Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Regionalisering av kulturpolitikken og målsaka

Her er du no :: www » nn » blogg » 2005 » august

21. oktober 2003 heldt rådgjevar Georg Arnestad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane eit innlegg om Regionalisering av kulturpolitikken og målsakaHaustseminaret til Noregs Mållag. Som vanleg har han nokre rett morosame tanker om språk og kulturliv i Noreg, der han kåserer:

Det har vorte eit av mine lodd i livet dei siste åra, i godt moden alder, å stå på talarstolen i forsamlingar der tilhøyrarane er tilårskomne medlemmer av organisasjonar innanfor den tradisjonelle norskdomsrørsla. Eg har snakka på landsmøta i Noregs Ungdomslag og i Landslaget for Spelemenn, og i ein god del lokallag i begge desse rørslene. Demokratiske, medlemsbaserte og lokallagsoppbygde organisasjonar med ei ærerik fortid, men som baksar i motvind for tida. Ikkje minst gjeld dette Noregs Ungdomslag, som har vore, og kanskje framleis er, dauden nær. Landslaget for Spelemenn har klart seg betre, både fordi dei har fått ein moderne, nykonservativ konkurrent og fordi det er lettare å konsentrere seg om berre folkemusikk enn, slik NU skal, om alt som er vel og bra for dei fleste, og dermed for ingen.

På nesten alle desse møta eg har vore på og halde foredrag, har det slått meg at eg, 54 år gammal no, for det meste har drege gjennomsnittalderen nedover. Verst var det på eit møte i folkedanslaget i Bondeungdomslaget i Oslo. Her var gjennomsnittalderen skræmande nær 70. Eit godt og illustrerande døme på Per Selle si empiriske forsking kring utviklinga i det frivillige organisasjons-Noreg. Dei organisasjonar som ikkje tek dei djuptgripande endringane i dei frivillige organisasjonane og det frivillige Noreg inn over seg, går ei dyster framtid i møte. Her er det ikkje tale om postmodernistiske krusingar på overflata eller ein «fri-flyt» diagnose av samtidskulturen. Men om eit fundamentalt hamskifte. Tek forresten Noregs Mållag dette inn over seg?

Generelt om glokalisering sa han:

Dei mange språklege endringane som skjer i dag – særleg blant barn og unge, kan tolkast på mange måtar. Den kulturelle og teknologiske utviklinga fører til at oppstår nye språkskilje som i mindre grad følgjer geografiske eller sosiale skiljelinjer, men i større grad markerer ulike interessefellesskap. Utviklinga set alltid sine spor i språket. Den nye teknologien, dei nye globale media og den aukande framandkulturelle kontakten påverkar språket. Men påverknaden er ikkje einvegs. Han går begge vegar. Det partikulære og stadeigne vert meir universelt. Det universelle vert gjort lokalt relevant og tilgjengeleg. Det er denne dobbeltbevegelsen som har fått nemninga «glokalisering». Omgrepet vart introdusert av den engelske sosiologen Roland Robertson for over 10 år sidan. Globalisering og lokalisering utgjer to parallelle og samanvevde prosessar. Det globale og det lokale smeltar saman, globale prosessar blir tilpassa lokale føresetnader, det universelle og det partikulære vert integrert. Globalisering fører ikkje til at «alt vert likt», slik pessimistane hevdar. Det skjer ei samtidig kulturell homogenisering og heterogenisering. Dei to prosessane føreset kvarandre gjensidig.

Så over til noko meir kulturspesifikt:

Kanskje, spør min kollega Per Mangset, utgjer mykje av samtidsdiagnosane om auka globalisering og individuell fristilling snarare «det typiske selvbildet til en særskilt internasjonal og mobil akademisk elite, med forankring i vestlige universitetsmiljøer» (Mangset 2002). Hans empiriske studiar av institusjonar, aktørar og arenaer på kunst- og kulturfeltet viser i alle fall ikkje at det globale og det lokale smeltar saman. Sentrums hegemoniske makt over periferien har ikkje blitt svekka. Kanskje tvert imot. Kvalitetshierarkia er strengt ordna langs ein meir eller mindre klar geografisk sentrum-periferiakse. Sentrum-periferidimensjonen er framleis høgt verksam innetter også i det norske kunst- og kulturlivet. Det er dei kunstsakkunnige portvaktarane i Osloregionen som forvaltar definisjonen av kunstnarleg kvalitet. Her er også dei fleste arenaene og institusjonane med kunstnarleg makt og anseelse. Til og med Bergen ligg langt på veg i «Skyggenes dal» – sett frå hovudstaden. Dei motkreftene som peikar i retning av auka desentralisering, er førebels svake. Kunstproduksjon og -formidling, særleg det som er knytt til institusjonar, er meir sentralisert enn på lenge. Men overgang til meir prosjektfinansiering vil truleg ikkje gjere situasjonen betre. Og kunstnarbefolkninga er tettare konsentrert kring Osloregionen i dag enn for 20 år sidan.

