Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Agurk = 96% vatn :: så definitivt ketosediett

Her er du no :: www » nn » blogg » 2006 » Lunde :: juli

Alderdomen er hard for konservative politikarar og folk som er gått ut på dato. Kåre Willoch ser ut til å ha hamna i ei sosial-liberal rolle, nærast noko so dei mjukaste tenkte allereie i opplysningstida/på 1700-talet. Medan Willoch har fått kontakt med det modne og reflekterande mennesket i seg sjølv, har Hallgrim Berg fått ei anna utvikling – kanskje noko i retning av retardasjon, om ein skal ta debattinnlegget han skreiv i Aftenposten 12. juli (2006) på alvor:

Grillfreden har senka seg over landet. Me kosar oss.

Ute i verda er det nokon som slåst. Ikkje fordi dei likar å krige, men fordi situasjonen krev det. Det har nettopp vore nasjonaldag i USA. Det er nøyaktig 230 år sidan landet sa seg fritt frå britisk koloniherredøme. Med stor folkevokster, immigrasjon, pågangsmot og arbeidslyst er landet blitt eit føredøme for korleis folkeslag og kulturar kan leva side om side.

Ein stor økonomi

Det er like før USA passerer eit folketal på 300 millionar. Bruttonasjonalproduktet veks framleis. Delstaten California har åleine dobbelt så stor økonomi som dei fem nordiske landa til saman.

Den militære slagkrafta er eit kapitel for seg. USA vil ha Independence Day året rundt og har difor prioritert forsvaret i mange tiår.

Det er mange kritikarar sjølvsagt mot. Det er alltid Amerika som har skulda når det er i strid ute i verda. Samstundes er det like gale når USA ikke gjør noe, men bare ser på.

Det siste tiåret, etter kommunismens fall, har anti-amerikanismen teke til å breie seg i mange land, i media og i det såkalla akademia. Dei medverkande i denne protestalliansen har til felles at dei mislikar eller hatar USA ideologisk og det stormakta står for, anten dei tilhøyrer venstreradikale parti og grupperingar, det politisk aggressive islam, aktive terrornettverk, eller er blant dei politiske elitane i tidlegare kolonimakter som aldri heilt har villa godta oppkomlingsnasjonen USA.

Europa har hatt det godt under den amerikanske tryggingsparaplyen. Seksti år med fred, oppbygging, utvikling og kos. Visst har me betalt vår del av billetten gjennom NATO, men må vel kunne semjast om at me har kome rimeleg og greitt frå den rekninga.

Dei totalitære kreftene i Europa har tapt i tur og orden: Fascismen, nasjonalsosialismen og kommunismen. Der USA, med alle sine lyte, har vore med og slåss, i smått eller stort, er det på sikt blitt meir demokrati. Den nye utfordringa for frie samfunn kjem frå den totalitære islamismen.

Fred og ro

Tenkjer me i takksemd over dei (vestlege) verdiane me som nordmenn og europearar hittil har kunna nyte i fred og ro? Det dreiar seg om meir enn skjegg og bartar. Det dreier seg om å få lesa dei bøkene ein lystar, å skrive og seia høgt det ein meiner.

Det dreier seg om å kunne få synge, danse, svømme, med eller utan klede. Eller å eta og drikke det ein likar. Det dreier seg om respekt for andre familiar, eigedom og levemåtar.

Den søkjande ånd

Det har med den søkjande ånd å gjera; den kristen-jødiske arven og/eller eit humanistisk grunnsyn; det personlege valet; det frie livet; eit produktivt økonomisk system; velstand og velvære; demokrati og rettsstat; utdanning for alle; kamp mot fordommar; likestilling mellom kjønna; respekt for minoritetar; velferd for dei som treng det; fri presse og uavhengige media; vitskap innretta mot innovasjon og velstand; ny teknologi for å gjera dagsens strev lettare; kunstnarleg fridom og skapande prosessar – alt dette for å løfte kvardagen for innbyggjarane.

Reise og utforske

Ja i staden for nei! Å reise fritt! Å samanlikne! Å utforske! Å gle seg høglydt!

I dag kan alle menneske her i nord oppleva eit enormt mangfald i informasjon, kultur, musikk, dans, litteratur, teater og underhalding, og det på eit nivå som berre hundre år sidan var privilegium for konge og keisar! For ei utvikling!

Takk til demokratiet! Takk til freden! Takk til USA!

Infantilisme? Attgjeving av noko han fekk på prent i ungdomsskolen? Ikkje veit eg!

Uansett er det ganske tøft å slå det såkalla akademia i hartkorn med venstreradikale parti og grupperingar, det politisk aggressive islam og aktive terrornettverk.

Torleif R. Hamre,historiker ved Eidsvoll 1814. kommenterte Hallgrim Bergs innlegg på en litt sakligere måte i Aftenposten 27. juli (2006).

Segresjon

Regissøren Luc Godard skal ein gong ha sagt at ein film har ei byrjing, ein midtbolk og ein slutt – men naudsynt er det ikkje at delane kjem i den rekkefølgja. Noko liknande kan seiast om denne sida, for her kjem innleiinga til Hallgrim som sluttpoeng:

USA har akkurat feira nasjonaldag. Med stort pågangsmot er landet blitt eit føredøme for korleis folkeslag og kulturar kan leva side om side.

Folkeslag og kulturar kan leva side om side er eit merkeleg utsegn. Det hadde kanskje vore like rett å seie at dei som ikkje er kvite og rike kan leve side om side. Sjølv om det nesten er fred mellom rasane, er det ikkje likeverd anna enn i den offentlege retorikken, trur no eg da.

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no