Ultimo april/primo mai fekk eg eit avbrekk på tre veker frå datamaskinene på skolen. Etter mange og lange dagar føre maskinane på skolen, var livet med eit slag tomt og utan virtuelt innhald.
Eg kompenserte med fjernsyn. Eg plar ikkje sjå på dét. Og etter store doser med tv forstår eg framleis ikkje poenget med mediet – utanom når dei sender filmar, da. Til dømes Tom Tykwers Lola rennt, Babak Payamis Hemmelig valg (Il voto e ségreto), eller Sunset Blvd. i svart/kvitt frå 1950. I Sunset ... snakkar sjølvaste Buster Keaton, Erich von Stroheim er butler og dialogen mellom manusforfattaren og den fallerte stumfilmstjerna går sånn:
Joe Gillis: "You used to be in pictures. You used to be big."
Norma Desmond: " I *am* big. It's the pictures that got small!"
Det er slike magiske augneblink film kan by på. Eg er takknemleg og får lyst til å gå i dress til dagleg.

Temptation Island og Mess-TV er òg interessante fenomen, men det er meir som å gå tilbake til barnetv, tida før hjernen vakna og livet var sosialistisk og enkelt. Men fjernsynsmediet rører ein, det skal det ha. Å sitte og sjå på Eli og Carl I. koseprate med Fridtjof i sola er betenkeleg fascinerande. Manipulasjonen fungerer.
4·4·4
Åge/Bø :: 25. mars 2004
Neste blogg :: oversyn :: førre blogg
aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508
Denne sida blei sist endra :: 26. November 2008 :: ©
www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no