Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Blind « blogg [nn]

Her er du no :: www » nn » blogg » 2005 » mai

Lars Ove Seljestad si bok Blind er på mange måtar eit av dei mest heilstøypte handverka eg har lese i vinter. Forfattaren fortel særs godt – betre enn dei fleste som dei siste tiåra har prøvd å skildre grasrota – om industriarbeidarmiljø frå ein intellektuell ståstad.

Sosialrealismen var ikkje daud

Hovudpersonen er ein klassereisande med oppvekst i ekte proletarmiljø. Geir Kinsarvik er esla til bli fjerde generasjon smelteverksarbeidar i Odda. Tidleg viser han for stor glede ved å lese. Faren tek for seg guten, og gjer honom ei inngåande forklaring på kvifor han ikkje bør ta til seg meir bokleg lærdom. Eg oppfattar sekvensen som ein nærstudie i autentisk sosialdemokratisk vi-skal-bygge-landet-haldning frå 50- og 60-tallet. Eit skikkeleg slag for arbeidarrørsla og klasseskilje! Som faren seier:

På julaftan, nyttårsaftan og søttende mai produserer vi mest og best karbid. Og det er ikkje ein ingeniør som forstår korleis det går til. Men det som skjer, er at då suspenderer vi teorikunnskapen. Vi set til sides dei teoretiske forhåndsdefinerte parametrene. Vi innfører kollektivets praktokratiske diktatur og kjører på gefylen. Vi kjører på den fronesiske kunnskapsdimensjonen som ligg nedfelt i kroppsleggjort erfaring. Den tause kunnskapen som ligg nedfelt som ryggmarsrefleksar, som instinkt og intuisjon i auger, nase, fingrar, muskulatur og øyrer. Som ligg nedfelt i smaksløkane på tunga. Og som alt saman fortel oss noe om korleis ovnen går. Slik er det overalt på verket.

Liknade haldninger til praktokratiet møtte eg på Svalbard: Folk som var stolte over å vere jordas salt, eller "Samhold er jordas salt, gutten min", som far til hovudpersonen seier. Og dei skal ha respekt, dei som bygde landet, men i dag – Sorry to say – er vi inne i ei postindustriell fase.

Under lesing av Blind slo det meg: Alle seier at dei vil bli kvitt janteloven, men få gjer noko med saka. For å ta livet av jævelen, kan det å beskrive verknaden av loven, i detalj, vere ein strategi; Ikkje som rettleiing, men som tåpeleggjering. Og Seljestad held seg ikkje for god til å gå langt i detaljskildringer for å byggje sitt fiksjonsunivers. Likevel rekk han å gjere nettopp det på knappe 240 sider.

Språkblomstene hos Seljestad fascinerte meg. Sekvensen der hovudpersonen står på den postmoderne designeraltanen for å ta seg ein røyk ein hustrig vinterkveld, er ubetaleleg. Likeleis valdtekten på bryllaupsreisa; Eit overgrep som fyller meg med resignasjon og frustrasjon. Det er intime og godt detaljerte skildringer å finne her.

Tyngd og daud og undergang, nok ein gong

I rammehistoria og gjennom heile boka vender hovudperson attende til sin lengt etter ein ende på livet. Når vi først møter honom, sviv han rundt ikring på Ziegmarkt og vil berre bli skoten:

Slik kunne det vera, tenker han, eit kort skarpt smell, eit lysglimt, kanskje eit stikk av smerte. Og så friheit. Ingenting. Tomt. Blanke ark. Ein ny start. Eller befridd for alltid. Han visste ikkje. Kunne ikkje veta. Men håpte mest på det siste. Evig friheit. Evig fråvere. Evig tomheit.

Det er lett å kjenne seg att i tankar ein sjølv kontemplerte over i fleire månader førre året:

Han visste han var fortapt. Han ville aldri meir koma til å kunne reisa seg. Han var Lost in Legoland. Og det var berre ein ting han ville. Han ville døy.

Det søkk i meg, kor enkelt ein kan omtale tunge kjensle:

No når det ingenting var å gjøra. No når løpet var kjørt. Skuta har gått til botnar. Og han ikkje lenger var ein av dei.*

Einsemda botnar kanskje i hemnlyst hjå Kinsarvik?

Han var åleine. Ho var åleine. Kunne vel ikkje han gjøra noe med. Alle var åleine. Også dei som stod midt inni flokken var åleine. Og når det gjekk opp for dei, skulle han vere der.

Eg er jo vorten opptatt av grantre, som eg har skrive om i eit par bloggar tidlegare. Også hovudpersonen i Blind har eit forhold til skog, og eg har teke med ei eiga side med utdrag frå Kinsarvik sine betraktinger over skilnaden mellom seg sjølv og kånå.

Blindare ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no