Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Sørsamisk :: språket til ein minoritet i minoriteten

Her er du no :: www » nn » blogg » 2005 » saemien

Utdrag frå ein tekst av Inger Johansen:

Når NRK sender Ođđasat (samiske nyhendesendingar) på TV, er det mange samar som ikkje skjønar det som blir sagt utan å lesa den norske tekstinga. Det er ikkje fordi dei ikkje har lært samisk av foreldra sine då dei var ungar, men fordi dei snakkar samiske minoritetsspråk. Nei, samisk er ikkje berre nordsamisk, og alle samar bur ikkje i Finnmark.
I Noreg har me nynorsk, bokmål og samisk, heiter det, og me tenkjer at me snakkar norsk, og samane snakkar samisk. Enkelt og greitt. Men den samiske språksituasjonen er korkje enkel eller grei. Serleg ikkje den sørsamiske. Ei sak er at ikkje alle samar har lært samisk av foreldra sine, ei anna er at det innanfor det samiske språket finst stor variasjon, og at desse samiske språkvarietetane kan sjåast på som minoritetar innanfor minoriteten.
Sørsamisk er ein av desse, og det er dét denne artikkelen innimellom handlar om. Avhandlinga mi skal vera ferdig om eitt år [hausten 2005], og eg er langt frå å koma til botnar i alle spørsmåla eg stiller. Derfor ber denne artikkelen preg av mange halvkvedde viser de må vente eit år på å få høyre meir av. Fyrst av alt byrjar eg med nokre allmenne trekk ved samisk språk, historie og samfunnstilhøve.
Den uralske språkfamilien
Sjølv om samisk mellom anna er eit nordisk språk i geografisk tyding, er det ikkje dét i lingvistisk tyding. Samisk høyrer heime i den uralske språkfamilien. Denne familien, eller dette "treet" deler seg i to greiner: samojedisk og finsk-ugrisk. Under den samojediske greina finn ein nenets, enets, nganasan og selkup. Desse har om lag 20 000 talarar fordelt over enorme område i Sibir og Nord-Russland. I tillegg høyrer 5 språk som no er utdøydde til her: kamassisk, karagassisk, kojbalisk, motorisk og tajgi.
Under den finsk-ugriske greina finn ein 16 språk med til saman 23 millionar talarar: finsk, karelsk, ingrisk, lydisk, vepsisk, votisk, estisk, livisk, tsjeremissisk, mordvinsk, syrjensk, votjakisk, samisk, ungarsk, vogulsk og ostjakisk. Krevisk er eit utdøydd språk under denne greina. Alle desse språka er delt inn i underkategoriar under hovudgreinene [...] Norsk høyrer som kjent inn under den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien, og språka i den uralske språkfamilien er like ulike som dei i den indoeuropeiske. T.d. så er skilnaden mellom samisk og finsk om lag lik avstanden mellom norsk og tysk.
Samisk = nordsamisk
I mest alle samanhengar ein høyrer om samisk, er det snakk om nordsamisk. Og så lenge det ikkje blir presisert at det er nordsamisk det er snakk om, er det ikkje så lett å koma på av seg sjølv at det finst noko samisk som ikkje er nord. For det finst mange andre: sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk, enaresamisk, skoltesamisk, kildinsamisk, akkalasamisk og tersamisk. Innanfor desse att finst det fleire varietetar; det kjem berre an på kvar ein dreg grensa. Til dømes kan ein dele inn nordsamisk i finnmarksamisk, sjøsamisk og tornesamisk. Det er med andre ord like vanskeleg å setje eit tal på dei samiske dialektane som på dei norske.

