Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Hårr e' du? Jau, Bø i Telemark ...

Her er du no :: www » nn » blogg » 2004 » februar

* Berre pynt

Midt i februar ligg Bø i påskedrakt. Etter fire vintrar på kysten er det godt å sjå att rein kvit snø og å puste inn frisk luft – ekte tørr og kald vinter. Og jau, raudfargen i naturen her i Telemark er spesiell – Lifjell raudnar i morgonsol – og blåfargane er nesten like klåre som på Svalbard. Når nymånen stig opp kan ein sjå heile måneskiva, og stjernene er tindrande klåre og ljossterke. Like vakkert er det når kald og fuktig luft har vore på ferde og lauvtrea kjem ut or skodda i kvit skrud, som om nokon har dryssa melis over dei ...

Å vende tilbake til Bø (etter ein kort og grå vinter på Sørvestlandet) var litt som å flytte hit hausten 1998. Etter tre og eit halvt år på Svalbard budde eg i Oslo seks månader før eg kom til Bø, altså frå villmark til by og ut på landet igjen. Denne gongen blei ruta Grimstad, Skedsmokrossen/Stavanger og Bø. (Austegd vert kanskje ikkje så glade for at eg samanliknar Grimstad med ei villmark, men graden av sivilisert og rasjonell atferd kunne til tider vere rett låg der nere, du.) Uansett er det godt å sleppe unna forureining, urbant ljos døgret rundt og konstant larm, "byen si orkestergrav" som nokre poetar kanskje ville seie.

* Eg sakna blåfargane, det blei veldig grått der borte i vesterveg

Litteratur

Ein kveld oppdaga eg kva som skjedde med Nora hjå Ibsen etter at ho var blitt kriminalisert og hadde forlate Thorvald i dukkeheimen. Hvis du ikkje vil vete det, hopp over neste avsnitt!

Ho budde i eit kvinnekollektiv på Grønløkka nokre dagar, mellom tjuvar, prostituerte og tenestepiker, med tilhøyrande kollisjonar mellom kvinner frå ulike samfunnslag og Nora som møter seg sjølv i dynni.

I Grømstad var det jo bra fokus på Ibsen, og eg fekk sett nokre oppsetjingar der nede. Men ofte satt eg att med kjensla av at det var noko uforløyst og holt i verka til Ibsen. (Dei minner meg litt om amerikansk film: Kva skjer eigentleg etter at saka er blitt løyst, anten ved at filmhelten har øydelagt alt som er verdifullt eller ved at Nora har gått ut or dynni?) Det kan godt vere at det er lag og djupn eg ikkje forstår;* Kvinneperspektivet og stands- og klasseforskjellane til Ibsen er lettfattelege, men eg har problem med å identifisere meg med borgarleg emansipasjon anno 1873 (òg bruken av sosialdarwinistiske løysinger i amerikansk film). At tekstane til gamle Ibsen framleis er aktuelle, kan jo vere ein ganske så skremmande tanke ...

Vel, vel, historia om Nora finn du i novella Dei siste dagar i Kina, skrivi av Torolf Elster i 1992.

[ til toppen ]

Å bøte garn, verdensveven ...    * Berre pynt

Sidene om Hard Rock Kafé og Uffa er omsider oppdaterte. For deg som ikkje har vore innom på ei stund, er det komen ei side om The Major Chord og tri om Pains og Reidar Radar's Kano.

Vevstaden består av 422 sider, 30,4Mb og om lag 1050 filer alt i alt. Kontroll av statistikken for i fjor viser høgare trafikk til vevstaden enn det eg har visst om. Antall besøk er tredobla i løpet av dei siste seks månadane, og talet på viste sider er femdobla i løpet av same periode. Frå november av peikar kurvene rakt til værs. Men fenomen som at trafikken frå Nederland nokre dagar er langt høgare enn frå Noreg, kan eg ikkje forklare.

Kva for faktorar trur du at aukinga i trafikken skyldast?

  • SPAN LANG-tagger på alle "framandord" i dei ulike språka?
  • Innføring av cookies?
  • Standardisering til meta http-equiv i staden for meta name (reinare kode)?
  • Innføring av meta-taggane geo.placename, geo.position og geo.region? (Er dei gyldige berre for XML-koda sider, eller virker dei òg for HTML-sider?)
  • Ein kombinasjon av tydelegare tekster og betre struktur (klårare innhald)?

Fins det ei grense eller ein terskel som utløyser eksponentiell auke i trafikken, tersklar for antall treff og viste sider? I så fall passerte talet på

  • besøk frå vevedderkoppar og søkemotorar 1.500 i november 2003,
  • unikt identifiserte besøkjarar, non-repeat vistors, 1.300 i desember, meir enn ei dobling på ein månad
  • viste sider 26.600 i desember, og talet på
  • faste besøkjarar, repeat visitors, 11.500 i januar 2004, nok ei dobling.

Mengda med månadleg nedlasta material har auka jamt og trutt, og passerte for første gong 0,5Gb etter årsskiftet (med heile 1,73Gb i januar). Lurer forresten på korleis ein lagar RSS ...

Hydrogenbomba Castle Bravo :: 1954, Bikiniøyane :: Lenkje til ein kronologisk presentasjon av atomeksplosjonar

"Lykka og det absurde har same opphav." – Albert Camus

Les meir!

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no