Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

"Da é so gale!" :: (post Odda)

Her er du no :: www » nn » blogg » 2006 » juni

Romklang

Menn og menn, verda er full av meddelsomme mannebein.

Romklang kalla Knut Olav Homlong sin debut. Boka fekk blanda reaksjonar då ho kom i fjor, og det er eit lite mysterium vi blir inviterte inn i – eller ei temmeleg prosaisk beskriving av situasjonen til ein oversettar med lita framdrift. Hovedpersonen ser ut til å stå stille, men genererer likevel gode tekstbilete, som til dømes in melankolia:

Skulle det gå verkeleg gale, og ein forfraus ein lem eller fekk kaldbrann, så hadde ein likevel ei stund att å leve før infeksjonane tok knekken på heile systemet. Tid nok til å ha seg med eit eller anna av motsett kjønn, og så døy ...

Tja, det var berre eit fatalistisk fragment. Det slepp:

Mykje ligg i at ein ikkje er på botnen, men her oppe. At ein klarer å sitje oppreist. Mykje ligg i at ein ikkje ligg på golvet under kjøkkenbordet og hyler med kjaken ned i brødsmulane og støvet og dei størkna feittdropane. Det utgjer ein skilnad. Det ligg eit fall i dette, det er eit fall mellom sitjande på stolen og liggjande hylande på golvet, eller berre så vidt pustande på golvet. Imellom ligg kjøkkenbordet, kjøkkenbordet markerer ein overgang mellom over og under. Over bordet, under bordet. Over bordet er bra, under bordet, under bordet er ikkje bra.

Nei, det er sanneleg ikkje sikkert det er bra:

... og dette er ikkje dei verste døma, stolar og bord står og svaiar og buklar sinnssjukt med rullande augo for den minste ting, det finst ikkje rimelegheit i det. Sjølv om ein ikkje gjer anna enn å tyggje forsiktig, i tillegg til å ha puls, og altså tygg ei kokt potet, forsiktig, står alt på hovudet. Dette har vore eit frå fyrste augeblink, og heilt igjennom, uklokt og rett ut sagt dårleg møbelkjøp. Det er det verste vi har gjort, men kommentere det gjer vi aldri. Heile dette kjøkkenet er sinnssjukt, vi burde kome oss ut av dette huset med ein gong. Ingenting er rett i dette huset, den såkalla troppa kjem ein seg ikkje opp utan å skade kleda. Kjellaren ha vi ikkje funne enno. Badet er livsfårleg. Utsikta er stort sett bra, men ikkje til å kjenne att frå ein dag til den neste. Det er ikkje til å halde ut, men vi kommenterer det ikkje. Og det er heller ikkje alltid like gale. I lange stunder kan det vere til å leve med, og ikkje berre vere til å leve med, men rett og slett vere helt greitt, heilt vanleg, til og med komfortabelt.

Og her er det mogeleg vi er ved kjerna i boka: det indefinitte, det ein ikkje kan seie. Kanskje er det difor forfattaren røer slik omkring i assosiasjonar utan anna enn å tangere ein kjend struktur på forteljinga?

Eg har reist meg opp og står attmed kjøkkenbordet. Eg står og ser på det vesle lakkerte trebordet med den utslegne endeklaffen, og på den svarte radioen med turkise knappar. Radioen er ikkje på. Potmetra er så fulle av støv og feitt at det skrapar og smell anten eg stiller på volumet eller frekvensen, så eg har slutta å bruke andre knappar enn den eg slår av og på med. Til venstre for radioen står den halvfulle koppen med kald kaffi. Eg veit ikkje kva eg skal gjere. Men så stør eg meg på bordflata med éi hand medan eg bøyer meg over bordet og tek kaffikoppen med den andre. Eg går bort til kjøkkenbenken med han og tømer kaffien ut i vasken og skyl koppen under springen.

6

Eg vaknar og er eit nytt menneske. Det er dessutan ein ny dag. Dagen i går er gammal. Mennesket frå i går er gammalt og vekke. Dette mennesket er nytt og ligg på rygg og har sove, meir enn nok. Det er utkvilt, no skal det stå opp.

Ja ja, sånn går no dagan! – og teksten med, side opp og side ned. Ein kan leite etter innhald og forteljing, men det er ikkje lett å finne noko handfast:

Den berømmelege Ingen, på tredje rad, inntil veggen. Kven er det som ler av dårlege vitsar? Ingen. Kven er det som sit her? Ingen, berre set deg. Men Ingen var min beste ven. Så eg reiste meg og forsvarte han.

Noko seinare kjem motrørsla:

... og stemma til Ingen forandrar seg, vert ei kvinnestemme som held fram med den stigande talestraumen utan å nøle, så kjem det ei mannsstemme, så ei anna kvinnestemme, og endå ei, før ei endå djupare mannsstemme enn den fyrste buldrar i klasserommet, men det held fram, stadig nye stemmer, og eit enormt, aukande lydtrykk, og ein rasande ordstraum, eit ras, eit brølande overlydsstup gjennom avslutta og framtidige samtalar og einetalar, gjennom ein tjukk materie av språklyd, lag på lag med fonetiske avsetjingar, det hyler, høgare, høgare, etter som motstanden aukar, men farten aukar framleis, heilt til lydtrykket står mot eit like høgt mottrykk framføre denne vesle farkosten i overlydsfart loddrett ned gjennom historia sin granittharde atmosfære av samanpakka lydlege sediment, lag på lag med snakk, lag på lag med diskusjon, krangel og roping, fleire lag med kviskring, småprat, vitsing, eitt lag med forhandling og ryktespreiing og vidare lag med nedrakking, smiger, ufortent ros, velfortent ros, ikkje mindre velfortent ris til eigen bak, baktaling, umotivert opphaussing, grove skuldingar, alvorlege klagar, feilaktige påstandar, utidige spørsmål, høfleg konversering, hulkande tilståing, pruting, tomprat, fylleprat, røring, fabling, høgttenkjing, utydeleg mumling, i overkant tydeleg brøling, inntrengjande beding, lågmælt bøn, utilbørleg press, ansvarsfråskriving, lettbeint omgang med tunge omgrep, strev med dei lettaste setningar, skriking. Det er stilt. Ingen står og smiler.

Kaudervelsk eller til å kjenne seg att i? (Eg ser utdanning i utdraget.) Det er ikkje greitt å seie kva som er frå livsverda og kva som skjem strøymande ut frå andre kjelder (nett som i Odda).

Eg vaknar på sofaen igjen. Eg kjenner i muskulaturen, og på korleis T-skjorta og den tjukke bomullsbuksa kleimer seg til huda, at eg har kvilt for lenge, og at klokka er for mykje. Det er ikkje lyst enno, men det har kome noko blått i det svarte over hustaket over gata. Eg skulle kvile ein time.

Meir ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no