"Det blei lista opp mange grunnar. Talet skulle vel vege opp for det faktum at kvar einskild grunn mangla tyngde." – frå 'Diskrete kulisser' av Odd W. Surén, 2000.
Så mykje tid å bruke på meg sjølv har eg vel ikkje hatt på nokre år. Ei litt merkeleg kjensle av å ha for få forpliktingar.
Vår *kjære* aetat var ikkje spesielt begeistra for at eg gjerne ville bruke tida på å lese fag for å betre kompetansen min. Å krysse av for at du er under utdanning når du registrerer deg som arbeidsledig, er tydelegvis ein dårleg ide.

'Venus frå Urbino' måla av Tizian i 1538, og 'Olympia' av Edouard Manet frå 1866. Begge bileta vekte oppstyr i si tid. Les meir om bileta på vevsidene til radioprogrammet Kunstreisa!

Det kan og vere god grunn til å sjå litt på omgrepet odalisk i samanheng med bileta på denne sida. I wikipedia kan me mellom anna lese:
In Western culture odalisques became common 19th century fantasy figures in the artistic movement known as Orientalism; they feature in many erotic paintings from that era.
Åge/Bø :: 25. februar 2004
Neste blogg :: oversyn :: førre blogg
aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508
Denne sida blei sist endra :: 05. April 2008 :: ©
www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no
