Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Vår heimlege stil i Operaen?

Her er du no :: www » nn » blogg » 2005 » november

Når vi nå i snart 200 år har drive med nasjonsbygging etter den nasjonalromantiske metoden, er det kanskje på tide at vi også – av og til – tilpassar vår felles europeiske kulturarv våre eigne heimlege stil- og uttrykksformer?

... skreiv Gunnar Stubseid om norsk operahistorie i Aftenposten 31. oktober 2005:

Det var ein fullsett sal som fekk ei stor oppleving under premieren på Rikskonsertane si oppsetting av Tryllefløyta i haust – ein folkeopera på Den Norske Opera. Det var ein bit norsk operahistorie som vart skriven denne fredagen i oktober 2005. Visst har det norske teater- og operapublikumet – rett nok med lange mellomrom – fått møte både folkemusikk og folkedans på norske scenar. Det første møtet med folketonen var truleg i Thrane/Bjerregaard sitt syngespel Fjeldeventyret, urframført i Lyceet i Christiania i 1825. Stykket var sterkt inspirert av – og gjorde kanskje også bruk av – norsk folkemusikk.

Dette at komponistar, musikarar og teaterfolk brukar folketonar, arrangerer dei og let dei framførast av klassiske songarar, er svært vanleg både i vårt land og elles i verda.

Alt skulle vere norsk

Meir uvanleg er det at folkemusikken eller folkedansen blir presentert på scena av folkemusikarane eller folkedansarane sjølve. Eit velkjent døme er frå opninga av Det Norske Theater i Bergen i 1850. Ole Bull ville ikkje ha danske skodespelarar på sitt nye teater, for her skulle alt vere norsk – musikken, språket og sceneartistane. Han fekk også hente inn både spelemenn og folkedansarar frå Hardanger og Sogn som framførde sine tradisjonelle slåttar og dansar på scenen.

Ole Bulls eksperiment med norske folkedansar vart nok helst ein skandaløs episode, og folkedansen kom ikkje att med tyngde på ei profesjonell scene før oppsettinga av Dans ropte fela, eit samarbeidsprosjekt mellom Det Norske Teatret og Festspillene i Bergen. Førestillinga vart første gong vist på Festspillene i Bergen i 1959, og representerte utan tvil noko nytt og spennande.

...

Oppsettinga av Tryllefløyta representerer ei heilt ny tilnærming til stoffet i høve til det ein tidlegare har sett av folkemusikk og folkedans som profesjonelle scenisk kunstuttrykk. Vi veit at nasjonalromantikkens bruk av folkekulturen var prega av avstandsbeundring, og kunstnarar bruka den folkelege kulturen primært som råstoff – som byggjeklossar – for kunstnarleg skaping og inspirasjon. Dei folkeleg uttrykka i musikk og dans skulle tilpassast det klassiske sceniske framføringsuttrykket. Denne "metoden" har ein meir eller mindre bruka heilt fram til vår tid.

...

Som ein del av den folkelege traderingsprosessen har slik etterlikning og herming gitt oss folkelege uttrykk i dans og musikk som har bakgrunn i ulike kulturelle lag og kulturar. Ein har overtatt og omforma kulturstoff frå økonomisk, sosialt og kulturelt "høgare" sjikt i samfunnet til "lågare" sjikt. I periodar har dette synet stått sentralt i folkloristiske forskarmiljø. Klårast har dette kome til uttrykk i den ekstremt antiromantiske retninga i folkeminnevitskapen der ein meinte at all folklore var "gesunkenes Kulturgut" ("sunkent kulturgods").

Heimleg stil

Når vi nå i snart 200 år har drive med nasjonsbygging etter den nasjonalromantiske metoden, der folkekulturen var råmateriale og skulle tilpassast eit vesteuropeisk kunstuttrykk og formmønster, er det kanskje på tide at vi også – av og til – tilpassar vår felles europeiske kulturarv våre eigne heimlege stil- og uttrykksformer? I kulturmeldinga vert det slått fast at

Noreg er åleine om å kunna verne, forvalta og føra vidare den norske folkemusikken og folkedansen. Det er ei viktig oppgåve å syta for at denne kulturressursen er tevlefør i eit moderne, profesjonelt kulturliv.

Skal våre folkemusikk- og dansetradisjonar verte tevlefør i eit moderne, profesjonelt kulturliv, må den sleppe til på våre nasjonale scenar. Skal folkemusikken og folkedansen overleve som eigne uttrykksformer, må stoffet brukast i mange samanhengar og miljø – det er ikkje nok å lage eigne scenar og program for denne musikken og dansen.

Om nokre år får vi ein av dei flottaste operascenar i Europa. Operaen har no i det nyleg framlagde statsbudsjettet fått gode økonomiske vilkår for å stå rusta til å fylle det nye operabygget med eit kulturelt innhald. Dette innhaldet må også vere representativt i høve til våre folkemusikk- og dansetradisjonar. Leif Stinnerbom har synt oss ein av vegane vi kan gå for å få dette til. Det vil gje operaen kulturell breidde og tyngde, og vil nå eit stort publikum. Og så vil det hjelpe til med ei "avmystifisering" av operaen slik Torkil Baden nyleg så treffande uttrykte det i NRKs Kulturnytt.

...

Folkekulturelle uttrykk

Oppsettinga av Tryllefløyta er eit samarbeidsprosjekt mellom Rikskonsertane,* Riksteatret og Västanå Teater, og vert støtta av kulturinstitusjonar på begge sider av Kjølen. Stykket markerer 100-årsjubileet for unionsoppløysinga, og syner på ein glimrande måte korleis våre to land kan samarbeide om eit felles kunstnarleg uttrykk. Med den metoden dette stykket er bygd opp etter, og dei premiss som ligg til grunn for det sceniske kunstnarlege uttrykket, burde dette også markere slutten på den delen av nasjonsbygginga der folkekulturelle uttrykk berre vert bruka som råmateriale for kunstnarleg verksemd. Nå må folkemusikk og folkedans stå som sjølvstendige kunstnarlege sceniske teknikkar og uttrykk, og brukast i ulike uttrykksformer. Mitt spørsmål vert difor: Er norsk kulturliv villig til å ta konsekvensen av dei eintydige positive kritikkane av Tryllefløyta, og vil vår operasjef notere seg responsen og gjere sitt til at folkemusikken og folkedansen får ein rettkomen plass i det framtidige operarepertoaret? I så fall vil dette vere eit steg i rett leid for ei avmystifisering av operaen i Noreg, og samstundes føre til at mange fleire får eit eigarforhold til vår dyraste og flottaste scene.

Les meir ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no