Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Meir granskog « blogg [nn]

Her er du no :: www » nn » blogg » 2005 » mai

Blindare

Hovudpersonen i Blind betrakter skilnaden mellom seg sjølv og kånå:

Ho ville ha friske naturlege barn, skiturar og fisketurar i Nordmarka, spaserturar i Frognerparken om hausten, bålbrenning ved eit vatn i Rondane, helgeturar til hytta i Kragerø. Ho ville ha det friske, sunne, naturlege norske friluftslivet som Nansen hadde prisa så høgt for hundre år sidan. For høgt etter Kinsarvik si meining. Sjølv synast han det var noe ekkelt og skremmande ved desse norske skogane der trea liksom stod hulter til bulter bortover bakkar, fjellsider og åsar. Sjølv likte han mye bedre trea som stod planta i Bürgerpark i Bremen, eller i Englischer Garten i München eller i Central Park i New York, for den saks skyld. Det var liksom ei heilt anna ro over parktrea. Det var som om dei visste at dei kom til å bli tatt godt vare på. Som om dei solte seg i glansen av dei mange tusen augene som beundra dei kvar dag. Det var ein viss orden på dei. Norske skogar derimot hadde ein slags utemma villskap ved seg. Trea stod der i alle slags storleikar. Utan noe slags system. Store og små om ein annan. Dei store knuga dei små under seg og kvelte dei. Heller ikkje var det noe system i kva for sortar som stod der. I ein skikkeleg park stod eikene til venstre, bøkene til høgre, kastanjane framfor deg og lønna bak ryggen din. Du visste kor du hadde dei. Det stod namneskilt framfor dei både på tysk, engelsk og latin, slik at du visste kven du hadde med å gjøra. I ein norsk skog kunne du derimot aldri vita kva som møtte deg. Der var alle mulige sortar rota saman i eit einaste kaos. Bjørk og selje, trost og lønn, gran og kongle, furu og hakkespett, gauk og einer, barlind og sisik. Det var eit einaste samansurium heile greia. Ikkje orden på noen ting. Det var skremmande, var det. Skremmande og uhyggelig var ordet. Ikkje eingong skikkelige stiar å gå på var det. Du måtte vasse i gras, lyng, blomster og rotne soppkledde trestammer med fare for både liv og helse. Du blei piska i fjeset av lave greiner. Fekk maur i buksa om du var så syndig å setta deg ned for å nyta den bitre kalde Ali-kaffien din. Den som i følgje reklamen var ekspert på å kurera gruff. Det skulle meir til for å kurera gruffet hans enn ein halvlunka kopp bitter norsk termoskaffi, når han sat der ute i skogen med ein unge som han hadde slept oppover bakkane i bæremeis, ein unge som hadde sove heile vegen, og som hadde dingla frå side til side som eit slakt, som gjorde det umulig å gå beint fram, slik han hadde tenkt seg, men i staden sjangla som ein full matros på veg mot Utsikten. Alltid skulle ein nå denne forbanna Utsikten. Alltid var det ein Utsikt som skulle nåast.

Så går han til frontalangrep på ungen, kjerringa, foreldra hennar og deira søndagsteik. Burlesk underhaldning, ja. Lesaren forstår jo at ikkje dette kan gå i lengda, og vi får ein litterær klassikar der svigerfar har gjort eit val, eit par tiår tidlegare:

Å stikka ned i kjellaren var hans forsvar mot denne ordflaumen, denne munndiareen, denne ordonanien som fløymde over heile huset og trua med å kvele han. Berre i hula si gjekk han klar. Han hadde gjort det klinkande klart frå første stund at han ikkje skulle forstyrrast så lenge han var opptatt i hula. Edna hadde yppa seg noen gonger. Prøvd å trenga seg inn til han. Men han hadde stoppa henne hardt og kontant frå dag ein. Han rykka vondet opp med rota. Jaga henne på dør. Han meinte alvor. Ho skjønte det. Prøvde å grina seg inn til han. Prøvde å trua seg inn til han. Men inn kom ho ikkje. Han hadde forskansa seg bak denne veggen. Bak si inste grind. Bak denne muren av tagnad. Ho ville aldri meir nå inn til han.

Han, han, hann. Elles beskriv han familietilpassa hygge og graviditet som feminismens og infantilismens purgatoria. Og nemninga purgatoria er det jo rett sjeldan ein kjem over i vår sekulariserte samtid. Ho tyder vel skjærselden, så vidt eg hugsar, på latin, ei rett sterk nemning på ein pre-terminal naturleg tilstand.

Les meir ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no