Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Om Jürgen Habermas » Gunnar Skirbekk

Her er du no :: www » nn » blogg » 2005 » + Frode Grytten

Gunnar Skirbekk ser ut til å bruke noko andre omgrep om offentligheit enn kva Habermas gjer. Likevel vil eg bruke han til å nemne ein annan vinkling på den såkalla offentlege debatten, og kva nivå han er på i dag:

Den argumentative meiningsdanninga blir ... undergraven av dei som er ute etter å påverke andre ved strategiske verkemiddel og som utover dette ikkje bryr seg om kva som er sant eller rett. Både mjuke postmodernistar og kyniske realpolitikarar er såleis med på å setje den argumentative meiningsdanninga under press.
For å få desse poenga på plass treng vi derfor endå eit skilje – eit skilje mellom (1) meiningsutveksling med tanke på å finne fram til meir haldbare oppfatningar, der ein er open for å endre eigne standpunkt, og (2) meiningsutveksling der dette ikkje er tilfellet, anten fordi ein ikkje trur det er mogleg eller fordi ein ikkje bryr seg om kva som er gyldige eller ugyldige grunnar, men berre er ute etter å "få gjennomslag" for bestemte meiningar og holdningar.
Dette er skiljet mellom intellektuelt innstilte personar på den eine sida og radikale relativistar eller manipulatørar på den andre. I praksis vil både dei postmodernistiske relativistane og dei manipulerande realpolitikarane handle med tanke på å påverke folk på ein eller annan måte, uavhengig av spørsmålet om kva som er gyldige grunnar. Derfor kan vi her omtale dei under eitt; dei handlar strategisk, ikkje argument-orientert. Spissformulert kan vi tale om eit skilje mellom argumentasjon og strategisk handling.
Argumentasjon, slik vi her bruker ordet, inneber at deltakarane gjensidig anerkjenner kvarandre som både feilbarlege og fornuftige, samtidig som dei prøver å følgje dei betre argument, også når det inneber at ein sjølv må endre oppfatning.
Strategisk handling, slik ordet blir brukt her, går ut på å påverke dei andre slik at dei andre endrar standpunkt og holdningar i den retning ein sjølv ønskjer, utan omsyn til om dette er sant og rett, og utan å opne seg for den eventualiteten at ein sjølv kan ta feil og derfor kan ha noko å lære av dei andre.
Dette skiljet heng saman med den kjende skilnaden mellom å overtyde og å overtale. Vi blir "overtydde" av gode argument. Derimot lèt oss "overtale" av besnærande framføringar, også når argumentasjonen sakleg sett er tynn eller rett og slett uhaldbar.

Skirbekk, professor i filosofi ved Universitetet i Bergen (og Professor II ved Høgskulen i Volda), er i følge Morgenbladet aktuell med boka Den filosofiske uroa (Universitetsforlaget 2005).

Dublin

Det er godt å lese om intelligent utveksling, men av og til treng ein avveksling òg; Forlaget Spartacus sendte Frode Grytten til Dublin for å skrive ei moderne reiseskildring. Resultatet blei ei lettlest bok med rom for assosiasjonar. Her er nokre snuttar som eg lèt meg sjarmere av:

Her er ikkje sommaren anna enn eit middels vellykka vorspiel til hausten.
...
Dei har taket på deg, og dei elskar det. Irsk diplomati, seier irane sjølve, er å be ein fyr dra til helvete på ein slik måte at han verkeleg ser fram til reisa.
...
Sjølv ikkje suksessen lukkast dei helt med ... Og om ein no skulle vinne rotteracet, er ein framleis ei rotte.

I ei samanlikning med dei irsk-amerikanske korpsa, er ikkje Grytten nådig med evna til å marsjere hjå dei irske korpsa på St Patrick's Day:

Dei irske korpsa ser ut som dei kjem rett frå dusjen, snublar av garde som om dei skal på årsmøtet til Irsk Forbund for Plattføttingar, ser ut som om dei har vore utsett for eit kollektivt tap av ryggrad.
Alle dei irske korpsa signaliserer ein einaste ting: Bare få det overstått, kom igjen, få det overstått, bli ferdig, så vi kan komme oss på nærmaste sjappe og få varmen i oss.

Moro å lese for ein som sjølv har eit spesielt ganglag. Om irane si evne til å drikke, skriv Grytten mellom anna:

Ein er ikkje full så lenge ein maktar å halde seg fast i ein grastust og ikkje sklir av kloden.
...
Du skal ikkje kaste tente sigarettar på golvet i ein irsk pub, for folk på veg ut har brent seg både på hender og i ansiktet.

Jau, det her minner om nord-trøndske oppvekstvilkår.

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no