Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Nyhende i mai, juni og juli

Her er du no :: www » nn » blogg » 2003 » sommar

No har eg sagt opp jobben ved Grimstad Kulturhus. Ei lita oppsummering så er det nye utfordringar! Under eit jobbintervju i mai fekk eg forresten eit overraskande tilbod om å ta ein psykologisk test. Så no har eg fått meg ein profilanalyse, for alt dén er verdt!

Den 26. Kortfilmfestivalen, 2003

Årets festival gjekk som i fjor. Tull med nyinstallert digital lyd i Pan gjorde at vi ikkje kom heilskinna frå festivalen. Vi prøvde det meste for å få det i gang – med kontaktar til dei fremste i Europa på feltet – men problemet lèt seg ikkje løyse og Ioan Allen frå Dolby sa: "You guys in Grimstad are breaking new ground here, again!"

Hyggelegare var det at Torbjørn Skårild vann Gullstolen med filmen "alt i alt." Fyren har laga to filmar på ti år og vunne dei to gjevaste norske kortfilmprisane. Førre gong fekk filmen "alt som ingenting" Terje Vigen-prisen.

Studiar

Biletet 'Nymphs and Satyr' av Adolphe-William Bouguereau, 1873 :: Tekst om biletet finn du ved å klikke på det!

Låg progresjon i utdanninga, men den beste karakteren min så langt i livet, i faget Kunst- og idehistorie (to små vekttal).

Litteratur, film og anna skodespel

Midt i mai blei eg imponert over Michael Moore. Boka "Stupid White Men" er noko av det frekkaste eg har lese på lenge. Men filmen Bowling for Columbine blei litt gammaldags og for enkel og sosialrealistisk i retorikken, litt sånn gerhardsensk synest eg.

Forsøk å heller få sett "Hero" av Zhang Yimou! Både actionscenane og forteljinga slår Matrix II langt ned i støvlane. I stil og biletkomposisjon minner Hero meg om dei episke verka til Kurosawa. Yimou bruker sterke fargar og baker inn spektakulære forandringar i naturen – han er tydeleg, men ikkje overpoengtert. I tillegg gjer Maggie Cheun og Ziyi Zhang det lett å like kinesisk skodespelarkunst.

Apropos forandringar i naturen: I filmen Svidd neger skiftar òg årstidene uventa, men likevel på eit tilforlateleg vis – noko som aukar tempoet i forteljinga. Eg tilrår honom, men noko nakenskap må du nok rekne med. (I kva for filmar har du tidlegare sett den marinesoldaten, Isaka Sawadogo, som dukkar opp på slutten tru?)

[ til toppen ]

Det finst òg meir alvorlege, politiske spel.

Det er pause i krigsskodespela i Golfen. No i juli er vi inne i ein periode med analysar av opptrappinga til invasjonen i Irak i vår. Måndag 7.7. fann eg ein interessant artikkel på side 7 i Aftenposten. Geir Lundestad, direktør for Nobelinstituttet, kommenterte Robert Kagans bok Of Paradise and Power, America and Europe in the New World Order.

Ei utsegn i boka er omtrent som følgjer: "USA høyrer til på planeten til krigsguden Mars, mens Europa høyrer til på Venus, hos guden for venleik og kjærleik." Lundestad fortset:

"USA er den langt sterkaste miltærmakta i verda. Sidan landet har slike middel til disposisjon, analyserer det ofte internasjonal politikk i militære termar. Det nøler ikkje med å bruke militær makt om det er nødvendig. Som Kagan skriv, har du ein hammar i handa oppdagar du fort spikar du kan slå inn. Ser du ein bjørn utanfor hytta, grip du fort til geværet. Sidan EU har langt færre og svakare militære middel til disposisjon, nøler unionen med å beskrive problemet som militært. Det blir fort økonomisk og politisk. Har du ikkje nokon hammar, framhever du ikkje kva for problem spikrane er. Har du berre ein kniv å slåst mot bjørnen med, begynner du fort å lure på om du ikkje eigentleg kan leve med problemet. Ein kunne leggje til at er du eit verkeleg lite land, utan korkje gevær eller kniv, utviklar du fort synspunkt om verdien av at menneske og bjørn kan leve fredeleg saman."

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no