Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Oktoberside, 2003

Her er du no :: www » nn » blogg » 2003 » Skedsmokrossen

Eg flytta til Skedsmokorset nordaust for Oslo. Annekset eg bur i ligg landleg til med utsikt mot Gjelleråsen og Nittedal – Tryvann ligg i sørvest.

Vegar

Skedsmokrossen er eit bakkete, gammalt kulturlandskap med mange storgardar. I dag er Krossen gjennomskoren av vegar på kryss og tvers. Store, nye bustadfelt legg beslag på tidlegare utmark, medan kjøpesentra og servicebygg er lagde til follrik dyrkajord. E6 skjer gjennom kommunen som ein seksfelts livsnerve nordover. Eg har kjørt honom mange gonger, men har vel ikkje reflektert over kor godt lyden ber det opne i landskapet.

* Eit søtt lite andehovud

Luftvegar, øh ...

Nede på Kjeller blir F-16 jetjagarar vedlikehaldne. Ein laurdag eg stod ute på tunet steig ein av stålfuglane ned frå himmelen. Han sirkla over dalføret og dala sakte nedover. Det tok kanskje 20 minuttar før den var klar til å lande på sletta nede ved Nitelva. Lydbiletet brast kvar gong den gjorde ein runde i retning vekk frå åsen der eg bur. Nokre dagar seinare var det to jagarar som sirkla over dalen, og støyen var drygare enn på dei rockekonsertane eg har vore på. Uvant.

Men det minte meg om ei sær oppleving eg hadde nord for Hamburg ein gong. Eg hadde vore med kunstrockbandet Tremulators ned til Osnabrück for å gjere ein miksejobb. I bilen på veg nordover høyrde vi på kassettar med fersk pop på full guffe; Vi var slitne og langt inne i musikken. Plutseleg var det som om lydbiletet rivna: Frå høgre kom det eit infernalsk bråk som nokre sekundar seinare var forsvunne ut i venstre kanal. Først etter at fenomenet hadde gjenteke seg eit par gonger forstod vi at det måtte vere Luftwaffe som øvde lågtflyging sør for grensa til Danmark.

Eg bur i innflygingstraséen til Gardermoen frå sør. Kvar gong eit fly kjem inn for landing merker eg at eg ikkje er ferdig korkje med flykrasjet i Operafjellet like ved Longyearbyen i september 1996, eller med det politiske og emosjonelle sjokket som 9/11 var.

Men det går greitt å fly. Berre den siste månaden har eg vore både i Tromsø, Stavanger og Haugesund på jobbintervju. Landet vårt er vakkert, òg sett frå ovan, med klårver er det som å sjå på kart ...

Kommunen lever opp til slagordet: Skedsmo, møtestaden på Romerike. Eit merkeleg vegkryss, men ein sjeldan gong er det da heldigvis stille her oppe i Brånåsen.

[ til toppen ]

Oslo ligg 50 minuttar med ekspressbuss unna. Der har eg prøvd å bu eit par gonger tidlegare, men eg får ikkje heilt tak i sjela til byen. Det bur massevis av bra folk der, og eg treffer av og til kjende på caféane der inne, men det er ikkje ein stad eg vil bu i.

Strøtankar om skyer

Kjende har vel fått med seg at eg har vore fascinert av nasjonalromantisk og nyromantisk måleri dei siste åra. Og like lenge har eg spekulert på skyene i motiva. Ein del av skyformasjonane har eg knapt sett i røyndommen tidlegare, medan andre kan eg kjenne igjen frå til dømes himmelen over Midt-Telemark. Her på Romerike har eg fått sett skyformasjonar og solnedgangar som er velkjende i seint attenhundretalsmåleri, som hos Fleskum-målarane.

Og så har vi jo dei omdiskuterte skyene til Hertervig. (Eit herja eller sjukt sinn kan jo lese røyndommen annleis enn ålmenta.) Men spørsmålet mitt er: Høyrer skyene heime i landskapa som blir skildra på bileta, eller er det fritt samanstilte eller tolka naturelement? (I målarstykket Ei bondejordfesting til Erik Werenskiold, frå 1885, ser vi jo folkedrakter frå Vågå i Oppland, medan landskapet er henta frå Nes i Sauherad, nedanfor Bø i Telemark.) Jan Egil ute på Færøyane kommenterer tankane slik:

Ein annan strøtanke: Eg har ei Turner-bok, der regnbogen speglar seg i vatnet. Og eg synest ikkje det ser riktig ut. Vanlegvis gjer den [regnbogen] ikkje det, fordi regndråpene gjer vasspegelen matt.
Men dersom vatnet var blikstille, ville regnbogen ha eit spegelbilete på same måte som om den var eit fysisk objekt? Akademikar som eg er, har eg prøvd å finne ut av det med blyant og linjal, men eg er for dum.
Regnbogar har vi godt om her ute, spegelblankt hav er det verre med ...

Oppdatering på gamle venner: Klø berre fortset, han!

* Releaseplakat :: Klø arrangerer :: Lenkje til vevstaden hans

The 31st of October from 15.00 o'clock

Reception with free beer and tasty semi-acoustic chunks from the debut album "Eerie Stories" at

ROUTE 66
Fælledvej 3, Nørrebro
Copenhagen

Later we go to the big party, look out below ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no