul så stusseleg at den berre kan appellere til Dickens' Scrooge.
Så mest sannsynleg vil du hamne på heilt motsett ytterkant og tenkje at jula i amerikanske filmar er no likevel det einaste rette.
Men ein treng likevel ikkje gå fullt så langt ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no