Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Seinsommar og flytting

Her er du no :: www » nn » blogg » 2003 » [sky-net_core:/Sobig.F]

Nyhende i august 2003

Førebuing til Great Garlic Girls si opning av Nytelsesfestivalen –etterfølgd av Grimstad TenSing og deira avslutning av sommerturnéen i Europa, blir dei siste jobbane eg gjer her sørafor. No flytter eg til Austlandet.

* Banen til planetane rundt sola :: Berre ein illustrasjon av at haustmørket gjer ein klår og fin himmelvelving

Trøndelag

Eg skal ein liten tur opp til Trondheim no, og eg tenkte at ein liten refleksjon frå ein kjenning kunne passe bra:

... vi flytta og [guten] begynner på Steinskolen no. Men to barn held. Vi har det elles fint, sjølv om all tid synest disponert i overskodeleg framtid. Bur i tomannsbustad på vestkanten og har nett hatt to arbeidssomme, men tagale polakkar til å pusse opp kjellaren slik at barna kan sendast ned dit når det blir for brutalt. [Barna] kranglar så busta fyk, men elskar kvarandre sjølvsagt, sikkert, djupast inne.
[Kona mi] jobbar i staten, med eit prosjekt som går på gjenbruk. Jobben hennar er nett blitt desentralisert til – hald deg fast – Trondheim, men ho har fått fjernarbeidsplass i Oslo inntil vidare. Det freistar nok ingen av oss spesielt å flytte dit. Eg var i Trondheim i desember [2002] i samanheng med eit prosjekt, det var sikkert 4-5 år sidan sist. Det slo meg at alle husa låg veldig langt frå kvarandre, hadde litt sånn Lofoten-kjensle, om du skjønner kva eg meiner. (Det blei Lofoten på meg fordi eg aldri har vore på Svalbard.)
Sist eg var i Arendal, hadde eg kaffi i ein kombi kaffibar og platebutikk på Langbryggen. Det var ganske OK, men sjølvsagt litt smått og klaustrofobisk for ein utflytta arendalitt. På slike stader kjem ein litt for nært inn på alle dei ein har ei vag kjensle av å kjenne og kanskje burde helse på og utveksle nokre frasar med. Eg får litt noia i Arendal, sjølv om det har blitt mye betre med åra. Eg har inkje i mot småbyar, men kunne aldri budd i Arendal. Da heller Grimstad, eller helst Flekkefjord eller Haugesund eller Florø eller Molde. Ikkje Trondheim heller, dersom du skjønner kva eg meiner ...
Men vi trivst i Oslo og ser ingen grunn til å flytte. Jobben min liker eg, driv eit lite produksjonsselskap [...] og vi har mange prosjekt om obskure emne eg aldri ville visst ein døyt om elles. Det opplevast som eksklusivt.
Elles var det Sweet Charm eg drakk meg full på første gong. Ei skremmande hending. Dessutan synest eg Fuhrs fabrikk bør bevarast, sjølv om det ikkje er mogeleg å få til full takhøgde. [Med referanse til ein lokal debatt i Grimstad vinteren 2002-03.]
[Og] elles synest eg Nytelsesfestivalen hørest klam og kvalmande ut, men avslører sjølvsagt her alle fordommane mine om Grimstad og Arendal og andre småborgarlegdominerte samfunn og deira form for bevissthetsutviding.

* Kva skal eg bruke denne color bar-en til, tro? Eg liker han

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no