Fjellkommunen Røyrvik ligg i Indre Namdal, lengst nord og aust i Nord-Trøndelag. I nord går grensa til Nordland gjennom Børgefjell Nasjonalpark, og i aust strekk fjellviddene seg over til Sverige. Kjølen går gjennom kommunen; Nokre vatn renn mot Namsen i vest, nokre mot Blåsjön i aust.
Kommunevåpenet for Røyrvik er eit gammalt samisk symbol, det såkalla solkorset, eller solteiknet; eit korset kors som viser til samisk tinnbroderi. Korset har hatt ein sentral plass i sørsamisk mytologi og ornamentikk. Solteiknet – Bjijje på samisk – symboliserer dei fire himmelretningene eller verdenshjørner.
Reindrift, jakt, fiske, fangst og jordbruk har vore viktige næringsvegar i kommunen. Store mineralførekomstar har i tillegg har gjeve stor sysselsettjing. Frå 1972-1998 var Røyrvik ein industrikommune med gruvedrift i Joma og Gjersvik. Etter gruvestopp har det pågått eit omfattande arbeid for å leggje til rette for ny næring. Joma Næringspark, Joma Industriservice, Aqua Joma, Skånaliseter Gårdsysteri og Kollektor er døme på foretak som er komne i gang dei seinare åra.
Det er morosamt å flytte til ei bygd og sjå at folketalet går opp med 0,2%. Det minner meg om at bandet Stranglers blei overraska, ein gong seint på 70-talet, da dei spelte for heile 2% av busetjinga på Island.
Foto: Kari Helene Kristiansen
Over ser du eit bilete frå ein tur til Sassen våren 1997. Fjella er dei same som i bakgrunnen på Deltaneset-sida, ei av sidene med bilete frå Svalbard. Og Røyrvik minner meg på ulike vis om Svalbard. T.d. når eg vassar heim i mørkret med snø til opp på låret, ser eg meg enno omkring etter bjørn. Hovudet veit at det ikkje er mogeleg, men kroppen hugsar godt og har respekt for kvitbjørn.
Innlandsklimaet er sjølvsagt fuktigare enn på Svalbard. Snøen evaporerar heller ikkje, og vatnkraft er mellom dei viktige inntektskjeldene til kommunen i dag. Her oppe finn du òg store område som ser ut urørte ut. Å kome til ein dal kor det ikkje finst anna enn naturleg ljos, er for meg sellsynt og velsigna roleg.
Åge/Limingen :: desember 2004
Neste blogg :: oversyn :: førre blogg
aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508
Denne sida blei sist endra :: 26. November 2008 :: ©
www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no
