Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Ingrid Zachariassen Aanestad

Her er du no :: www » nn » blogg » 2006 » oktober

Utdrag frå debuten I dag er ein fin dag

Maria blir sjuk, kanskje er det fordi ho har gått ut nokre gonger utan hue og skjerf, det har nesten vore vårleg dei siste dagane. Ho las ein gong eit intervju med ein kunstnar som aldri gjekk med hue, ikkje ein gong i mange minusgrader, ho ville ikkje ha noko oppå tankane. Maria syntest det høyrest fint ut, ho har tenkt på dette når ho sjølv har gått rundt uten hue dei siste dagane. Men no er ho sjuk, ho er varm og uvel, kanskje har ho feber. Og ho har vondt i halsen, særleg om morgonen når ho vaknar. Ho kokar te, ho skulle hatt honning også, men ho får klara seg utan. Det blir ei heil kanne som ho tek med seg opp på hemsen. Ho skjenkar i til seg sjølv, ho drikk ein halv kopp, den oransje koppen er glatt og varm å halda i. Og ho er sliten, ho er så øm i heile kroppen, ho sovnar igjen og ho vaknar ein time seinare og drikk opp resten av teen som no er lunka og virkar søtare. Sovesmaken i munnen blandar seg med det søte, det er godt.
Maria tenker at ho kan ligge slik heile dagen, ho er sjuk og treng å kvila. Ho kan slumra seg gjennom timane. Og neste dag også, sannsynlegvis. Så, når ho vaknar ein morgon om nokre dagar og kjenner at kroppen hennar har lyst å stå opp, vil ho reisa seg, vil ho vaska seg, vil ho skifta sengetøy slik at ho slepp å sova i det ufriske sengetøyet ho har hatt medan ho har vore sjuk, vil ho gå ut og kjøpa juice og ferskt brød. Og så vil ho gå og stilla seg utanfor tredøra i den smale gata igjen, banka på og venta til kvinna med det raude håret kjem ut. Alt vil ordna seg.

Ja, den som berre kunne vere litt sjuk – og så ta til på nytt att ...

Dei beveger seg mot sentrum av den vesle byen. No går dei sakte, dei har god tid. Alise seier at ho alltid har hatt eit spesielt forhold til kyrkjer. Det er noko med stilla ein kan finna i ei kyrkje, ei stille som er annleis enn andre stiller. Maria seier at ho aldri kjem på å gå i kyrkja, ho er ikkje oppvaksen med det, det fell seg ikkje naturleg. Alise nikkar og seier det er meir ideen om eit andeleg rom enn det religiøse i seg sjølv som tiltaler henne.

Huset med den laksrosa fasaden

Den rosa malinga på det fire etasjer høge huset heldt på å skalle av fleire stader. Det stod åleine i utkanten av eit lite parkområde og hadde stått tomt lenge. Huset med den laksrosa fasaden hadde ein gong vore ei klesforretning. No var berre skalet av butikken igjen. Eg gjekk rundt huset fleire gongar. Eit rosa, nedslite hus, i utkanten av eit lite parkområde. På utsida: ein mann i mørk dress. Og han ikkje berre stod der, han gjekk faktisk rundt det. Ein gong, og ein gong til. Merkeleg, var det ikkje? For kvar runde stoppa han opp. Til slutt blei han ståande. Kven var det? Det var eg.

Frå Øystein Vidnes' Ekstasar (2006). Ei formulering:

... alt er feil! Ei mental omfamning!

Les meir ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no