Og så vender Arnestad attende til generelle trekk:

Forsøka på kulturpolitisk desentralisering gjennom 30 åra har hatt liten sjølvstendig verknad. Ein kunne seie at på dette feltet har kulturpolitikken spelt fallitt eller bere vore ein politisk talemåte. Når eg ikkje vil seie dette, er det fordi det er mitt syn at både kunst- og kulturlivet i hovudsak utviklar seg uavhengig, heilt uavhengig, av det ein måtte ha av kulturpolitikk. Norsk kulturpolitikk har hatt preg av det ein på fransk, og no viser eg igjen til Per Mangset (Mangset 2002) kallar «déconcentration»; det vil seie utplassering av statleg myndigheit og statlege institusjonar i distrikta, og ikkje av «décentralisation», som vil seie å overføre makt, myndigheit og pengar til regionale eller lokale folkevalde organ. Sidan store delar av det norske kulturlivet, og spesielt kunstlivet, har ein djuptgåande skepsis til nesten alle former for desentralisering av kulturpolitisk makt og myndigheit, har dette heller ikkje vore eit særleg omstridd tema – anna enn på det politisk-retoriske nivået. Sjølvsagt vil kunst- og kulturlivet også i distrikta ha pengar, men dei vil helst ha det frå staten, ikkje frå kommunen eller fylkeskommunen.

«Trua på danskekongen er svært sterk i det norske kulturlivet», brukte min første – og beste – sjef, tidlegare ekspedisjonssjef Johs. Aanderaa å seie. Og han visste kva han snakka om. Men i dag er det ingen, i alle fall ikkje i Oslo, som lenger hugsar Johs. Aanderaa, den nasjonale strategen i norsk kulturpolitikk i på 1970- og 1980-talet (jf. Arnestad 1994). Danskekongen, derimot, lever framleis i beste velgåande – om ikkje i København, så i hovuda på dei fleste norske kunst- og kulturarbeidarar.

Den kulturpolitiske desentralisering vi har hatt i Noreg, har slett ikkje skjedd gjennom kulturpolitikken, men som følgje av allmenne forvaltningsreformer i regional- og kommunepolitikken, og – det er openbert – som følgje av generelle samfunnsendringar. Det nye inntektssystemet – for overføring av pengar frå stat til kommunesektoren på 1980-talet, og dei store politiske og administrative omorganiseringane på kommune-/fylkeskommunenivå på 1990-talet, hadde betydelege kulturpolitiske konsekvensar. Begge desse reformene medførte indignerte protestar frå det regionale og lokale kulturlivet. Til inga nytte, sjølvsagt. Kunstmiljøa i Oslo brydde seg derimot ikkje.

Kulturlivet har så langt også stilt seg utanfor den regionaliseringsdebatten som har prega dagsorden dei siste åra. Kunst, kultur og kulturpolitikk har heller ikkje vore tema for dei mange utgreiingane og (såkalla) forskingsrapportane som har vurdert konsekvensar av ulike former for nye regiondanningar i vårt land. Med eit mogleg unntak for min eigen rapport om «Kulturregion Vestlandet», som rett nok sist haust vart avvist med ei stemmes overvekt av fylkestinget i Hordaland (Arnestad 2002). Igjen set kanskje kulturlivet seg sjølv utanfor pågåande prosessar, i staden for å prøve å ta kommandoen. Kulturlivet synest i regionaliseringsdebatten snarare å velje motstandsstrategien enn moderniseringsstrategien. Men meir om dette litt seinare.

Vidare går det på den førre kulturmeldinga, men det er først når han kjem til reelt mynde og skal gje mållaget råd at det verkeleg svinger:

Det finst få organisasjonar som er meir forutsigbare i kulturpolitiske spørsmål enn det Noregs Mållag er.

Ein konkurrerer her med Naturvernforbundet og Noregs Ungdomslag om førsteplassen. Mållaget burde uansett interessere seg for regionaliserings-prosessane. Særleg her på Vestlandet. Dei fire vestlandsfylka er alle formelt definerte av staten som nynorskfylke; dvs. at fleirtalet av kommunane i alle fylka har nynorsk som offisielt språk. Både Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er offisielle nynorskfylke, medan Rogaland er språknøytralt.

Språkutviklinga dei seinare åra har gått i retning av ei regionalisering av nynorsken. Han har styrkt si stilling på Vestlandet, med eit visst unntak for omlandet kring dei store byane. På bygdene er derimot stadig meir av den lokale språkbruken nynorsk. Nynorsk er bortimot einerådande også i det lokale næringslivet. I stor grad er nynorsk i ferd med å verte eit vestlandsspråk, medan nynorsken er under til dels sterkt press som nasjonalmål. Moderniseringa av offentleg sektor, sentralisering og – sist – den regionaliserte staten aukar presset mot nynorsken. På Vestlandet er vi mange nok og sterke nok til å stå i mot.

Den nynorske språkidentiteten er relativt styrkt på Vestlandet, men – sterkt – svekka i resten av landet.

Avslutningsvis ordla Arnestad seg slik:

«Vi trur det er nødvendig å gjere kulturell makt til ein sentral faktor i norsk kulturpolitikk det komande tiåret», skriv Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrums dokument «Kulturpolitikk på nynorsk» (2002). Det er eit naivt og fromt ønske frå ein som burde vite betre. Eg har alt gitt uttrykk for mitt syn: Utviklinga av kulturlivet vert avgjort heilt andre stader enn i kulturpolitikken. Dei som søkjer kulturell makt, må halde seg unna kulturpolitikken. I aukande grad er det i dag marknaden, økonomien og dei kulturindustrielle bransjane som utgjer kulturmakta. Noregs Mållag skal søkje seg mot desse, ikkje mot Kulturdepartementet.

Beslekta?

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no