Samiske språk-varieteter

Språk eller dialekt?
Det seier seg slett ikkje sjølv kva som er ulike språk og kva som er dialektvarietetar av eit språk. Ser ein lingvistisk på det, og legg kriteriet om innbyrdes forståing til grunn, er dei fleste samiske varietetane ulike språk. Samstundes blir då norsk, svensk og dansk dialektar av same språk dersom ein set det same kriteriet her. Grunnen til at me likevel kallar norsk, svensk og dansk ulike språk, er sjølvsagt statsgrensene. Det er vanlegast å kalle dei ulike samiske varietetane dialektar av samisk, nett fordi samane legg mykje vekt på at dei er eitt folk i ein samanhengande nasjon, trass i både statsgrenser og språkgrenser. Slik sett er det ikkje berre eit språkleg spørsmål, men i høgste grad eit politisk spørsmål kva som kallast språk og dialekt. Språkgrensene, eller den lingvistiske avstanden, mellom dialektane er ulik etter kven av dei ein samanliknar. Ein sørsame og ein nordsame forstår ikkje kvarandre, medan ein nordsame og ein lulesame gjer det. I utgangspunktet er det samiske språkområdet eit språkkontinuum der dei dialektane som grensar til kvarandre stort sett er innbyrdes forståelege. Hoppar ein derimot over eit "ledd", er dei ikkje det. Lingvistisk avstand heng med andre ord saman med geografisk avstand. Avstanden mellom nord- og sørsamisk er som mellom norsk og islandsk, medan avstanden mellom nord- og lulesamisk er som mellom norsk og svensk.
Skriftspråk
Trass i at det er vanlegast å kalle varietetane dialektar, har dei vorte handsama som ulike språk i rettskrivingssamanheng. Trass i fleire forsøk, har det ikkje vorte utvikla eit felles skriftspråk for alle dialektane. Det er serleg to årsaker til dette: Den eine er at det samiske området har vore delt inn under ulike utdanningsadministrasjonar som ikkje har samordna arbeidet med dette. Den andre årsaken er rein språkleg. Serleg at det er ulikt tal på konsonantar og vokalar og at dei vekslar ulikt, gjer det vanskeleg å sameine alle dialektane til eit skriftspråk. Det er laga eigne skriftspråk for 6 av hovuddialektane: nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, kildinsamisk, enaresamisk og skoltesamisk. Dei andre 4 har så få brukarar at dei ikkje har fått eigne skriftspråk. Nordsamisk var fyrst ute og fekk offisielt skriftspråk i 1951. Så seint som i 1978 vart ei sørsamisk rettskriving godkjent til skulebruk i Noreg og Sverige, og i 1983 fekk lulesamisk eit eige skriftspråk. Nord- og sørsamisk er ikkje basert på det same alfabetet: Medan nordsamisk har eigne samiske teikn i alfabetet, er sørsamisk basert på bokstavteikna i norsk og svensk.
Ikkje berre i Finnmark
Det samiske busetjingsområdet, Sápmi på nordsamisk, Saemie på sørsamisk, strekkjer seg frå sør for Femunden i Noreg og frå Idre i Dalarna i Sverige og heilt ut til og med Kolahalvøya. Det kryssar landegrensene til Noreg, Sverige, Finland og Russland. Desse statsgrensene har tradisjonelt ikkje vore avgjerande for samane i korleis dei har organisert samfunna sine, men etter kvart som statane fekk meir kontroll over dei vanskeleg tilgjengelege områda samane heldt til i, har dei vore meir til praktisk hinder for samane enn til gagn på noko vis. Det er vanleg å dele inn det samiske busetjingsområdet i vestsamisk og austsamisk.
[...]
Kor mange?
På spørsmålet "Kor mange samar finst det?", krevst det eigentleg eit langt svar, der ein mellom anna må svara på kva som definerer ein same og kva kriterie som ligg til grunn for at ein kan kalle seg same. Nordisk Sameråd har laga denne definisjonen av ein same: "En same er: Den som har samisk som førstespråk, eller som har far, mor eller en av besteforeldrene med samisk som førstespråk, eller – den som anser seg selv som same, og blir betraktet som same, og som fullt ut innordner seg samenes samfunnsorden, og som av det representative samiske organet godkjennes som same, eller – den som har far eller mor som er same etter de vilkår som er nevnt ovenfor". Som me ser, er det ikkje lett å laga slike definisjonar. Det finst ingen offisiell statistikk over samiske tilhøve i Noreg, og det er litt av grunnen til at det blir skrive mange ulike tal, både på samar og på samisktalande. Når det gjeld talet på samisktalande, er det like vanskeleg, om ikkje vanskelegare, å talfeste enn talet på samar. Kor godt må ein kunne språket for å vera ein samisktalande? Og kor mykje og ofte må ein bruke det? Alle tala ein kan lesa på desse storleikane er gjort på skjønn, og er ikkje resultat av grundige vitskaplege undersøkjingar.
Om lag 60 000
