Av ein eller annan grunn blir eg fjetra kvar gong eg ser dette biletet. På veg heim, etter jobbintervju i Odda, fekk eg så vidt tid til å gå innom eit par galleri ved Lille Lundgårdsvann i Bergen. I billettsalet spurde eg ho som sat der om Birk i Storm hang oppe, men ho sa nei.
Dei andre Dahl-bileta er jo òg gode, så eg tok no ein runde likevel. Eit bilete, til høgre borte i eit hjørne, fanga interessa mi på fleire meters avstand. Fjellparti med foss frå 1819, er eit av desse merkelege, tidlege motiva hjå Dahl. Ein foss dominerer biletflata, men på ein bergnabb i bakgrunnen, milla granleggane, ligg ein borg i ruinar. Alltid like corny den innblandinga av kontinentale ruinar i nasjonale norske landskap. Etter å ha stått der og humra nokre minutt, snudde eg meg til venstre for å sjå på neste måleri, kva det var for eit som hang ved sidan av.
Det kvepp i meg; Der hang jo bjørka! Impulsen som for gjennom meg må vere i slektskap med lykke som gjer tårer i augnene. Eg veit ikkje kva det er, men slik har eg det med stavkyrkjer òg.
'Birk i Storm' blei måla i 1849. Somme nemner at det var to ganske like måleri, eit tvillingpar, men at det eine er tapt.
Åge/Odda :: 18. desember 2005
Neste blogg :: oversyn :: førre blogg
aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508
Denne sida blei sist endra :: 26. November 2008 :: ©
www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no
