Karl Ove Hufthammer gjer gode råd om tilretteleggjing av vevsider, slik at dei blir tilgjengelege for dei fleste. Han har òg gjort eit stort og fint arbeid med å oversetje w3c.org sine spesifikasjonar til nynorsk.
No har eg lagt om sidene mine til ein mjukare og meir elatisk layout. Venteleg kan fleire lese dei, og dei kan visast i flere media. Toler du bokmål finn du mykje tekst om omleggjinga. Les du engelsk, har Jeffrey Zeldman skrivi ein fin artikkel om omleggjing av vevstader på veven til A List Apart.

Ein noko privat tekst:
Tilgjeving
Tilgjeving er sentralt i kristen kultur. Saman med toleranse kan det være nyttige verktøy for å takle ei verd som til tider ser alt anna enn rettferdig ut. Våren blei krydra med anonyme brev og telefonar frå "Skjult nummer" døgret rundt ...
- Kva kan ein gjere for å lære seg å setje pris på dei utfordringane ein får, uansett kor krevjande eller ubehagelege dei er?
- Korleis bli takksam for dei nederlaga ein går på?
- Korleis vende nederlag til noko nyttig og oppbyggeleg?
- Korleis tilgi folk som med liv og lyst (kanskje til og med noko skadefryd) påfører ein liding?
- Kvifor (ikkje) gå til grunne?
- Å sitje med Svarteper er éi av mange offerroller, men eg vet ikkje om ho kler meg ...
- Skal ein vende det andre kinnet til eller nytte evna til å sortere vekk det onde frå minnet?
- Skal ein bli kynisk og følelseskald?
- Er hemn ein interessant reaksjon?
Eg blir litt sensitiv når eg ikkje har ei krone og ikkje har spist på 24 timar. Vatn metter ikkje lenge.
Dementi og erklæring
Einkvar likskap, slåande eller assosiert, i teksten, med nolevande personar og eksisterande institusjoner, er tilfeldig og ikkje intendert.
Såg du ein som vandra ikring med kul på ryggen, seint om kvelden, i mørkret, her i Bø, i vår, var det kanskje meg med ein stor dolk ståande mellom skulderblada ...
Åge/Bø :: Juni-juli 2004
Neste blogg :: oversyn :: førre blogg
aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508
Denne sida blei sist endra :: 27. June 2008 :: ©
www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no