Magga (1997) skriv at ein på grunnlag av valmanntalet til Sametinget kan rekne med at det finst om lag: 30-40 000 samar i Noreg, 17-20 000 i Sverige, 5-6 000 i Finland og ca. 2 000 i Russland. Dette er mellom 54 og 68 000 i alt. Ikkje alle av desse snakkar samisk, men alle reknar seg som samar på grunnlag av eitt eller fleire av elementa i den samiske identiteten, som språk, slektskap, kultur, yrke eller andre trekk som til saman utgjer den samiske identiteten. Magga anslår talet på samisktalande til å vera om lag 30-40 000, men føyer til at dette er høgst diskutabelt. Om fordelinga på dei ulike hovuddialektane, skriv Sammallahti (1998) at: 10 000 snakkar nord-samisk i Noreg, 5 000 i Sverige og 2 000 i Finland. Ume-, pite-, akkala- og ter-samisk har stort sett berre nokre få eldre talarar, medan sør-, enare- og skolte-samisk har 300-500 brukarar kvar. Til slutt nemner han kildinsamisk med ca. 650 talarar og lulesamisk med 2-3 000 talarar. Dette blir i alt mellom 20 -22 000, og altså eit lågare tal enn det Magga føreslår. Det er med andre ord svært vanskeleg å koma til botnar i denne talfestinga utan å gjennomføre svært omfattande forskingsprosjekt. Dersom de møter på andre tal enn desse i andre kjelder, så ikkje bli overraska. Når det gjeld talet på sørsamar, har eg lese alt frå at det er 500 til saman i Noreg og Sverige, til at det er om lag 1500 på kvar side av grensa. Det vanlegaste, og det eg etter kvart held meg til, er å seie at det finst om lag/ litt i underkant av 1000 sørsamar i Noreg, og det tilsvarande i Sverige. Når det gjeld talet på talarar av det sørsamiske språket, er det svært vanskeleg å seie, og her er det gjort endå mindre undersøkjingar enn på sjølve talet på samar. Sammallahti føreslår altså mellom 300 og 500, og men er mogleg dette er noko pessimistisk.
[...]
Beinhard fornorsking
Det er ingen som helst grunn til å vera stolte av den norske staten og det norske storsamfunnet si handtering av den samiske minoriteten opp igjennom tida. Assimilering og språktvang har heldigvis vorte avløyst av ei gryande anerkjenning og respekt for samisk kultur og språk, noko mellom anna Sametinget er eit resultat av. Frå slutten av 1800-talet og fram til 2. verdskrigen vart samisk aktivt motarbeidd av det offisielle Noreg. I etterkrigstida er samisk næringsliv endra frå sjølvforsyning til industriell drift, det har vakse fram samiske organisasjonar, og samane har vorte aktivt med i internasjonalt arbeid for urfolk. Samisk kunst har fått ei oppblomstring og samisk musikk, litteratur og skaparevne opplever ein renessanse. Fyrst på 70-/80-talet byrja den norske staten med ein meir human samepolitikk, og etter det har den offisielle haldninga til samisk språk og kultur endra seg, og i 1992 fekk t.d. samisktalande rett til å bruke og å få svar på samisk i kontakt med den offentlege forvaltninga.
Samemisjon
Det er inkje som tyder på at nordmenn i norrøn tid gjorde framstøyt mot samane med noka åsikt å gjera dei norske. Det var fyrst under pietismen, på slutten av 1600-talet, då misjonstanken slo gjennom for alvor i kyrkja, at fokuset vart retta mot samane. Kong Frederik IV oppretta eit misjonskollegium i 1714 som hadde ansvar for misjonen mellom samane. I dei sørsamiske områda byrja misjoneringa nokre år etter, på 1720-talet. Thomas von Westen oppretta eit seminar for lærarar som skulle undervise samar, og lærte dei samisk. Gjennom delar av 1700-talet hadde samar kanskje betre undervisning enn bygdefolk flest, grunna fokuset på misjoneringa. Men i 1775 vart samisk språk bytt ut med dansk i undervisninga av samane, og i løpet av 1800-talet vart fornorskinga av samane viktigare og viktigare for den norske staten. I 1848 byrja eit meir systematisk og målretta åtak på samisk språk og kultur ved at Stortinget ba regjeringa om å intensivere norskundervisninga av samane, og i samband med det vart Finnefondet oppretta i 1851. Dette var pengar Stortinget sette av til iverksetjing av språk- og kulturskifte blandt samane. I 1888 vart Finnemisjonsselskapet skipa, og frå 1910 arbeidde dei òg i dei sørsamiske områda. I 1898 kom endå ei innstramming, og frå no av skulle samisk språk brukast berre dersom det var heilt naudsynt. Dette la grunnen for fornorskingspolitikken heilt fram til 1960-talet. Samane reagerte med å organisere seg, og Sør Trøndelag Amts Lappeforening vart skipa i 1907, og var byrjinga på ei samisk organisering for å få rettar på lik line med andre nordmenn. Denne organiseringa skaut fart fyrst på 1950-talet, og det vart skipa organisasjonar som dekkjer alle dei samiske samfunnsområda. Altasaka i 1979-1981 kan sjåast på som eit symbol for den samiske motreaksjonen mot den statlege undertrykkjinga, og denne saka markerer òg slutten på den systematiske statlege diskrimineringa av samane.

Kjelde ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no