Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Magnus Lagabøters landslov tilbake til Noreg?

Her er du no :: www » nn » blogg » 2005 » nasjonal vår

Magnus Rindal :: 12. januar 2003:

IFØLGE AFTENPOSTEN 29. desember [2002] har justisminister Odd Einar Dørum bede Kultur- og kyrkjedepartementet i samråd med Utanriksdepartementet å vurdere korleis ein best kan gå fram for å få originalen til Magnus Lagabøters landslov frå 1274 tilbakeført frå Danmark.

I same avisa seier riksarkivaren at han ikkje vil ta opp spørsmålet om slik utlevering. Det får vi ta til etterretning, men kulturministeren bør be om noko anna. Eitav dei sentrale handskriftene av denne lova, Codex Hardenbergianus, som er det einaste bevarte illustrerte handskriftet frå norsk mellomalder, bør gjevast som gåve frå Danmark til Noreg i jubileumsåret 2005.

Noreg var eit av dei fyrste landa i Europa som fekk ei felles lov for heile landet. Før 1274 hadde Noreg ulike lover for dei fire lagtinga, Gulating, Frostating, Borgarting og Eidsivating. I juni 1269 fekk kong Magnus Håkonsson fullmakt frå Frostatings-mennene til å lage ei ny lovbok for Frostating. Men arbeidet skulle avgrensast til den verdslege retten.

Kristenretten fekk han ikkje gjere noko med. Kort tid etterpå sette kongen i gang arbeidet med ei ny lovfor heile landet, ei landslov. Den nye lova blei vedteken på Gulatinget i 1274 og på dei tre andre lagtinga dei to neste åra. Kong Magnus fekk også laga ei ny bylov, og ei lovbok for kongens hird, hirdskråa. For det omfattande lovarbeidet fekk han tilnamnet Lagabøt ("lovforbetraren"), som islendingane var dei fyrste til å gje han.

LANDSLOVA HAR DET TIL FELLES med alle dei andre norske mellomaldertekstane (bortsett frå breva) at vi ikkje har overlevert noko originalmanuskript. Lova blei kopiert i avskrifter, som kan variere litt i språk og innhald. Avskrivinga skjedde sannsynlegvis i kyrkjelege sentra som Mariakyrkja i Oslo, som var sete for kongens kanselli frå 1314 av. I desse miljøa var det truleg boksamlingar som også inneheldt fleire kopiar av landslova.

Magnus Lagabøters landslov var gjeldande rett i Noreg i heile mellomalderen, og det har truleg funnest meir enn åtti avskrifter av lova. Fram mot reformasjonen i 1536 overtok danskane meir og meir av statsstyringa, og det var etter kvart få som kunne lesetekstar på gammalnorsk språk. Landslova blei no omsett til dansk, og Christian IVs norske lov frå 1604 bygde på denne omsetjinga. Fyrst i 1687 blei den gammal norske lovtradisjonen broten, då Christian Vs norske lov kom, bygd på dansk rett. Frå slutten av 1500-talet var det såleis ikkje lenger behov for avskrifter av den gammalnorske teksten av landslova. Nokre handskrifter blei førte til utlandet, særleg Danmark og Sverige. Dei fekk ein betre lagnad enn dei fleste som blei verande att i Noreg.

Handskriftene var skrivne på pergament, laga av kalveskinn, og dei kunne difor brukast til ulike føremål etter at folk flest ikkje lenger kunne lese dei. Teksten kunne skrapast bort, og blada kunne brukast til å skrive brev på. Dei kunne brukast til å lappe klede, skjerast opp til mønster for kleplagg, eller ein kunne sy på dei.

Blad frå det viktigaste norske handskriftet med riddardikting, frå 1200-talet, blei rundt 1500 nytta som for i ei bispelue til bruk ved kyrkja på Skalholt på Island. Mange avhandskriftene frå mellomalderen blei skorne opp og brukte til å binde inn norske lensrekneskap o. l. på 1600-talet.

I dag har vi overlevert 39 temmeleg fullstendige handskrifter av Magnus Lagabøters landslov. Av desse er 36 oppbevarte i utanlandske samlingar, 26 i København, åtte i Stockholm, eitt i Uppsala og eitt i Lund. Berre tre finst enno her i landet, eitt i Universitetsbiblioteket i Trondheim og to i Nasjonalbiblioteket i Oslo. Av dei 39 handskriftene er to frå slutten av 1200-talet, tre frå perioden etter 1350, og alle dei andre frå fyrste halvdelen av 1300-talet. Handskriftet i Trondheim er frå siste halvdelen av 1300-talet, dei to i Nasjonalbiblioteket er frå fyrste halvdelen av 1300-talet.

