Hurtiglenkjer til innhald, navigasjon, søkjeboksen eller prøv ein annan layout

Nytt i mars, april og mai 2003

Her er du no :: www » nn » blogg » 2003 » vår

To små kurs sidan sist.

Midt i mars skipa Kommunal Landspensjonskasse og Falken til eit kurs for oss som tek vare på bygningane i Grimstad kommune. Tema var verdi- og brannsikring, vatnskadar og innbrott. Mange interessante detaljar å ta med seg til førebyggjande arbeid og generell sikring.

Like etter var eg på eit kurs over to dagar i regi av Knutsen Kinotekniske, KKT, i Drammen. I lag med praksis og grunnopplæringa er besøk hos KKT ei god plattform for kinomaskinistar. Forelesarane gjekk i djupna på tekniske forhold som verkar inn på lyd og bilete. Dei presenterte oppdatert informasjon om nye løysingar, la vekt på førebyggjande vedlikehald og skapte ei god ramme for kontakt mellom teknikarar og maskinistar, dei som har det praktiske ansvaret for filmframvisingar.

Nokre-og-tretti maskinistar frå Hammerfest i nord, Fredrikstad i søraust og Stord i vest. Om kvelden heldt marknadsdirektøren i Aass bryggeri eit foredrag om ølkultur og brygging i Gildehallen. Tilhørande smaksprøvar blei etterfølgde av ein betre middag på hotellet og hyggelege møte med kollegaer utover i seine nattetimar. Dag to var oppmøtet noko lågare, men igjen fekk vi gode foredrag.

Kinoton hadde sendt opp ein mann frå Tyskland for å fortelje om maskinane deira. Representanten til XL-Audio snakka om høgtalarar og forsterkarar, overraskande nok utan å selje merka sine hardt; Dét var ei positiv oppleving, og vi fekk nokre fine diskusjonar omkring plassering, kabling og resonans. Kurset blei avslutta med eit stort måltid på nybygde KinoCity, med påfølgjande omvisning i gode kinosalar og eit stort, flott maskinrom, demonstrasjon av moderne programmeringssystem og andre forhold som tekne rett ut av ein kinomaskinist sine våte draumar.

Arbeidsdagen min elles er beskrive på tidlegare aktueltsider. (Vil du vite meir om kinoteknikk så kan du jo sjå vevsidene til Espen Braathen. Han skriv enkelt og greit om komplekse forhold.)

* Badepiker :: Lenkje til vevsidene til Kortfilmfestivalen

Snart er det sommar og Kortfilmfestival!

Kunst

I det siste har eg ikkje vore på så mange galleri og utstillingar. Men eit kjapt besøk i Stavanger gav meg høve til å sjå meg om i Rogaland Kunstmuseum for første gong. Muséet har over 70 verk av Lars Hertervig. Om lag 15 måleri hang oppe, og eg hadde sett berre tre av dei tidlegare. Verka er typiske for seint attenhundretal, men det er ofte noko skjært og uverkeleg over måleria hans.

Hovudutstillinga var GRAS – politikk & pop. Alle originalane i GRAS-mappa frå 1971 var samla, og nokre av dei mest kjende kunstnarane var representerte med fleire verk. Å sjå at dei villfarne raude er blitt stuereine og blir stilte ut i tunge, etablerte institusjonar er eg enno ikkje fortruleg med. Politisk sett blir det litt lettare når eg ser på verka som reine uttrykk og freistar å forstå kva innverknad dei har hatt på estetikken i norsk kunst.

[ til toppen ]

I dei faste samlingane hang eit rikt utval av måleri av folk som var verksame rundt midten av førre hundreår, den såkalla mellomkrigsgenerasjonen. Reidar Aulie er blitt ein av favorittane mine dei seinare åra. Men like spennande er verk av Thorbjørn Lie-Jørgensen og Erling Enger, som begge er nye for meg. Valet deira av motiv var litt i same gata som heste- og jordbruksbileta til Edvard Munch frå starten av hundreåret. Stavanger var elles prega av statuane til Antony Gormley, Broken Column – 23 like, rustraude figur spreidde utover i byen. Til dømes støtte vi på ein i ein oppgang frå eit parkeringshus under Sølvberget.

I Christianssands Kunstforening kom eg over nokre fine svalbardbilete måla av Lillen Dahll Vogt etter eit opphald i kunstnarhytta i Ny-Ålesund på åttitalet. Ho hadde verkeleg fått tak i dei spesielle og vare fargane i naturen der oppe, og eg begynte å lengte tilbake igjen.

Meir ...

Neste blogg :: oversyn :: førre blogg

aage no :: e-post :: XHTML :: CSS :: WAI A/508

Denne sida blei sist endra :: 14. April 2014 :: ©

Til toppen

www.aage.no 2000 © 2008 www.rolle.no