Ei hyggeleg helg i Stavanger
Midt i september vitja eg Torbjørn i Stavanger. Og for andre gong fekk eg besøkt Rogaland Kunstmuseum ved Mosvatnet. Muséet har eit fint utval bilete av Reidar Auli (1904-77) og Erling Enger (1899-1990). No fekk eg òg sett litt på bileta av Harald Dal (1901-81). Han har nokre naturmotiv frå Nesodden måla seint på trettitalet og under krigen. Motiva er lett abstraherte, så det kan jo vere stil- og formeksperiment.
For skolane hadde dei ei flott formidlingsutstilling kalla "Ljos og skugge." Muséet brukte eigne måleri for å eksemplifisere bruken av ljos og skugge gjennom mellomalderen, romantikken, nyromantikken og opp til i dag. Flotte døme til semainaret om ljos, som eg var på i januar.
Og for første gong fekk eg sett Stavanger Kunstforening. Bygget er i nyklassisk stil og signert arkitekt Erik Erga. Byantikvaren har kalla bygget for ein av dei mest framståande monumentale bygningane i Stavanger. Der viste dei viste dei ei utstilling med fotografi av Dag Thorenfeldt, og motivet var "den akterutsegla marinemålaren" Ivan Storm Juliussen i Jær-landskapet.
Byen viste seg å vere full av hyggelege folk, og klimaet verka mildt og sørlandsk.

Eit par menn har halde meg vaken om nettene dei siste to åra! Henning Mankell skriv forførande bra, og Gert Nygårdshaug skriv alt for godt til at eg får sove. (Sjekk òg oram.com for litt elektronisk hitchhiking!)
[ til toppen ]
Nettverk
Åra i Grimstad har styrkt kontaktane inn i filmmiljøet. Nyleg var eg ein svipptur innom Haugesund og hadde to timar ledig. Der bur jo Fredrik – som jobbar med pyro og ljos på Kortfilmfestivalen – tenkte eg, og ringte han. Jaggu tok han ikkje bilen og gav meg ei to timar lang sightseeing og kjørte meg ut på flyplassen etterpå. Flott fyr, flott by!
Eg er van med at teglsteinsbygningar er grå av eksos og anna urban forureining, men i Haugesund såg eg ei kyrkje som var nyvaska – av regn sa den underfundige haugalendingen Fredrik. Kor som er, teglsteinen hadde ein fin gyllen glød i kveldsljoset. Kan bli religiøs av mindre, veit du ...
Åge/Skedsmokrossen :: 23. september 2003
Neste blogg :: oversyn :: førre blogg
aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508
Denne sida blei sist endra :: 03. April 2008 :: ©
www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no
