Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Mette Karlsvik :: Vindauga i matsalen vender mot fjorden

Her er du no :: www » nn » blogg » 2005 » juli

Forfattar: I den første boka mi er det ein person som kastar opp bokstavar. Heile alfabetet kjem ut av munnen hennar. Boka handlar om alt ein ikkje får sagt.

Eg: Ein lege seier at kroppen roper det ut.

Forfattar: Du kviskrar.

Eg: Alt verkar skjørt og lett å knuse.

Forfattar: Redsel bygger trykk. Hovudpersonen min stikk hol på trykktanken med ein finger i halsen.

Eg: Eg trur eg treng trykket. For å bli frisk må eg sprekke.

Det er ikkje berre matlysta som er øydelagd, språket ber òg i seg sjukdom; Det er fyllt med ladde ord og enkel symbolikk.

– Har du vore i redaksjonen? spør sjukepleiaren. Ho pratar forbi skiva i munnen sin.

– Leverte du verkeleg endå ei frilanssak? spør ho og legg ekstra kaloriar i endå ei.

Eg veks. Eg tygg fortare. Det skundar på tankene. Dei tikkar fram som om dei var drivne av mekanikk. Ja, tenkjer eg. Eg leverte endå ei, roper det bak maten.

[...]

Forteljinga ville komme ut annleis enn eg hadde tenkt. Men nei, eg syltar forteljinga i tankelake.

Ein skal ikkje gjere narr av dei som svelt, dei har det nok gale nok som det er. Her er ein snutt som rørde ved meg, og som likner litt på tema du finn i litteraturbloggane på bokmål:

E-brev frå barndomsvenn

Eg trur at alt eg seier og meiner og gjer, koker ned til den evige kjensla av at verda består av verda minus meg. At livet der ute skjer i ei enorm plastboble med krig, historie, sex, mote, religion, kjærleik, relasjonar, fødsel, død. Eg står på utsida av den bobla og kjem ikkje inn.

Av og til trur eg at eg står innanfor og ikkje kjem ut.

Les meir!

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no