Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Fortvilet kreps '72

Her er du no :: www » nn » blogg » 2006 » juli

Selma Lønning Aarø har skrive ei søt lita bok til lettlestbokserien til Gyldendal. Fortvilet kreps '72 er ei oppvekstskildring. Me hopper rett inn i handlinga, der to tolv-fjorten år gamle jenter skal prøve seg på ei flaske øl:

Vi spyr det opp rett etterpå.
Det gjeld å ikkje eta for mykje.
Det beste er, seier Vigdis, å drikka på tom mage.
Då er det mogeleg å bli full på kvar si øl, og meir har vi ikkje.
Sidan mine foreldre er kristne fråhaldsfolk, har eg ikkje så mykje greie på slikt, men Vigdis har sikkert rett.
Onkelen hennar er alkoholikar.

Inne på rommet låser vi døra og teipar barnesikringa på vindauget opp slik at vindauga skal la seg opna frå utsida.
På førehand har vi spela inn ein 90 minuttars kassett der vi snakkar om lekser og andre viktige ting.
Den set vi i kassettspelaren, og så hoppar vi ut vindauget.

Vi har ei hytte i skogen bak huset.
Der drikk vi kvar vår øl med sugerøyr.
Etterpå heng vi opp ned etter ei grein slik at alkoholen skal gå rett til hovudet.
Vi blir dritings.
I alle fall seier Vigdis at ho blir dritings og då nikkar liksom eg.

Nede på kaien får vi sitta i bilen til ein som heiter Terje.
Han er 22.
Håret hans er kort med øyro og langt i nakken, og det er stripa, på same måte som hos Limal.
22, det er ein passeleg alder.
Eg likar eldre menn.

Vi køyrer. Terje seier ikkje så mykje.
Vigdis kviskrar at det er fordi han er edru.
Når han er full seier han mykje meir.
Eg kjenner ikkje Terje, har berre sett han ein gong før.
Første gong var i fjor vinter og eg hadde sett tunga fast til ein lyktestolpe.

Far til Tone måtte komma ut med skøyteledning og hårfønar.
Medan eg stod slik og lurte på om tunga ville bli brann- eller frostskada, kom Terje forbi. Han lo.
Trudde liksom at han var så god i naturfag.
Eg veit ikkje om han hugsar det enno.
Kanskje er det bra at han er ein mann av få ord.

Det unge frøet går hen og blir forelska i *den eldre* mannen, men:

Vi blir alltid oppdaga. Uansett kor forsiktige vi er, blir vi oppdaga. Dama hans har utruleg mange venninner.

Dei er plasserte rundt på strekningen mellom Lærarhøgskolen og sentrum som usynlege geriljasoldatar i terrenget.

Etter at han har blitt oppdaga får han ikkje lov å gå ut på fleire veker.
Han må sitta heime og sjå video med dama.
Flashdance, Purpurfargen, filmar dama likar.
Eg sit på rommet mitt og skriv i Pusur-dagboka mi om kor helvetes jævleg det er å leva.

Ho freistar å finne ein som er litt nærarere seg sjølv i alder, men:

Fulle gutar på moped er ikkje så lette å dansa med.
Dei tør liksom ikkje å dansa bra.
Dersom dei gjer det kjem berre alle til å tru at dei er homofile.

Sex, sex og meir sex saman med naivitet er hovudinnhaldet i eit uerfarent og hormonherja sinn:

Eg og Vigdis skal på kino for å sjå Dirty Dancing.
Vigdis har lese i Det Nye at rå egg ikkje berre er godt for håret, men at det òg er gunstig for potensen.
Eg veit ikkje kva potens er, ikkje heilt, men det er noko upassande, noko mor mi ikkje ville likt.
Eg vil sjølvsagt ha rå egg, eg vil ha potens.

Vi sit på varmerista utanfor kulturhuset og ventar på å få sjå Patrick Swayze.
Vi drikk to rå egg.

Limahl ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no