Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Tosemjetyranniet

Her er du no :: www » nn » blogg » 2006 » mai

To ein vere

I boka Noveller – av diktere i dette landet preget av vinter, 1991, finn me novella Historia av Ragnar Hovland. Eit utdrag:

Då stod han i døra og det han sa var:

– I helvete!

Og eg trudde ikkje eit sekund at det var hans måte å seie velkomen heim på.

– Kem er han?

I regelen treng eg ikkje meir for å unnskylde meg og seie at det var hyggeleg, men no er det visst tida for å gå.

– Ein gammal venn, sa Britt med blid røyst. – eg traff han på ferja. Han skal overnatte her. Han skriv kriminalromanar.

– Og barnebøker, sa Anne.

Eg sa enno ingenting. Ein slags katt sneik seg over golvet bak Kalle. Noja, katt og katt. Den likna kanskje meir på ein hund.

–Overnatte her, ropte Kalle. – Er det ikkje nok folk i huset?

Var han slik eg hadde førestilt meg han? Eg visste ikkje lenger. Han måtte vere rundt 40, med rutete skjorte, open i halsen for å vise fram ei skiten undertrøye, dongeribukse. Slik såg noko av historia om Britt ut. Håret var mørkt og passeleg tilbakestroke, ansiktet var passeleg raudt.

– Ikke bry deg om han, sa Britt. – Berre kom inn.

Lysta til å kome inn hadde minka i takt med utsegnene frå Kalle, men eg kunne ikkje gi opp prosjektet mitt no. Og kva hadde han å frykte? Eg var ikkje ute etter kona hans. Ikkje på den måten. Og om han fann det for godt at han ville banke meg opp, så ville han nok klare det utan for store vanskar.

Han riste på hovudet og såg olmt på meg.

– Faen til greier òg. Alltid skal det vere noko jævlig tull. Du får kome inn, då. Men tørk av deg på føtene.

Han riste stadig på hovudet då han gjekk inn i stova og sette seg i tv-stolen. Han hadde ein ølkasse attmed seg, slik det sømmer seg ein god tv-sjåar.

– Heng av deg, sa Britt. – Eg skal lage litt kvelds. Og så skal de til køys, drittungar.

– Vi er ikkje drittungar, sa Tom. Eller Anne.

– Du er ei drittmamma, sa Anne. Eller Tom.

– Hald kjeft, sa det i tv-stolen.

Trivsel millom menneske kan vere så mangt.

Her er den andre:

Idéen om korleis det står til internt i ein kropp, mellom kjøtt og tanke, er eit tema som Elisabeth Young kom inn på i novella Sue i same bok:

– Kropp og sinn, sa David, er to leieboere i samme hus. Når de er venner, er dette til fordel for dem begge. Når de er uvenner, går dette utover dem begge. Når den ene holder dommedag, må den andre oppleve oppstyret. Når den ene sover, må den andre føle stillheten.

Det finst likevel likskap

For dei som intenst liker nynorsk best, blir det no ille, for her kjem ein snutt på dansk:

Krop og psyke ses i Bodynamic Systemet som et integreret hele ... systemets psykologiske teorier tager udgangspunkt i kroppen. Kroppens mange forskellige muskler er i Bodynamic Systemet kategoriseret ud fra, i hvilken fase af jeg-udviklingen de integreres.

Integration betyder i denne forbindelse, at barnet opnår kontrol over musklen og samtidig indlærer de psykologiske og sociale funktioner, som er knyttet til brugen af musklen.

...

Specifikke muskler er korreleret til specifikke udviklingsstadier for barnet. Disse kan vækkes og tales til, både i voksenterapi og når der arbejdes med børn. Bodynamic systemets metoder puster liv i den tabte impuls i disse muskler, som igen vækker den historie, der er fastholdt. Dette giver mulighed for at skabe en ny historie næret af den terapeutiske relation.

Meir ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no