Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Dag og tid :: Joggarar ...

Her er du no :: www » nn » blogg » 2006 » ... og sport

På fine dagar kjem ein heil masse idiotar ned hit.

Joggarane er sjølvsagt dei verste. Du kan faen meg aldri vite med joggarane. Dei kjem så raskt på deg at du ikkje hører noko før dei plutseleg er der. Joggarane minner meg om bikkjer, måten dei spring på, pustande og pesande, som om dei er bikkjer ute for å lufte seg sjølv.

Det er altså ikkje berre i første band av Hitchhikers Guide to the Galaxy at desse monomane mosjonistane dukker opp i litteraturen. Likskap med gaiden kjem òg fram gjennom dramaet:

Eg har planlagt alt. Eg skal kverke Bob, ta meg god tid på turen og komme heim med sorgfull stemme. Eg har leita og leita, skal eg seie, men bikkja må ha blitt kjørt over av ein bil, eg aner ikkje kva som har skjedd, eg er lei meg, eg er så forferdelig lei meg.

Det er ei sjuk bikkje. Det er ei morbid bikkje. Ta for eksempel vanen med å springe etter likbilar, ingen andre kjøretøy interesserer bikkja seg for, bare likbilar. Ser Bob ein likbil, tar bikkja garantert ut.

...

Det er snart mørkt, og det regnar. Eg ser meg rundt. Ingen folk i sikte. Bikkja går lydig ved sida av meg. Vi er snart nede ved fjorden. Ei stund trudde eg at Bob også var homo. Bikkja interesserer seg ikkje for andre hundar. Eg har sett korleis Bob skyr tisper, korleis han vik unna, som ein feig homo. Men seinare har eg konkludert med at bikkja rett og slett ikkje har noko sexliv. Likbilar er alt som interesserer bikkja.

Kinky liten dogg, det der. (Og idéen om ein 'feig homo' er ikkje mellom dei mest sjarmerande til Grytten, men nok om det.) Hovudpersonen i novella har òg sine sider:

Hadde det no vore ein ordentlig hund, hadde det vore ein skikkelig hund som kunne eit eller anna. Ein hund som var i stand til å passe huset eller snuse seg fram til narkotika i karosseriet på ein bil, eller i det minste hente ein pinne eller eit eple som ein optimistisk dust kasta av garde.

Men Bob er ein kosehund. Ein hund som bare kan kosast med, ein hund som for lengst har glømt meininga med å vere hund. Bob er ein puddel, ein forbanna puddel, og på eit dyreprogram sa dei at puddelen er det dyret med minst hjerne i høve til kroppsstorleiken. Eg har innsett at Bob er ei bikkje med avgrensa talent, ein tomsing på fire bein, eit dyr som bare er i stand til å springe etter likbilar.

Nede ved kaia bind eg ein stein fast til halsbandet. Eg har laga ein mekanisme som forsterkar halsbandet og som gjør det mulig å feste steinar til det. Bob slikkar handa mi, veit ingenting om at han har mindre enn eit minutt igjen å leve.

Jo, det var visst i eit band som hette Tor Maskin & Tomsingan ein gong i tida. Bandet gjekk no i oppløysing. Hjå Grytten er det ei anna samhandling som er i ferd med å briste:

Ein kveld brølte eg til henne: Hunden eller meg! Ho bare trekte på skuldrene og svarte: Ok, hunden!

...

Eg hiv hunden ut i det svarte vatnet. Eg hører ei svak pistring før Bob går under og blir trekt ned av den tunge steinen. Eg står på kaia og lurer på om eg føler noko. Under planlegginga var eg sikker på at eg skulle føle ei stor glede over å sjå bikkja forsvinne for siste gong. Eg tenkte på kor mykje Bob kostar meg i månaden, i året, alt den bikkja har på samvitet.

Men akkurat no kjenner eg ingenting. No veit eg ikkje heilt kva eg gjør her ute, ståande i regnet. Eg stirar på staden der bikkja gikk under, som om eg ventar at dyret skal komme opp igjen tre gonger, slik eit menneske gjør. Men eg veit at det er over, steinen vil tvinge bikkja ned mot botnen og gjøre slutt på det.

Det irriterer meg at Bob ikkje liknar på kjerringa mi. Bikkja skulle ha vore prikk lik kjerringa mi. Det hadde kanskje gjort alt saman meir tilfredsstillande.

Å drepa kånå, eller eit bilete av ho, er kanskje òg ein merkeleg ide. Men skitt au, det er Grytten sin tekst:

Eg skal til å snu og gå opp stien når eg hører bjeffing bak meg. Først tenker eg at det er ein annan fyr som er ute med hunden, ein som har lista seg inn på meg utan at eg har merka det. Men så forstår eg at bjeffinga kjem frå under kaia.

Eg snur meg og ser Bob komme svømmande mot land.

...

Bob hoppar lykkelig rundt meg, som om den dumme bikkja vil at vi skal gjøre det ein gong til!

...

Helvetes hund, tenker eg, helvetes Bob hund. Kva faen gjør eg no? Dette skulle vere det perfekte mord.

...

Bob er heilt vill, klyngar seg inntil meg og gjør paringsrørsler mot foten min. Eg sparkar etter Bob, men bikkja sit klistra fast, er i full gang med å pare seg med den venstre foten min. Eg tenker at det er oksygenmangelen som gjør det. Dei minutta ute i sjøen har gjort Bob kåt.

...

Kva er verst, tenker eg, å leve som ein hund eller dø som ein hund? Eg veit ikkje, eg aner ikkje, eg prøver bare å riste bikkja laus frå foten. Alt eg veit, er at eg no må komme opp med ei helvetes god forklaring på kvar det er blitt av det nye halsbandet til Bob.

Nå ja, det kan vere eg gjer Grytten urett gjennom å klippe novella Ute med hunden i bitar. Les heller heile Popsongar (2001)!

Les meir ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no