Jula er ikkje berre tid for utagerande glede, men òg ei tid til ettertanke og oppsummering.
Kva har eg gjort? Eg gjekk for Folkenjobben, og eg sa nei til ei sikker og solid inntekt på Søre-Bømlo til fordel for eit krevjande åremål i Stavanger. Ikkje minst vil dei mellommenneskelege og diplomatiske evnene mine bli sett på prøve. OK, begge jobbane ville bli krevjande, men Folken krev heile meg, og eg finn heilskap tiltrekkjande.
Kvifor eg valde Folken:
Bømlo har tekniske og logistiske oppgåver som absolutt er utfordrande, og ikkje minst ei unik finansiering som sannsynlegvis vil skape mykje blest om huset når det blir ordentleg kjent.
Men i jobben ved Langevåg Bygdetun trur eg det låg ei salsrolle som ville ha kravd større tolmod enn kva eg har. Og kanskje ville eg ville ha sakna ein diskusjonsvilje og ei frittalande haldning à la Habermas' ideal: det logiske og rasjonelle (merkantile) basert på eit tydeleg humanistisk verdigrunnlag. Og med humant så meiner eg omtanke og vern.
(Litt naivitet og sentimentalitet må lesaren tole no i jula. Derfor er det òg godt å ha eit prestekontor på den tungrockprega scena Folken. Enda eit tiltrekkjande paradoks!)

Kjende vil kanskje forstå at eg er tilbake i ei gammal trondheimsk og førsvalbardsk rolle, kor eg står midt i turbulensen. Sidan eg begynte her på Folken har vi hatt desse banda inne:
- Dum Dum Boys, 31.10.03
- Tom McRae, 01.11.03
- Therapy?, 03.11.03
- Briskeby, 05.11.03
- We og Pawnshop, 08.11.03
- Bandet Vamp spelte dobbelkonsert for dei tilsette ved Statoil, 12.11.03 (lukka førestelling)
- Turboneger, 14.11.03
- Forlorn, Draconian og Desspo, 15.11.03
- Kaptein Kabelsatan på StudentKro, 20.11.03
- Amulet og Equicez, 21.11.03
- Showcase for Drammen Lyd, 24.11.03
- Entombed, Imprint (sjå HeavyMetal.no) og No Place To Hide, 26.11.03
- Madrugada, 28.11.03
- Firehouse, a Tribute to Kiss, 05.12.03
- Rex Rudi,11.12.03
- Valentourettes, 13.12.03
- Penthouse Playboys med Kari Bremnes (og ei sjelfylt gjesting av Thomas Dybdahl), 18.12.03
- CCAP skipa til Den store førjulskonserten, med lokale krefter som Helldorado, Mayflies, Lint og DJ Alex, 20.12.03
- Stavangerbandet Popface, 28.12.03
Det store prosjektet i 2004 blir ein stadionkonsert med Elton John i samarbeid med Gunnar Eide Concerts 3. juni. Ticnet.no selde ut 12.000 billettar på 1½ time!
Åge/Stavanger 20-31. desember 2003
Neste blogg :: oversyn :: førre blogg
aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508
Denne sida blei sist endra :: 03. April 2008 :: ©
www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no