VI HAR 31 FRAGMENT AV LANDSLOVA, dei fleste oppbevarte ved Riksarkivet i Oslo, og funne i innbindingar. Seks av dei er truleg frå slutten av 1200-talet, eitt frå andre halvdelen av 1300-talet og resten frå fyrste halvdelen av 1300-talet.

Magnus Lagabøters landslov er utgjeven i 1848 i andre bandet i serien "Norges gamle Love indtil 1387" og fyller der 172 sider. Denne utgåva byggjer på eit handskrift som ikkje er det tekstleg beste, og tilfredsstiller ikkje dagens krav til vitskaplege utgjevingar. Teksten er omsett av Absalon Taranger i 1915. Ei ny utgåve og omsetjing burde vere ei høgt prioritert oppgåve for det norske forskingsmiljøet.

Som nemnt ovanfor ligg dei fleste handskriftene av landslova i utlandet. Det gjeld i hovudsak også for resten av den norske mellomalderlitteraturen. Derimot er mange norske brev frå mellomalderen utleverte frå Danmark til Noreg etter unionsoppløysinga i 1814. Dette var eit resultat av Kiel-traktaten, som sa at Danmark skulle utlevere arkiv og dokument som galdt Noreg.

Etter at Island blei ein sjølvstendig stat i 1944, blei det reist krav om at landet måtte få tilbake sine mellomalderhandskrifter frå Danmark. Og i 1965 vedtok Folketinget ei lov som heimla utlevering av handskrifter som kunne reknast som islandsk kultureige. Ei mengd handskrifter er seinare førte til Island. I 1990 blei det einaste færøyske handskriftet frå mellomalderen utlevert frå Kungliga biblioteket i Stockholm.

Utleveringa til Island må vurderast som ei heilt spesiell sak. Elles er det uvanleg å gje frå seg delar av kultur- og kunstsamlingar, endå om dei stammar frå andre land. Og Noreg har aldri kravd tilbakelevering av våre mellomalderhandskrifter i utanlandske samlingar.

Men kanskje skal vi gjere Codex Hardenbergianus til vår spesielle sak. Som nemnt er dette det einaste bevarte illustrerte handskriftet frå norsk mellomalder. Norsk målarkunst frå denne perioden kjenner vi elles mest frå alterbordframsider, såkalla frontalar.

Codex Hardenbergianus ligg i dag i Den gamle kongelige samling i Det kongelige bibliotek i København, og har arkivsignaturen GKS 1154 fol. Handskriftet kan på språkleg grunnlag daterast til ca. 1350. Språkforma er i hovudsak norsk, men med somme islandske innslag, og det er truleg skrive i Bergen. Det har elleve staselege illustrasjonar, også kalla illuminasjonar, i starten av dei enkelte lovbolkane.

Vi ser her innleiinga til lova, med ein illustrert M, for Magnus. Knut Berg meiner at illustrasjonane syner ein særnorsk tradisjon, inspirert av engelske førebilete. Seinare har ein islandsk kunsthistorikar hevda at illustrasjonane er islandske. Meningen har hevda at handskriftet har blitt til andre stader enn i Bergen.

FIRE STADER I HANDSKRIFTET står det at Helvig Hardenberg er eigaren, derav namnet. Helvig Hardenberg var fødd i Danmark i 1540, og blei gift med Erik Rosenkrantz i 1558. Han var lensherre på Bergenhus 1560-1568 og drog seinare til Odense. Han viste stor interesse for norsk historie, så det er truleg han som har gjeve handskriftet til Helvig. Vi veit ikkje noko om kvar det har vore tidlegare. Handskriftet kom truleg til Danmark med Helvig i 1568, og seinare til Det kongelege bibliotek i København.

I 1983 ble det gjeve ut ei flott faksimileutgåve av Codex Hardenbergianus, som gåve til kong Olav V på hans 80-årsdag frå m. a. Kulturdepartementet. Departementet kan no gå eit steg lenger og be om originalen som gåve til Noregs hundreårsjubileum i 2005. Dette staselege handskriftet kan då stillast ut i det nye Nasjonalbiblioteket i Oslo, som opnar sine dører att for publikum i dette jubileumsåret.

Kilde ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no