Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

November 2003

Her er du no :: www » nn » blogg » 2003 » v i i

Det blei to korte og hektiske månader på Austlandet denne gongen, men eg fekk da sett noko flott kunst. Matthew Barney sin The Cremaster CycleAstrup Fearnley imponerte sjølvsagt. Men Cremaster utløyste somme av dei same kjenslene som filmen Terminator 3: Det går over alle støvelskaft og opplevast som eit patetisk brøl – og bodskapen blir kanskje noko i retning av Tilværelsens uutholdelige letthet? Likevel, kostbar estetisering i stor skala fascinerer meg.

Framleis er eg mest fascinert av attenhundretalsmåleriet. Både den naturtru objektiviteten i romantikken og nyromantiske personlege fortolkingar og naturskildringar tiltaler meg. No i haust har Nasjonalgalleriet i Oslo ei flott mønstring med Tidemand og Gude, kalla "Der aander en tindrende Sommerluft ...," med innlån og perler frå magasina. Ei rekkje velkjende bilete er å sjå, mellom anna Brudeferda i Hardanger, både i 1848- og 1853-versjonar. Fleire av dei personlege favorittane mine heng der, til dømes Årestue på Sogneskar i Valle (1848), Etter Vielsen (1870) og Kone ved Vevstol, Gulsvik (1874). Adolph Tidemand malte fleire ikon-bilete aleine òg, til dømes:

  • Den yngste son sin avskjed (1847)
  • Haugianarane (både 1848 og 1852)
  • Dei einsame gamle (Husandakt) (1849 og 1859)
  • Velgjerd (1852-53)
  • Bjørnejegeren si heimkomme (1862)
  • Bestemor si brudekrone (1865)

Det er noko Brüder Grimmsk over motiva. Men eg kan ikkje slå fast at det var tilsikta den gong da, eller om det er den felles internaliserte nasjonalarven vi ber på etter 150 år med manifestering av "norske" kvalitetar; desse konstrukta frå attenhundretalet ...

* Biletet er frå Eid i Nordfjord

Foto © Eirik Holmøyvik!

Luguber ...

SVG, Stavanger, turbulens

Kva skal ein seie? Anna at ein nyleg var overvelda og noko desorientert?

Etter at eg i 1997 omsider fann ut kva eg ville jobbe med er eg plutseleg i ein jobb eg har drøymt om i seks år. Som dagleg leiar for Studentersamfunnet i Stavanger, Folken får eg brukte store delar av kompetansen min. Arrangementserfaringa er naturlegvis god å ha i botnen, den administrative utdanninga frå Bø er særs relevant, og tenking rundt tryggleik og teknisk forståing er vesentleg. Men eg bookar ikkje, og freistar å ikkje blande meg for mykje opp i tekniske forhold eller kafédrifta. Eg skal sørgje for at intensjonane til styret blir ivareteke og realiserte i organisasjonen. Mykje arbeid med tal no til å begynne med, flotte medarbeidarar, mykje energi og frivillig arbeid – ganske så perfekt, eg gliser frå øyre til øyre, frå morgon til kveld.

[ til toppen ]

Eg fekk to jobbtilbod på kjappen, begge som dagleg leiar for kulturhus i Sørvest-Noreg, og valde sjølvsagt det minst lønsame tilbodet. Langevåg bygdetun ville òg ha meg, og baud langt høgare lønn enn Folken.

Prosjektet i Langevåg i Sunn-Hordaland er spesielt. I ei lita grend på Søre-Bømlo realiserer lokale krefter eit kulturbygg til 50-60 millionar kroner, og det meste blir finansiert lokalt. Berre det å følgje ein slik byggjeprosess er jo draumen til nesten einkvar middelaldrande mann. Men utfordringa ligg i å skape frodig aktivitet i bygget, kanskje for å motverke sentralisering og avfolking, og å realisere ein visjon tenkt ut av ein lokal gründar. Eit kjempeflott prosjekt som no treng ny leiar; eit privilegium som berre kan anbefalast!

Likevel valde eg eit ikkje spesielt lukrativt åremål ved Folken i Stavanger. Kvifor? For meg er det å jobbe med innsatsen til 3-400 frivillige openbert eit ekko frå åra med idealistisk arbeid i Trondheim på åttitalet, og Folken-engasjementet passar inn i planane vidare. Er eg komen heim, tru?

Folken blir rekna som ei spennande scene for rock, somme seier at ho er den nest beste scena i landet for rytmisk musikk, etter Rockefeller. Administrasjonen er på under fire årsverk, i tillegg har vi to sivilarbeidarar og ein drøss med hyggelege og ein smule rocka folk i mindre stillingsprosentar.

Portrett i Stavanger Aftenblad :: Eg veit ikkje kor kledeleg beskjeden eg er i dette portrettintervjuet

Foto © Jon Ingemundsen

Dei første dagane av november var eg vel noko forvirra. Ikkje før hadde eg lært meg korleis Skedsmo kommune var organisert og distrikta hang saman, før eg i hui og hast flytta til Stavanger for å overta styringa midt i svingen. Eg blei litt sånn jet-lagged in Norway, og visste ikkje heilt om eg var i Oslo, Kristiansand eller enno på Skedsmokorset. Men no er eg midt i Stavanger-kulturen!

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no