Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Haust 2004 – og hundane skvakkar

Her er du no :: www » nn » blogg » 2004 » strandfjord

Høyjord

Høyjord stavkyrkje er den einaste som er att av dei åtte som har vore i Vestfold. Koret er reist sist på 1100-talet i romansk stil. Om lag 100 år seinare blei skipet bygd i gotisk stil. Kyrkja har 12 stavar, ein for kvar av apostlane. Ho har og ein midtstolpe som symboliserar Kristus. I dag har vi berre tri stavkyrkjer med midtstolpe.

Haugagerdis kirkja blei bygd med svalgangar som blei fjerna på 1700-talet. Samstundes blei kyrkja kledt med bord utvendig. I 1848 fekk ho òg panel innvendig, og etter kvart glømde folk at det var ei stavkyrkje. Først midt på 1900-talet fekk ho igjen preg av å vere bygd med stavar.

Haajords Kirke er fascinerande av di ho er så enkel. Du finn korkje arkadar eller noko særleg med ornamentert treskurd, og det kjenst heilt greit ut at ho er lågmælt; Kyrkjerommet blir større på det viset, og ein kjem lett i ei kontemplativ stemning – ein god dåm. Det kyrkja manglar av trearbeid blir voge opp av særs vakker målarkunst. Her kan du sjå originalt gotisk arbeid med klåre fargar og høgmellomaldersk form. Pussig nok er det òg teikna nokre Hansa-koggar på den eine veggen.

No har eg sett tri av dei 28 stavkyrkjene som er att i Noreg!

Skrekk og gru!

Nyleg oppdaga eg at Cappelen hadde omsett Art Spiegelman sin Pulitzer-vinnande teikneserie Maus; eit sjeldant godt verk!

Til mi forfjamsing har Cappelen valt knotete nynorsk som målform i omsettinga. Ein tragedie for både nynorsk som språk og verket til Spiegelman. Men eg kunne godt tenkt meg tilbakemelding på språkbruken frå dei som har nynorsk som hovudmål.

Dei mest høgfrekvente norske orda

Ei undersøkjing fra 1982 viser at dei 150 mest frekvente norske orda gjer 50% av ein vanleg tekst. 62% av alle ord i ei avis er blant dei 500 mest høgfrekvente. Her er ei frekvensliste:

det
og
i
som
er
til
av

for
en
med
har
de
at
å
den
et
ikke
om
fra
men
var
vil
han
seg

Elles var eg innom kvalfangstmuseet i Sandefjord, og blei forundra over å sjå at ein nyfødd isbjørnunge var om lag like stor som enn ein fullvaksen mink.

Kvalfangstmuséet ...

Et par år seinare skulle historikaren Nils Rune Langeland skrive om Dresskoden langs Oslofjorden i Dag og Tid (Fri vekeavis for kultur og politikk) for 16. februar 2007). Mellom anna kunne me lese:

Sandefjord hadde ikkje sleppt taket. Her var dei mørke kjeldene. Det var meir å utforske. For ingen stader i Noreg er vel spenninga mellom overflate og underside meir pirrande enn langs kysten av Vestfold. Men det er krig i djupet. Ingen veit difor heilt kva som brått kan bryte den spegelblanke, silkesvarte havyta. Finansakrobatar som Ole Christian Bach har klatra høgt og falle djupt. Samfunnsstøtter som Jahre har velta med dunder og brak.

Og frå andre sida av fjorden skulle Langeland rapportere:

I tillegg kjem ei mengd prosjekterte nye penthouse-husvære. Også her er altså kultur den magiske tryllestaven som skal opne framtida. Det er som om heile Noreg har losna frå grunnen og lagt ut på eit fantasicruise i terassehusvære, panoramautsikt, veldige konsertsalar og fortausrestaurantar.

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no